Kva tilbyr me?
Stord folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på øya Stord, sentralt midt mellom Bergen og Stavanger. Skulen har ni spennande og varierte linjer.
Mange artige valfag, nyoppussa bygg og ein toppmotivert stab står klar for å ta imot deg som elev ved skulen.
- Frilynt skule med 125 elevplassar og 9 linjer
Kvifor velje Stord?
- Her kan du følge interessene dine, og bli kjent med andre med sine interesser
- Personleg utvilkling i eit støttande skulemiljø
- Ha valfag som du er nysgjerrig på!
- Eit aktivt sentrum, med mange spennande fritidstilbod samtidig som…
- …du får utruleg kort veg til fjorden, fjellet, øyhopping og skog og mark. Med tilgang på alt mogeleg utstyr
- Fordi du vil ha vener for livet, og oppleve mykje nytt i godt sosialt fellesskap
- Du vil lære om korleis du får ting til å skje i samfunnet, festivalar, bedrifter, klubbar eller anna
På Stord folkehøgskule samlar me ulike mennesker med ulike interesser under samme tak. Her treff du likesinna som vel same linje som deg, og mange andre på dei andre linjene. Me fyller på med spennande valfag med alt frå sport, kreative fag til dykking og escape room.
Stord folkehøgskule trur på det beste i folk, vårt mangfold og fellesskap gjer oss sterkare.
Dette står me for – verdiane våre
Vårt mål er å inspirera og førebu deg på til å sjå deg sjølv som aktør og hovudperson i eige liv, og som aktiv deltakar i samfunnet.
- Me er ein frilynt skule, som betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldninger eller økonomi
- Personleg utvikling i trygge sosiale fellesskap
- Forskjellige folk er herlege folk
- Prøving og feiling er gøy, spesielt saman med andre
- Gjennom å prøve nye ting, finn me det me brenn for
- Alle kan gjere verden til ein betre stad, har lyst å vere med i fellesskap, og har gode idear å koma med
- Venskap er noko av det finaste på jord. Det viktigaste me gjer er å skape venskap for livet
- Vår klode er vårt ansvar. Me vil ta vare på oss sjølv, og det rundt oss.