Ledig skuleplass 2025-26!
Du finn roen, kjenner samhaldet, senker pulsen - du opplever alt det naturen har å by på.
Balanse er for deg som vil lære korleis tankesett, fysisk aktivitet, mat og velvære spelar inn på helsa.
Fysisk aktivitet skal vere variert og kjekt, og hos oss får du prøve deg på padling, SUP, klatring, enkle fjellturar, styrketrening og yoga. Du lærer avspenningsteknikkar, å lage sunn og næringsrik mat, og om korleis mat er direkte knytt til både fysisk og psykisk helse.
Avspenning og velvære er viktig for ei god helse. Du vil blant anna lære om og oppleve:
- Yoga
- Avspenningsteknikkar
- Tanketriks
- Massasje
- Lage sunn og næringsrik mat
- Nydelege fjellturar som gir sjelero
- Lære å lage bål og å tilberede mat ute
- Overnatting i telt/hengekøye
I vinter reiser me på ein lengre linjetur til Vietnam der me skal lære om ein heilt ny kultur, slappe av på krittkvite sandstrender, praktisere yoga, og oppleve vakker natur frå både sykkel, båt og bil.
Stord har eit nydeleg nærområde, og er her det kort veg til fine skogsturar, fjellturar, sjø, treningssenter og klatrehall. Dette gir oss ein unik moglegheit til å tilby eit variert år med mykje aktivitet, utan å måtte køyre langt.
- Padling i havkajakk (alle får våtkort)
- SUP
- Heilårsbading
- Styrketrening
- Klatring i hall (alle får moglegheit til å ta brattkort)
- Vietnam-turen!
Gjennom skuleåret vil linja samen reise på fleire forskjellige korte og lange studieturer.
Linjeturen til Vietnam er inkludert i linja, det samme gjelder dei fleste andre turane. Det er naturleg at nokre aktiviteter ikkje alltid er så interessant for alle, derfor vil me legge opp løpet sammen gjennom skuleåret.
Vietnam – Det forandrende landet
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 15 dagar
Måltider pr dag inkludert: 2
Når vinteren kjem pakkar me med oss sommarklede og reiser til Vietnam, eit land med fantastisk natur og ein spennande kultur. Her vil me få spektakulære naturopplevingar både frå cruisebåt, på sykkel og på vandreturar. Me skal på ei lita rundreise i landet, og får eit unikt innblikk i det Vietnam har å by på.
Noko av det du vil få oppleva:
- Reise frå i Ho Chi Minh City (Saigon) i sør til hovudstaden Hanoi i nord, via Mui Ne og Hoi An
- Trening, yoga og spa i tropiske omgivnadar
- Besøke lokale marknader
- Lære om Buddhistisk filosofi og tankegang.
- Tur med cruisebåt for å utforske små paradis. Besøke ulike øyer og grotter, samt kajakkpadling og bading
- Sykkeltur og båttur i frodig landskap med rismarker og grønt fjellandskap
Vietnam har meir enn det tradisjonelle bilete av rismarker og ikoniske hattar. Her finn du eit land som er fullt av energi og bevegelse framover. Du vil føla det i summinga og aktiviteten på gata. Du vil sjå det på måten vietnamesere ønsker deg velkommen til heimane deira, inviterer oss til å smake på maten dei lagar og stolt viser oss sin rike kultur.
Du vil merka det i alternativa og moglegheitane rundt. Enkelt sagt, det har aldri vært ei mer spennande tid å besøka Vietnam.
Til turen treng ein vaksinar, reiseforsikring og evt. visum, og ein vil trenge noko lommepengar til eige bruk.
Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!Du som er opptatt av å ta vare på kroppen fysisk og mentalt. Du treng ikkje mykje erfaring frå før, men vera innstilt på eit sosialt år med aktivitet og litt utfordringar.
- Yoga og mobilitetstrening
- Grunnleggande friluftsferdigheter
- Kajakk, alle får våtkort
- Kosthold i eit helseperspektiv, både teori og praksis
- Tankestrategiar
- Klatreopplæring både inne og ute
- Planlegge tur og overnatte ute i naturen
- Planlegging og gjennomføring av dags- og overnattingsturar
- Heilårsbading
- Massasje
Muligheten til å prøve ut mange nye aktivitetar og mykje meir!
At du ønsker eit variert og aktivt år fyllt med gode naturopplevingar, spanande utfordringar, eigenomsorg og nye venskap.
- Har eit ønske om å vere aktiv
- Eit ynskje om å vera sosial og å utvikle deg sjølv som menneske
- Fokus på eigen livsglede og vener for livet
Men viktigast av alt: Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år saman med ulike mennesker under same tak.
Andreas Kjempenes
LÆRAR
Friluftsmannen Andreas er tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann og artigmann. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom naturopplevingar på fjell, fjord og skog, i entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.
Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534
SKULEN STILLER MED ALT AV FELLES OG SPESIALUTSTYR. DET DU TRENG ER DITT PERSONLEGE TURTØY.
- Tursekk
- Sovepose (3-sesong)
- Liggjeunderlag
- Vindtett/vanntett jakke og bukse
- Vinterbukse og jakke
- Fjellstøvlar og vanntette tursko
- Tjukk genser (helst ull)
- Minst 2 sett ullundertøy
- Ull-sokkar (gjerne forskjellig tjukkelse)
- Lue, vottar og skjerf/hals
Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som primuser, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt. Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.
Me har mellom anna:
- Telt
- Hengekøyer
- Lavvo
- Stormkjøkken
- Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
- Kajakker/kano
- Våtdrakt
- Flytevestar
- Skøyter (nokre til utlåns)
- Ski (nokre til utlåns)
- Båt
Stord Folkehøgskole er en av landets nyeste folkehøgskoler. Skolen ligger sentralt midt i Stord By sentrum, i hjertet av Vestlandet. Midt mellom Bergen og Stavanger. Opptaket til nye skoleplasser starter 1. februar, men du kan søke allerede nå. Har du spørsmål til skolen, eller lurer på noe så ta gjerne kontakt, på telefon 53 41 44 44 eller epost Post@Stordfhs.no