Elevstipendiatlinje Stord Folkehøgskule

Stord Folkehøgskule blir landets nyaste folkehøgskule. Me opnar allereie i august 2021. Då kjem våre aller første elever. Me vil finne deg som nettopp har gått på folkehøgskule og har lyst til å bli stipendiat her.

Me skal ha fleire ulike linjer. Innan svært varierte fag, som Esport, Entreprenørskap og Idémaker, Multisport Elite, E-sport, Motocross, Film- og TV-produksjon, Friluftsliv, og Politi- og Vektarlinja.

Me søker difor deg som kan tenkt deg å vere stipendiat her hos oss eit år.

    • Som stipendiat (STIP) får du mykje ansvar for det sosiale og relasjonelle blant elevane; det handlar om å sjå og inkludera dei som ikkje klarar det på eigen hand. Elevane treng opne, trygge og omsorgsfulle stipendiater som kan visa dei vegen gjennom året på folkehøgskule.
    • Du får anledning til å bidra til marknadsføring av di linja. Med opplæring i foto, video, redigering, tekstskriving og publiseringsverktøy i sosiale medier. Sidan me er ein heilt ny skule er dette utruleg viktig for at me skal bli synleg for fleire søkarar året etter.
    • Du får anledning til å bidra i valfag og vere lærarassistent på linjeaktivitetar. Den beste måten å lære noko på, er å lære det bort til andre. Med denne erfaringa blir du betre på formidling og til å lære deg nye ting. Eit nyttig verktøy i alle jobbar.
    • Du vil også få arbeide med marknadsføring av skulen. Du vil få erfaring med foto, video, redigering, tekstskriving og publiseringsverktøy i sosiale medium.

Pris:

  • Stipendiater får rom og mat dekka av skulen. Dette tilsvarar eit stipend på kr 72 000,- som vert trekt i frå skulen sitt grunnbeløp. Skuleåret vil altså kosta kr 42 300,-, som de kan finansiera via /lånstipend i Lånekassen.

Me gjennomfører samtale med alle som søker om å bli stipendiat. Det er eit krav at du har gått eit år på folkehøgskole tidlegare.

Skriv gjerne i søknaden din kva du ser for deg å få ut av året. Om korleis du er som person, kva fag du interesserer deg i og om det er spesielle valfag du kunne tenkt deg å deltatt i. Korleis du ville arbeida inn i det sosiale miljøet og aktivitetar du håper å skape for og med elevane!

Leik på camping-plassen Stord folkehøgskole
Seine kvelder ved vatnet, rundt bålet. Stord folkehøgskule

Søk skuleplass​

Du skal få:

  • Delta på linjeaktivitetar
  • Leiartrening 
  • Arrangere sosiale aktivitetar 
  • Sjå og inkludera elevar
  • Vere lærarassistent
  • Rettleiing av linjelærar

Ønska eigenskaper:

  • Sosialt overskot
  • Punktleg 
  • Omsorgsfull 
  • Open

Anna:

  • Førerkort klasse B er en fordel
  • Må kunne fremvise politiattest 
  • Du vil minimum trenge utstyr tilsvarende den linja du vert sett til å følgje.

Deg som har gått folkehøgskule før, og vil ta ditt 2. år som Stord Folkehøgskules aller første stipendiater!

Du skal få:

  • Delta på linjeaktivitetar
  • Leiartrening 
  • Arrangere sosiale aktivitetar 
  • Sjå og inkludera elevar
  • Vere lærarassistent
  • Rettleiing av linjelærar

Våre forventninger til deg

  • Sosialt overskot
  • Punktleg 
  • Omsorgsfull 
  • Open

Skriv gjerne i søknaden din kva du ser for deg å få ut av året. Om korleis du er som person, kva fag du interesserer deg i og om det er spesielle valfag du kunne tenkt deg å deltatt i. Korleis du ville arbeida inn i det sosiale miljøet og aktivitetar du håper å skape for og med elevane!

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Linjetur til Danmark, Berlin m.fl. på vårhalvåret
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mail
  • Avreise 15. mai