Er du vår nye rektor?

koseleg sosialt i gangen

Rektor ved nye Stord Folkehøgskule

Søknadsfristen for denne stillinga er no gått ut.

Stord Folkehøgskule skal etablerast på Leirvik i Stord kommune, i hjarta av Sunnhordland, midt mellom Bergen og Stavanger.

Bakgrunn:

Stord Folkehøgskule er ein nyetablert skule som tar imot sine første elevar august 2021. Skulen er i ein spennande oppstartsfase kor alt skal skapast frå grunnen. Det som kjenneteiknar ein god folkehøgskule skal no etablerast i løpet av våren 2021.

Som skulen sin første rektor vil du ha stor påverknad på utforminga av den nye skulen. Verdigrunnlaget for folkehøgskulen er engasjement i organisasjonsliv, entreprenørskap, og miljø- og berekraftsverdiar. Skulens motto er ‘Ei tid for endring’.

Skulen har ein internatkapasitet på opp til 125 elevar. Som skulens første rektor vil du vere med å rekruttera staben til skulen.

Stord Folkehøgskule skal etablerast i Grand Hotell ,som fram mot skulestart skal gjennomgå ein renoveringsprosess. Skulen vil ha ein moderne og renovert undervisingsdel, internat, matsal og kjøkken.

Skulens eigarar er lokale, og samansett av offentlege, private og organisatoriske eigarar, gjennom «Atheno Prosjektutvikling AS».

Stord Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule – og stiller difor ingen krav om personleg livssyn eller overtyding – og understrekar at skulen vil vere open for tilsette og elevar med ulike utgangspunkt og bakgrunnar. Skulens verdigrunnlag er mynta på etablerte fellesverdiar i norsk kultur, i menneskerettane – og folkehøgskulens særpreg i Grundtvigs visjon om ‘det heile mennesket’, daning, utdanning og sjølvutvikling.

«Skulen ser det som si største oppgåve å hjelpa dei unge til å bli frie rakrygga menneske som har føresetnad til å kunna leva eit personleg fullverdig menneskeliv, og som har vilje og evne til å ta del i alt demokratisk samfunnsarbeid.»

iStock 997528880

Me søker ein engasjert rektor:

  • Som identifiserer seg med Stord Folkehøgskule sine verdiar.
  • Som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og som deltek aktivt i skulen og lokalsamfunnet.
  • Som har tankar og idear om folkehøgskule, utvikling og etablering av skule og samansetting av tilsette og team.
  • Som kan leia demokratiske utviklingsprosessar for å utvikla ein heilt ny skule, i tråd med verdigrunnlaget, både som utdannings- og kulturinstitusjon.
  • Som har lyst å utvikle eigen og andre skule og arbeidsstad.
  • Som er relasjonell, samlande- og samarbeidande nøkkelperson som ønskjer å vere leiar for ein skule i støypeskeia.

Om stillinga:

  • Rektor er øvste ansvarlege for skulen, med økonomi- og personalansvar.
  • Rektor leiar skulestyret, og rapporterer til og deltar i styret i Stord Folkehøgskule AS.
  • Me ønskjer ein rektor som bur nære.
  • Tilsetjing vert frå tidlegast 01.01.2021. Fram mot skulestart august 2021, vil stillinga bestå i å saman med dagleg leiar og styret å utvikle og førebu skulestart; rekruttering av stab og elevar, og planlegging av skuleåret.
  • Reising og fleksibel arbeidstid ei del av folkehøgskule-kvardagen.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Det vert kravd vandelsattest.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet.
  • Relasjonell leiing og pedagogisk erfaring.
  • God kjennskap til folkehøgskulesektoren, det grundtvigianske idégrunnlag og evne til å leia pedagogisk utviklingsarbeid i tråd med dette.
  • Erfaring frå folkehøgskule er ønskeleg.
  • Gode skriftlege og munnlege evner – skulen si målform er nynorsk.

Me tilbyr:

  • Stor fleksibilitet til å utvikle eiga stilling, arbeidsplass og skulen si retning.
  • 100 % stilling.
  • Høve til å undervisa.
  • Løn etter avtale.

Søknad med CV skal sendast til Post@StordFHS.no
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf. Opplæringslova § 10-9.

Spørsmål rundt stillinga kan rettast til dagleg leiar Geir Angeltveit, tlf. 404 01 753, eller e-post Geir@StordFHS.no – Ta kontakt i forkant av søknad om du ønskjer å få oversendt meir detaljert informasjon rundt skulen, verdigrunnlag, føresetnadar og planar.

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter