Fjord, Fjell og Friskliv!

Stord Folkehøgskule 2024-25​

Du kan søka skuleplass for 2024-25 alt no​

Opplev, utforsk og lær om å ta deg fram i naturen! Bålkos, soloppgang over fjella, solnedgang i havet,

båtturar, turar til fots og på ski i vakker vestlandsnatur er noko av det du får oppleva hos oss!

Du vil i løpet av året bli god på dei grunnleggjande friluftsliv

som; stormkjøkken, bål, leirplass, kart og kompass og generell ferdsel i ulik natur og i ulike årstider. Rundt skulen har vi både vatn, skog, fjell og kyst og som gjev oss mange fine opplevingar i nærområdet. I tillegg får du sjanse til meir utfordrande og spektakulære aktivitetar innimellom. 

Me vil legge opp aktivitetene til det du og klassen har lyst til!

  • Kajakk
  • Overnattingsturer i ved sjø, i skog og fjell
  • Hytte-vandring
  • Øyhopping med båt og kano
  • Frivillig å prøve ut rafting
  • Via Ferrata/klatring 
  • Nokre skiturer når anledningen byr seg
  • Fiske og fangst

Du som elev får være med å påverka kva aktivitetar me finn på, og moglegheitene er mange. Det som går igjen er dei grunnleggjande friluftslivsferdighetane uansett kva aktivitetar me endar opp med underveis i året. Kombinasjonen av adrenalin og heftige opplevingar med det å finne roa i naturen, kjenne på stillheten og vere til stede, kjem me til å jobbe mykje med.

Naturopplevingar, samarbeid og meistring er viktige for oss på denne linja

Me har ein del kortare turar i regionen, men me kjem også til å reise på to lengre linjeturar i Sør-Norge. Den eine i september, den andre i februar-april alt etter innhaldet, som me planlegg saman med deg og klassen.

Solnedgang i vinterfjellet
Båttur Harmoni Stord Folkehøgskule
Stord Folkehøgskule
Stord Folkehøgskule
Havkajakk Harmoni Stord Folkehøgskule
klar for øyhopping i vår eigen båt
Havkajakk i Sunnhordland, på Stord folkehøgskule
Ekursjon på øyhopping
Juving og friluftsliv
Matpause med utsikt
Isfiske Stord Folkehøgskule Kystfriluftsliv
Dogsledding CampTamok Amalie 0 2
Havkajakk Harmoni Stord Folkehøgskule
Kystfriluftslivet
Fridykking Stord Folkehøgskule
Berit står på vannski i fjorden
The view mountains Stord Folk High School
fjell triatlon Råskap sport og spenning idrett friluftsliv trening
Nådd toppen i fint vintervær
Telting Harmoni Stord Folkehøgskule
Kystfriluftslivet
rafting Stord folkehøgskule
Sosialt å nå toppen på folkehøgskule
Fridykking Stord Folkehøgskule
vannski Råskap sport og spenning idrett friluftsliv trening
Straks ved toppen
Melderskin i solnedgang
Kosaross på sjøen med paddleboard
dagens fangst
Uforingen Stord folkehøgskule
Fisking i elva Stord folkehøgskule
Vinterfjellet leverer ein dramatisk skue over fjellet. Stord folkehøgskule
Kveld rundt bålet, Stord folkehøgskule
Slåtterøy Fyr, øye til øy, Stord folkehøgskule
Panorama frå fjellet Stovegolvet, hytta på toppen. Stord folkehøgskule.
Ein kjekk gjeng som koser seg rundt leirbålet på kveldstid. Stord folkehøgskule.
På øyhopping rett utenfor Leirvik. Fyrøya, Stord folkehøgskule.
God utsikt utover regionen rundt Stord folkehøgskule. Fjord, fjell og friluftsliv
Varme dager nyter me på ståbrett i fjorden. Stord folkehøgskule
Aking Harmoni Stord Folkehøgskule
Kystfriluftslivet
Via Ferrata over fjorden Stord folkehøgskule. klatring friluftsliv idrett
Stord Folkehøgskule
Stord Folkehøgskule
Stord Folkehøgskule

Hardangerfjorden rundt!

Pris: Inkludert i linjepris

Dette er ein linjetur der du får sjanse til å prøve og klatre Via Ferrata/hylling, og  juving i Åkrafjorden. Me køyrer gjennom fantastiske fjordlandskap med dramatiske fjell og vakre utsiktspunkt.

Me stoppar opp undervegs ved spennande turmål og går fjellturarbadar i fjorden, fyrer opp bål og lagar oss mat på stormkjøken/bål.

I løpet av turen kan me mellom anna gå Dronningstien, ein vakker fjelltur med fantastisk utsikt, sjå Vøringsfossen, isbre, fossar og me køyrer den nasjonale turistvegen på Folgefonnhalvøya.

Me kryssar Hardangerfjorden både med ferje og over bruer. Vi overnattar undervegs. Turen varar i 3-4 dagar, men gir minner for livet. 

– Geysirar, isbrear, vulkanar, Reykjavik, Gullfoss, rafting, ri på Islandshest, varme bad og mykje meir. 

Ei reise til Island er noko for seg sjølv. På Island finn me eit variert, dramatisk og uberørt natur med isbrear, varme kjelder og mektige fossar, som gjer reisa til ei unik oppleving med minner for livet. Den eksotiske naturen byr på mange moglegheiter for avkopling og spennande aktivitetar. 

Den islandske naturen er variert og eksotisk, og i naturen ser du spora etter korleis naturelementa har forma Island gjennom vulkanutbrudd, jordskjelv og erosjon. Over elleve prosent av landet er dekka av storslåtte isbreer. Den største er Vatnajökull (8400 kvadratkilometer og 1000 meter tjukk). 

På turen rundt øya i minibuss får du både oppleva kjende turistmål, men enda meir spennande er det å oppdaga mindre kjente, men like spektakulære stader. Mange nydelege fotospots i det storslåtte islandske landskapet! Bading i forskjellige varme kjelder kvar dag, unike naturopplevingar og gode historiar. 

Obligatorisk: Nei
Pris: 18 000
Måltider pr dag inkludert: 2

40222c42ff9873b21b3f200d4b81f10b
6b5513f5e3add7c25b76b82f21eb02c0 1900

Via Ferrata. Før haustferien tar me oss ein tur inn i Åkrafjorden. Her kan du som elev velge mellom den heftige Via Ferrata Kyrkjeveggen, eller den litt snillere alternative ruta. Om ikkje klatring er tingen for deg er det muligheter for fine fjellturar. 

 
Stord, Sunnhordland, Hardangerfjella, Etnefjella, Kvinnheradsalpane og mykje meir fordelt utover heile skuleåret, haust og vår. Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente, men like nydelege reisemål du ikkje har høyrd om.

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Me tilbringer eit par spennande dagar på stranda, med surfebrettet og det våte element.

Våre turar er unike opplevingar som ofte er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, medan andre er felles for skulen.

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Vintereventyr til Hovden

Når vinteren slår til reiser me til Hovden for dagar med ski og alpint. Her er det mogeleg med flate turar, slalåm, slakke turar, aking, toppturar, bratte turar eller veldig bratte turar. Noko for alle nivå!

Du som likar deg ute, har lyst å lære, og tilbringe eit sosialt år med nye vener, aktivitetar og gode naturopplevingar.

Du treng ikkje ha erfaring frå før av.

  • Båtturar, fisking og setting av teiner
  • Kajakk/kano
  • Planlegge tur og overnatte ute i naturen
  • Dagsturar og overnattingsturar 
  • Opplæring i kart og kompass
  • Overnatte i telt og hengekøye
  • Lære å lage bål og tilberede ulike typar mat ute
  • Skiturar og skøyting
  • Toppturar
  • Klatreopplæring inne og ute (om ønskeleg)
  • Solodøgn (om ønskelig) 
  • Rafting, Juving, Fallskjermhopp (om ønskeleg)

og mykje meir!

At du ønsker eit variert og aktivt år fyllt med gode naturopplevingar og spanande utfordringar.

  • Ha eit ønske om å vere aktiv og sosial
  • Glad i friluftsliv (eller lyst å bli glad i det)
  • Fokus på eigen livsglede og vener for livet

Men viktigast av alt: Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år saman med ulike mennesker under same tak.

Skulen stiller med alt av felles og spesialutstyr. Det du treng er ditt personlege turtøy.

  • Ryggsekk minimum.60L (tursekk)
  • Sovepose (3-sesong)
  • Liggjeunderlag
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning.
  • Vinterjakke- og bukse
  • Fjellstøvlar
  • Vanntette tursko
  • Tjukk genser (helst ull)
  • Minst 2 sett ullundertøy
  • Ull-sokkar(gjerne forskjellig tjukkelse)   
  • Lue
  • Vottar
  • Skjerf/hals

Sjekk linjesida på Stordfhs.no for full liste.

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som stormkjøkken, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt.

Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.

Me har mellom anna:

  • Telt
  • Hengekøyer
  • Lavvo
  • Stormkjøkken 
  • Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
  • Kajakker/kano
  • Våtdrakt
  • Flytevestar
  • Skøyter (nokre til utlåns) 
  • Ski (nokre til utlåns)
  • Båt
andreas

Andreas Kjempenes

Linjelærar Fjord, Fjell og Friskliv

Friluftsmannen Andreas er tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann og artigmann. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom naturopplevingar på fjell, fjord og skog, i entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534

Bent Brattbakken

LÆRAR

Bent er utdanna faglærer i kroppsøving- og idrettsfag og har mastergrad i Friluftsliv og idrettspsykologi, svømmeinstruktør, og jobba i alle typar skuleslag inkludert 8 år i FHS. Bent finn alltid på noko sprell, og vil skapa eit herleg år saman med deg!

Bent hjelper deg gjerne med treningsplaner, fysisk aktivitet og oppfølging både i linje- og fellesundervising.

Epost: bent@stordfhs.no
Telefon: 98806862

Marte Rykkje Halstensen

LINJELÆRAR OG SOSIALLÆRAR

Marte er vår aktive og engasjerte friluftselskar! Ho er den som ser alle og passar på at både turen er bra og at du har det bra! Marte er utdanna lærar, personleg trenar, og brenn for kjekke aktivitetar utandørs og innandørs, kor ho fort drar igong baking, leiker og mykje løye. Smilet og latteren er ikkje langt vekke med Marte rundt deg.

Epost: marte@stordfhs.no
Telefon: 47943593