Friluftsliv: Fjord, Fjell og Friskliv

Søk skuleplass​

Me held fokus på introduksjonen og læringa om det fine friluftslivet, og krydrar dette med spektakulære opplevingar. Seine kveldar ved bålet, soloppgang over fjella, solnedgang i havet, skikøyring i vakker vestlandsk natur,Vi held fokus på det enkle friluftslivet, og krydrar dette med spektakulære opplevingar. 

Seine kveldar ved bålet, soloppgang over fjella, solnedgang i havet, skikøyring i vakker vestlandsk natur, og ikkje minst alt det fjorden og havet har å tilby. Dette er noko det du skal få oppleve gjennom året med oss.

Du vil i løpet av året bli god på dei grunnleggjande friluftslivs-ferdighetane som; primus, bål, leirplass, kart og kompass og generell ferdsel i ulike miljø og til ulike årstider. Nærområdet til skulen har både vann, skog, fjell og kyst og her kan vi krydre det enkle med meir utfordrande og spektakulære aktivitetar, i fjord, fjell, skog og mark. 

Me vil legge opp aktivitetene til det du og klassen har lyst til, men nokre eksempler:
Hausten, vinteren og våren.
Kajakk, overnattingsturer i skog, mark og fjell, hytte-vandring, øyhopping med båt og kano, frivillig å prøve ut rafting, strikkhopping og anna. Nokre skiturer når anledningen byr seg. Og mykje forskjellig spennade.

Du som elev får være med å påverka kva aktivitetar me finner på, og moglegheitene er mange. Det som går igjen er dei grunnleggjande friluftslivsferdighetane. Uansett kva aktivitetar me endar opp med underveis i året, skal du vere trygg på at du får anledning til å lære. Kombinasjonen av litt sveitte og flotte opplevingar med det å finne roa i naturen, kjenne på stillheten og være til stede, er vårt mål.


Naturopplevingar, samarbeid og meistring er viktige for oss på denne linja.

Sammen blir det fleire kjekke lengre og kortare turar i regionen, men me kjem også til å reise på to lengre linjeturer i Sør-Norge. Den eine i september, den andre i februar-april alt etter innhaldet, som vi planlegger saman med deg og klassen.

Nokre av turane i vakker natur:

 – Øyhopping i fjorden
Me tar med oss kanoar og kajakkar og padlar mellom fitjarøyene, slår leir på Smedholmen og nyter fjord-vegen til viking-kongane

 

– Fjell, bre og Folgefonna
På våren vandrar me opp den gamle Keiserstien frå Kvinnherad til Fonnabu, overnatter i hyttene på toppen. Der vandrar me over Folgefonna-breen og ned til Hardanger og Ullensvang.

 

– Hytte-til-hytte Hardangervidda
Me reiser inn til Hardangervidda og forsvinner nokre dagar på herleg tur!

 

– Og mykje meir
Ein del av målet er at du skal få vere med å planlegge korte og lengre turar, som DNT sine hytter.

Heile året rundt kan ein nyte dei unike friluftskvalitetane på og rundt Stord.
Kayaker i solnedgang. Stord folkehøgskule

 

Hardangervidda

  • Obligatorisk: Ja

  • Pris: Inkludert i linjepris

    På starten av året, når sesongen er best tar me ein herleg fjellvandring over Hardangervidda. Me spaserer frå hytte-til-hytte og nyter nokre av det vakraste som er å finna.

    bildetekst

Preikestolen, Dronningstien og mykje meir

  • Obligatorisk: Ja

  • Pris: Inkludert i linjepris

Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente men lika nydelege reisemåldu ikkje har høyrd om.

bildetekst

Denne linja passar for alle som ønsker og kan ta seg fram i naturen. Og vil vere spesielt tilpassa dei som ønskjer ein rolig start og er nye i naturen. Året startar kjekt og blir betre og betre!

Dette vil du lære

  • Mange turer med kos rundt bålet
  • Båtturar i det vestlandske øyriket
  • Overnatting på fyr
  • Tradisjonelt friluftsliv
  • Kunsten å lage god turmat
  • Havkajakk og kanoturar på fjord og vatn
  • Kurs med Den Norske Turistforening og Turlaget
  • Hytte-til-hyttevandring over fjellet
  • Å ta deg fram i naturen
  • å stå på ski
  • Rolig camping i hengekøye, telt eller under open himmel
  • Organisere og planlegge turer
  • Skiturer for erfarne og nybegynnarar
  • Skøyting
  • mykje meir

Våre forventninger til deg

Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år for alle våre nye elever. 

  • Ha eit ønske om å vere aktiv og sosial
  • Glad i friluftsliv (eller lyst å bli glad i det)
  • Fokus på eigen livsglede og vener for livet

Pakkeliste: 

  • Ryggsekk min.60L (tursekk)
  • Sovepose (3-sesong)
  • Liggjeunderlag
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning.
  • Vinterjakke- og bukse
  • Fjellstøvlar
  • Vanntette tursko
  • Tjukk genser (helst ull)
  • Minst 2 sett ullundertøy
  • Ull-sokkar(gjerne forskjellig tjukkelse)  
  • Lue
  • Vottar
  • Skjerf/hals
  • Joggesko (inne og ute)
  • Treningstøy ute/inne
  • Badetøy
  • Termos
  • Turbestikk og skål/tallerken
  • Solbriller

 

Og dersom du har: 

  • Fotballsko
  • Skøyter (mehar nokre til utlåns) 
  • Fiskesaker
  • Redningsvest 
  • Ski og skiutstyr (langrenn, alpint l) mehar noko til utlåns. 
  • Rulleskøyter/skateboard
  • Alt av personlegtrening- og friluftslivutstyr som du ynskjer å få brukt i løpet året.  

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som primuser, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt. Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.

Me har mellom anna:

  • lavvo og telt
  • kano/kajakk
  • skøyter
  • Ståbrett
  • primus
  • ski
  • båt
  • Isfiskeutstyr
  • spesialutstyr som truger, isklatreøkser o.l.
  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 9-17. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Linjetur til Danmark, Berlin m.fl. på vårhalvåret
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mail
  • Avreise 15. mai