Friluftsliv: Fjord, Fjell og Friskliv

Vi held fokus på det enkle friluftslivet, og krydrar dette med spektakulære opplevingar. Seine kveldar ved bålet, soloppgang over fjella, solnedgang i havet, skikøyring i vakker vestlandsk natur, og ikkje minst alt det fjorden og havet har å tilby. Dette er noko det du skal få oppleve gjennom året med oss.

Du vil i løpet av året bli god på dei grunnleggjande friluftslivs-ferdighetane som; primus, bål, leirplass, kart og kompass og generell ferdsel i ulike miljø og til ulike årstider. Nærområdet til skulen har både vann, skog, fjell og kyst og her kan vi krydre det enkle med meir utfordrande og spektakulære aktivitetar. 

Me vil legge opp aktivitetene til det du og klassen har lyst til, men nokre eksempler:
Hausten, vinteren og våren.
Kajakk, overnattingsturer i skog, mark og fjell, hytte-vandring, øyhopping med båt og kano, frivillig å prøve ut rafting, strikkhopping og anna. Nokre skiturer når anledningen byr seg. Og mykje forskjellig spennade.

Du som elev får være med å påverka kva aktivitetar vi finner på, og moglegheitene er mange. Det som går igjen er dei grunnleggjande friluftslivsferdighetane uansett kva aktivitetar vi endar opp med underveis i året. Kombinasjonen av adrenalin og heftige opplevingar med det å finne roa i naturen, kjenne på stillheten og være til stede, kjem vi til å jobbe mykje med.

Naturopplevingar, samarbeid og meistring er viktige for oss på denne linja.

Vi har ein del kortare turar i regionen, men vi kjem også til å reise på to lengre linjeturer i Sør-Norge. Den eine i september, den andre i februar-april alt etter innhaldet, som vi planlegger saman med deg og klassen.

 

Nokre av turane i vakker natur:

 – Øyhopping
Me tar med oss kanoar og kajakkar og padlar mellom fitjarøyene, slår leir på Smedholmen og nyter fjord-vegen til viking-kongane

 

– Folgefonna
På våren vandrar me opp den gamle Kongestien frå Kvinnherad til Fonnabu, overnatter i hyttene på toppen. Der vandrar me over Folgefonna-breen og ned til Hardanger og Ullensvang.

 

– Hytte til hytte Hardangervidda
Me reiser inn til Hardangervidda og forsvinner nokre dagar på herleg tur!

 

– Og mykje meir
Ein del av målet er at du skal få vere med å planlegge korte og lengre turar, som DNT sine hytter.

Heile året rundt kan ein nyte dei unike friluftskvalitetane på og rundt Stord.
Kort veg inn til vindmølleparken på Fitjar. Stord folkehøgskule

Søk skuleplass​

Informasjon

Generelt info finn du her

Denne linja passar for alle som ønsker og kan ta seg fram i naturen. Og vil vere spesielt tilpassa dei som ønskjer ein rolig start og er nye i naturen. Året startar kjekt og blir betre og betre!

Dette vil du lære

  • Nye livet
  • DNT Kursing
  • Å ta deg fram i naturen
  • å stå på ski
  • Beherske kajakk og kano
  • Organisere og planlegge turer
  • Camping
  • mykje meir

Våre forventninger til deg

Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år for alle våre nye elever. 

  • Ha eit ønske om å vere aktiv og sosial
  • Glad i friluftsliv (eller lyst å bli glad i det)
  • Fokus på eigen livsglede og vener for livet
  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Linjetur til Danmark, Berlin m.fl. på vårhalvåret
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mail
  • Avreise 15. mai

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som primuser, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt. Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.

Me har mellom anna:

  • Ståbrett
  • lavvo
  • kanoar
  • skøyter
  • ski
  • båt
  • soveposer
  • med meir

Dette utstyret må du stille med selv

FriluftsutstyrFjellsko
Kvikk Lunsj
Sovepose
Tursekk
Regnjakke
Ulltøy
Appelsin
Liggeunderlag
Skjerf/hals

Meir kjem 🙂