Ide, drøm og verkelegheit!

Fang drømmen din, lev drømmen din, det er du verd! Me skreddersyr ditt folkehøgskule-år til å bli det du har drømt om. Her utviklar me dine idear og drømmer til verkelegheit. Er du klar for tidenes år med kreativ spenning på Stord folkehøgskule?

Skreddersy ditt folkehøgskule-år med dine eigne ideér og drømmer, så det blir del av din kvardag. La deg inspirera av likesinna venner og elevar, for å testa ut om akkurat dine tankar og drømmer kan overleva ein verkelegheit og kvardag.

Gje deg sjølv sjansen til å utveksla og ha det gøy saman med ein gjeng likesinna ungdomar som leiter etter måter dei kan leva ut drømmane sine i framtida.

Har du ein tanke, ein idé, eller ein drøm og lurer på om den er verd å uvikla til noko meir, på Stord får du saman med venner testa ut idear og drømmane dine. Kanskje finn du ut kva framtida bringer? Kjenn på personleg utvikling, og kom nærmare deg sjølv, i eit spennande, kreativt og sosialt skulemiljø.

Me kjem til å ha høve til å djupdykka inn i ulike eigne-valde tematikker. På vår Stord folkehøgskule eit stort nettverk som gir muligheiter å testa ut akkurat din drøm eller idé. Du får tips, råd, gjennomarbeiding, hjelp, verktøy, sparring med nye venner for livet.

Test ut dine ideer innom alt frå kunst, musikk og artistbransjen, til industri, bygg, natur, design, media og pr. Alt er mogeleg!

Skulen har eit stort samarbeid med fadderbedrifter og nettverk av andre som bidrar. Så om du i tillegg vil utvikla din drøm eller idé vidare og lære deg korleis du fatisk kunne starta for deg sjølv for å leva på din drøm i framtida. Får du anledning her hos oss med dei beste internasjonale bedriftene på landsbasis.

Entreprenør som mekker på verkstaden Stord folkehøgskule
Planlegger neste prosjekt, entreprenørskap Stord folkehøgskule
r

Obligatorisk: Nei

Pris: 9000

Måltider pr dag inkludert: 2

Når våren kjem reiser linja på interrail gjennom Europa. Du som elev vil vere med å planlegga ein spennande reise fylt med opplevingar og aktivitetar du og klassen ønsker.

Interrail Stord folkehøgskule

Interrail Stord folkehøgskule

Denne linja er midt i blinken for deg som ønsker å leva ut din eigen drøm og ta eit sosialt år med likesinna, for å utvikla idear og interesser, og finna ut om det er muligheit å leva av drømmen sin.

Dette vil du lære

  • Ideutvikling
  • Branding, kreativitet, ung etablering
  • Branding, drift og økonomi
  • Å tenke klima- og berekraftsverdiar i arbeidet
  • Korleis du kan stelle i stand og gjennomføre arrangement
  • Profilering, networking, pitching og kundehandtering.
  • Design, media og kommunikasjon.
  • Vere lagspela på andres idear men også å bli utfordra til å ta styring sjølv
  • Gøy er lov!

Våre forventninger til deg

At du er nysgjerrig og har lyst å prøve noko nytt, liker ei utfordring og synst det er spennande å løysa nye problem! By på deg sjølv og hjelpa andra til å gjere det same.  Her kjem du til landets nyaste folkehøgskule og vil få ein herleg fleksibilitet til å påverka og utvikla ditt eige skuleår. Me vil legge til rette for at du får utfordra deg.

Dette utstyret får du låne av skulen

Me har tilgang på svært mykje verktøy og utstyr. Som du får tilgang til som elev. Mykje finnes ute i bedriftene, og me låner det me treng. Men mykje finn me på skulen sjølv.

  • Skjærebrenner 
  • 3D-printer 
  • Alt mogeleg handverktøy 
  • CNC-brenner 
  • VR-briller 
  • Lasergravering 
  • Foliering-printer 
  • Loddestasjon 
  • Dreiebenk og sløydustyr 
  • Droner 
  • Videokamera 
  • Speilreflekskamera 
  • Symaskiner, trykkpresse 
  • og mykje meir
 

Søk skuleplass allereie no