Harmoni– Friluftsliv, Helse og Utvikling - Vietnam

Stord Folkehøgskule 2023-24

Ledig skuleplass Harmoni 2023-24!

Du finner roen, kjenner samholdet, senker pulsen - du opplever alt det naturen har å by på.

Harmoni er for deg som vil lære korleis fysisk aktivitet, helse, naturen, mat og velvære spelar inn på livet.

Fysisk aktivitet skal vere variert og kjekt, og hos oss får du prøve deg på padling, SUP, klatring, enkle fjellturarstyrketrening og yoga. Du vil og lære å lage sunn og næringsrik mat, og om korleis mat er direkte knytt til både fysisk og psykisk helse. 

  • Nydelege fjellturar som gir sjelero
  • Lære å lage bål og å tilberede mat ute
  • Overnatting i telt/hengekøye

Avspenning og velvære er viktig for ei god helse, og du vil hos oss få lære massasje, i tillegg til at me vil reise på spa.

  • Yoga
  • Massasje og spabesøk
  • Lage sunn og god mat (teori og praksis)

vinter reiser me på ein lengre linjetur til Vietnam der me skal lære om ein heilt ny kultur, slappe av på krittkvite sandstrender, praktisere yoga, og oppleve vakker natur frå både sykkel, båt og bil.

Stord har eit nydeleg nærområde, og er her det kort veg til fine skogsturarfjellturarsjøtreningssenter og klatrehall. Dette gir oss ein unik moglegheit til å tilby eit variert år med mykje aktivitet, utan å måtte køyre langt.

  • Padling i havkajakk (alle får våtkort)
  • SUP og Heilårsbading
  • Styrketrening
  • Klatring i hall (alle får moglegheit til å ta brattkort)

Gjennom skuleåret vil linja samen reise på fleire forskjellige korte og lange studieturer.

Linjeturen til Vietnam er inkludert i linja, det samme gjelder dei fleste andre turane. Det er naturleg at nokre aktiviteter ikkje alltid er så interessant for alle, derfor vil me legge opp løpet sammen gjennom skuleåret.

Studietur: Vietnam – Det forandrende landet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 15 dagar

Måltider pr dag inkludert: 3

Når vinteren kjem pakkar me med oss sommarkleder og reiser heile vegen til Vietnam, eit land med fantastisk natur og ein spennande kultur. Her vil me få spektakulære naturopplevingar både frå cruisebåt, på sykkel og på vandreturar. Me skal på ei lita rundreise i landet, og får eit unikt innblikk i det Vietnam har å by på.

Noko av det du vil få oppleva:

  • Besøk til historiske Dong Thien. Ein historisk pagoda plassert på eit nydeleg utsiktspunkt. Her vil me møte ei mesternonne i Zen som vil lære oss om Buddhistisk filosofi og tankegang.
  • Tur med cruisebåt for å utforske små paradis. Besøke ulike øyer og grotter, samt kajakkpadling og bading
  • Trening, yoga og spa i tropiske omgivnader
  • Besøke lokale marknader
  • Sykkeltur og båttur i frodig landskap med rismarker og grønt fjellandskap

Vietnam har mer enn det tradisjonelle bildet av rismarker og koniske hatter. Her finner du et land som er full av energi og bevegelse fremover. Du vil føle det i summingen og aktiviteten på gata. Du vil se det på måten vietnamesere ønsker deg velkommen til hjemmene deres, inviterer oss til å smake på maten deres og stolt viser oss deres rike kultur.

Du vil merke det i alternativene og mulighetene rundt. Enkelt sagt, det har aldri vært en mer spennende tid å besøke Vietnam.

Til turen treng ein å ordne med vaksiner, reiseforsikring og visum. Og ein vil trenge noko lommepengar til eige bruk.

7d1acbe9cd5e7c432f99207dd7532596bildetekstbildetekstbildetekstbildetekst

Stord, Sunnhordland, Dronningstien, Etnefjella, Kvinnheradsalpane og mykje meir. Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente men lika nydelege reisemål du ikkje har høyrd om.

Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Vintereventyr

Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

bildetekstbildetekstbildetekst

Du som er opptatt av å ta vare på kroppen fysisk og mentalt. Du treng ikkje mykje erfaring frå før, men vera innstilt på eit sosialt år med aktivitet og litt utfordringar. Tid til å finna deg sjølv, og muligheten til å prøve ut mange nye aktivitetar og mykje meir!

  • Grunnleggande friluftsferdigheter
  • Kajakk, alle får våtkort
  • Yoga og mobilitetstrening
  • Kosthold i eit helseperspektiv, både teori og praksis
  • Klatreopplæring både inne og ute
  • Å få nye vennskap
  • Overnatte ute i naturen
  • Planlegging og gjennomføring av dags- og overnattingsturar 
  • Heilårsbading
  • Massasje

Muligheten til å prøve ut mange nye aktivitetar og mykje meir!

At du ønsker eit variert og aktivt år fyllt med gode naturopplevingar, spanande utfordringar, eigenomsorg og nye venskap.

  • Har eit ønske om å vere aktiv
  • Eit ynskje om å vera sosial og å utvikle deg sjølv som menneske
  • Fokus på eigen livsglede og vener for livet

Men viktigast av alt: Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år saman med ulike mennesker under same tak.

Marte Rykkje Halstensen

LÆRAR

Marte er vår aktive og engasjerte friluftselskar! Ho er den som ser alle og passar på at både turen er bra og at du har det bra! Marte er utdanna lærar, personleg trenar, og brenn for kjekke aktivitetar utandørs og innandørs, kor ho fort drar igong baking, leiker og mykje løye. Smilet og latteren er ikkje langt vekke med Marte rundt deg.

Epost: marte@stordfhs.no
Telefon: 47943593

Andreas Kjempenes

LÆRAR

Tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann, artigmann og knallert. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534

  • Tursekk
  • Sovepose (3-sesong)
  • Liggjeunderlag
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning.
  • Vinterbukse og -jakke
  • Fjellstøvlar og Vanntette tursko
  • Tjukk genser (helst ull)
  • Minst 2 sett ullundertøy
  • Ull-sokkar(gjerne forskjellig tjukkelse)   
  • Lue, vottar og skjerf/hals
  • Godt humør!

Og dersom du har:  

  • Fiskesaker (mehar noen tegner, stenger, garn og ruser)  
  • Redningsvest (hvis ønske om helt egen, ellers har me)  
  • Ski og skiutstyr (langrenn, alpint ol). BUA har litt til utlån, men veldig begrensa utvalg
  • Alt av personlegtrening- og friluftslivutstyr som du ynskjer å få brukt i løpet året.  
  • Instrument dersom du har og ønsker musikkvalgfag.

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som primuser, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt. Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.

Me har mellom anna:

  • Telt
  • Hengekøyer
  • Lavvo
  • Stormkjøkken 
  • Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
  • Kajakker/kano
  • Våtdrakt
  • Flytevestar
  • Skøyter (nokre til utlåns) 
  • Ski (nokre til utlåns)
  • Båt

Stord Folkehøgskole er en av landets nyeste folkehøgskoler. Skolen ligger sentralt midt i Stord By sentrum, i hjertet av Vestlandet. Midt mellom Bergen og Stavanger. Opptaket til nye skoleplasser starter 1. februar, men du kan søke allerede nå. Har du spørsmål til skolen, eller lurer på noe så ta gjerne kontakt, på telefon 53 41 44 44 eller epost Post@Stordfhs.no