Harmoni– Friluftsliv, Helse og Utvikling - Vietnam

Stord Folkehøgskule 2024-25​

Ledig skuleplass Harmoni 2024-25!

Du finn roen, kjenner samhaldet, senker pulsen - du opplever alt det naturen har å by på.

Harmoni er for deg som vil lære korleis tankesett, fysisk aktivitet, mat og velvære spelar inn på helsa.

Fysisk aktivitet skal vere variert og kjekt, og hos oss får du prøve deg på padling, SUP, klatring, enkle fjellturarstyrketrening og yoga. Du lærer avspenningsteknikkar, å lage sunn og næringsrik mat, og om korleis mat er direkte knytt til både fysisk og psykisk helse

Avspenning og velvære er viktig for ei god helse. Du vil blant anna lære om og oppleve:

  • Yoga
  • Avspenningsteknikkar
  • Tanketriks
  • Massasje 
  • Lage sunn og næringsrik mat 
  • Nydelege fjellturar som gir sjelero
  • Lære å lage bål og å tilberede mat ute
  • Overnatting i telt/hengekøye

I vinter reiser me på ein lengre linjetur til Vietnam der me skal lære om ein heilt ny kultur, slappe av på krittkvite sandstrender, praktisere yoga, og oppleve vakker natur frå både sykkel, båt og bil.

Stord har eit nydeleg nærområde, og er her det kort veg til fine skogsturar, fjellturar, sjø, treningssenter og klatrehall. Dette gir oss ein unik moglegheit til å tilby eit variert år med mykje aktivitet, utan å måtte køyre langt.

  • Padling i havkajakk (alle får våtkort)
  • SUP
  • Heilårsbading
  • Styrketrening
  • Klatring i hall (alle får moglegheit til å ta brattkort)
  • Vietnam-turen!

Gjennom skuleåret vil linja samen reise på fleire forskjellige korte og lange studieturer.

Linjeturen til Vietnam er inkludert i linja, det samme gjelder dei fleste andre turane. Det er naturleg at nokre aktiviteter ikkje alltid er så interessant for alle, derfor vil me legge opp løpet sammen gjennom skuleåret.

Vietnam – Det forandrende landet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 15 dagar

Måltider pr dag inkludert: 2

Når vinteren kjem pakkar me med oss sommarklede og reiser til Vietnam, eit land med fantastisk natur og ein spennande kultur. Her vil me få spektakulære naturopplevingar både frå cruisebåt, på sykkel og på vandreturar. Me skal på ei lita rundreise i landet, og får eit unikt innblikk i det Vietnam har å by på.

Noko av det du vil få oppleva:

  • Reise frå i Ho Chi Minh City (Saigon) i sør til hovudstaden Hanoi i nord, via Mui Ne og Hoi An
  • Trening, yoga og spa i tropiske omgivnadar
  • Besøke lokale marknader
  • Lære om Buddhistisk filosofi og tankegang.
  • Tur med cruisebåt for å utforske små paradis. Besøke ulike øyer og grotter, samt kajakkpadling og bading
  • Sykkeltur og båttur i frodig landskap med rismarker og grønt fjellandskap

Vietnam har meir enn det tradisjonelle bilete av rismarker og ikoniske hattar. Her finn du eit land som er fullt av energi og bevegelse framover. Du vil føla det i summinga og aktiviteten på gata. Du vil sjå det på måten vietnamesere ønsker deg velkommen til heimane deira, inviterer oss til å smake på maten dei lagar og stolt viser oss sin rike kultur.

Du vil merka det i alternativa og moglegheitane rundt. Enkelt sagt, det har aldri vært ei mer spennande tid å besøka Vietnam.

Til turen treng ein vaksinar, reiseforsikring og evt. visum, og ein vil trenge noko lommepengar til eige bruk.

Stord, Sunnhordland, Hardangerfjella, Etnefjella, Kvinnheradsalpane og mykje meir fordelt utover heile skuleåret, haust og vår. Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente, men like nydelege reisemål du ikkje har høyrd om.
Våre turar er unike opplevingar som ofte er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, medan andre er felles for skulen.

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip!

Vintereventyr til Hovden

Når vinteren slår til reiser me til Hovden for dagar med ski og alpint. Her er det mogeleg med flate turar, slalåm, slakke turar, aking, toppturar, bratte turar eller veldig bratte turar. Noko for alle nivå!

Du som er opptatt av å ta vare på kroppen fysisk og mentalt. Du treng ikkje mykje erfaring frå før, men vera innstilt på eit sosialt år med aktivitet og litt utfordringar.

  • Yoga og mobilitetstrening
  • Grunnleggande friluftsferdigheter
  • Kajakk, alle får våtkort
  • Kosthold i eit helseperspektiv, både teori og praksis
  • Tankestrategiar
  • Klatreopplæring både inne og ute
  • Planlegge tur og overnatte ute i naturen
  • Planlegging og gjennomføring av dags- og overnattingsturar 
  • Heilårsbading
  • Massasje

Muligheten til å prøve ut mange nye aktivitetar og mykje meir!

At du ønsker eit variert og aktivt år fyllt med gode naturopplevingar, spanande utfordringar, eigenomsorg og nye venskap.

  • Har eit ønske om å vere aktiv
  • Eit ynskje om å vera sosial og å utvikle deg sjølv som menneske
  • Fokus på eigen livsglede og vener for livet

Men viktigast av alt: Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år saman med ulike mennesker under same tak.

Marte Rykkje Halstensen

LINJELÆRAR OG SOSIALLÆRAR

Marte er vår aktive og engasjerte friluftselskar! Ho er den som ser alle og passar på at både turen er bra og at du har det bra! Marte er utdanna lærar, personleg trenar, og brenn for kjekke aktivitetar utandørs og innandørs, kor ho fort drar igong baking, leiker og mykje løye. Smilet og latteren er ikkje langt vekke med Marte rundt deg.

Epost: marte@stordfhs.no
Telefon: 47943593

Andreas Kjempenes

LÆRAR

Friluftsmannen Andreas er tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann og artigmann. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom naturopplevingar på fjell, fjord og skog, i entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534

SKULEN STILLER MED ALT AV FELLES OG SPESIALUTSTYR. DET DU TRENG ER DITT PERSONLEGE TURTØY.

  • Tursekk
  • Sovepose (3-sesong)
  • Liggjeunderlag
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse
  • Vinterbukse og jakke
  • Fjellstøvlar og vanntette tursko
  • Tjukk genser (helst ull)
  • Minst 2 sett ullundertøy
  • Ull-sokkar (gjerne forskjellig tjukkelse)   
  • Lue, vottar og skjerf/hals

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som primuser, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt. Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.

Me har mellom anna:

  • Telt
  • Hengekøyer
  • Lavvo
  • Stormkjøkken 
  • Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
  • Kajakker/kano
  • Våtdrakt
  • Flytevestar
  • Skøyter (nokre til utlåns) 
  • Ski (nokre til utlåns)
  • Båt

Stord Folkehøgskole er en av landets nyeste folkehøgskoler. Skolen ligger sentralt midt i Stord By sentrum, i hjertet av Vestlandet. Midt mellom Bergen og Stavanger. Opptaket til nye skoleplasser starter 1. februar, men du kan søke allerede nå. Har du spørsmål til skolen, eller lurer på noe så ta gjerne kontakt, på telefon 53 41 44 44 eller epost Post@Stordfhs.no