Forord:
Arbeidet med Stord folkehøgskule starta formellt i januar 2018, men tankar, dagdrauming og føresetnadar for etableringa har ein lengre historikk.
Grunnleggar Geir Angeltveit arbeida på Litlabø Asylmottak for einslege mindreårige i åra 2015-2018. i kvardagane der gjekk Angeltveit rundt å snakka om likskapen mellom asylmottaket for mindreårige og eit år på Folkehøgskule. (Iallfall fram til bebuarane fekk returordre) Geir hadde sjølv gått på folkehøgskule oppe i Borgund/Ålesund.
I stortingsvalkampen 2017 lanserte dåverande partileiar i Venstre, Trine Skei Grande ein ambisjon om å etablera 4 nye folkehøgskular i stortingsperioden 2017-2021. Allereie låg det fleire spennande skular i støypeskeia, slik som Svalbard, SKAP Mandal, Stavanger og Sjøholt, Røros, Øyrekka og mange fleire.
Då Litlabø EM Asylmottak i desember 2017 vart varsla om at konsesjonen med UDI ville utgå i mars 2018, og mottaket ville bli lagt ned – så byrja ballen å rulla med å etablera Stord Folkehøgskule.
Det høyrer med til historia at Geir Angeltveit lenge har vore Venstre-politikar, og har i prosessen nytta det og eit breidt nettverk for å få merksemd rundt prosjektet. Tilliks med andre folkehøgskule-prosjekt som har fått gjennomslag dei siste åra.