Idrettslinja: Multisport Explore

Eit intenst, variert og spennande skuleår der du får utøvd og prøvd mange forskjellige idrettsaktiviteter. Inne ute, vått og tørt, intenst og krevande, men alltid gøy og spennande!

Her vil du oppleve svært mange forskjellige og spennande idrettsaktivitetar.
Volleyball, fotball, klatring, svømming, kayak, bordtennis, innebandy, padel, styrketrening, golf, skyting og mykje meir. Det vil vere eit år fyllt med fysisk aktivitet, trening, mangfald, og gøy. Du som elev vil få venner for livet, utvikla samarbeidsevner og sosiale ferdigheiter gjennom kjente og nye aktiviteter.

Eit år med idrettsglede!
Du får utforska mange idretter, og skreddersy ditt skuleår til å passa deg. Me forsøker å legge til rette for at alle får oppleve og bruke tid på det dei brenn mest for gjennom eit skuleår.

Delta og skap sportsarrangement
Me deltar på triatlon, løp, kampar, jegerløp og mykje anna, som deltakarar eller medarrangørar.

 

 

 

Med kort avstand til gode lokale idrettsanlegg, skog, fjell og sjø, ligg alt til rette for eit aktivt og variert år.

Spennande anlegg i heile regionen

Hallar, isbane, treningssenter, svømehall, fotballbane, fjorden, fjellene, øyene, og mykje meir. Her er det utruleg mykje variert tilbod du vil oppleva. Sjå gjennom bileta våre for ein prøvesmak.

Delta på aktivitetar med idrettslaga
Du vil få anledning til å bli med skøytelaget, svømmegruppa, handballaget, turn-gruppa, fotballaget, skytterlaget, basketlaget, volleyball-gruppa og mange andre i deira aktiviteter. Både på skulen, men også på fritida.

Skulen si plassering på Stord, gir gode høve for enkelt å komma seg rundt og oppleva det Vestlandet har å by på – frå surfing på Jæren til klatring via ferrata på Trolltunga eller kiting på Hardangervidda.

 

Gode venner på trening. Multisport Explore Stord folkehøgskule
Innefotball med Multisport Explore Stord folkehøgskule

Søk skuleplass​

Meir informasjon om idrettslinja:

Generell informasjon finn du her

For deg som ønsker eit aktivt og gøyalt år der pulsen og gliser kjem fram! Der du får prøvd mange ulike idrettsaktivitetar saman med nye vener frå heile landet. Me har fasilitetane, kom å bli med oss!

Dette vil du lære

Å pushe deg sjølv, skape nye venskap, beherske og prøve ut eit stort utval ulike idrettsaktivitetar og få sjå gleden i fysisk fostring

  • ulike ballidretter
  • klatring
  • bogeskyting
  • is-hockey, skøyter, isdans
  • alping
  • kiting
  • svømming
  • Jegerløpet
  • padel
  • rafting
  • og mykje meir!

Våre forventninger til deg

At du er klar for eit intenst og spennande år, fyllt med mange aktiviteter. At du ønsker eit variert år som utfordrer deg litt, men kor du også kan utfordre oss! Du får prøvd mange aktiviteter du ikkje visste fantest!

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Linjetur for klassen til våren
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mail
  • Avreise 15. mai

Dette utstyret får du låne av skolen

I og rundt skulen har me mange fasiliteter i bruk til undervising og fritid

    • Treningssenter
    • Dansesal
    • Svømmehall
    • Fotballbane
    • Badebrygge
    • Bordtennis
    • Gymsal
    • Klatrehall
    • Idrettshaller for volleyball, basketball mm.