Om Stord Folkehøgskule

sosialt og kjekt på verkstaden, entreprenørskap Stord folkehøgskule
Deilig med kort veg til skog og mark. Stord folkehøgskule

Kva tilbyr me?

Stord folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på øya Stord, sentralt midt mellom Bergen og Stavanger. Skulen har seks spennande og varierte linjer.

Mange artige valfag, nyoppussa bygg og ein toppmotivert stab står klar for å ta imot deg som elev ved skulen.

  • Frilynt skule med 125 elevplassar og 6 linjer

Kvifor velje Stord?

  • Her kan du følge interessene dine, og bli kjent med andre med sine interesser.
  • Ha valfag som du er nysgjerrig på!
  • Eit aktivt sentrum, med mange spennande fritidstilbod samtidig som…
  • …du får utruleg kort veg til fjorden, fjellet, øyhopping og skog og mark. Med tilgang på alt mogeleg utstyr.
  • Fordi du vil ha vener for livet, og oppleve mykje nytt i godt sosialt fellesskap.
  • Du vil lære om korleis du får ting til å skje i samfunnet, festivalar, bedrifter, klubbar eller anna

På Stord folkehøgskule samlar me ulike menneske med ulike interesser under samme tak. Her treff du likesinna som vel same linje som deg, og mange andre på dei andre linjene. Me fyller på med  spennande valfag med alt frå sport, kreative fag til dykking og escape room.

Stord folkehøgskule trur på det beste i folk, vårt mangfold og fellesskap gjer oss sterkare.

Dette står me for – verdiane våre

Vårt mål er å inspirera og førebu deg på til å sjå deg sjølv som aktør og hovudperson i eige liv, og som aktiv deltakar i samfunnet.

  • Me er ein frilynt skule, som betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldninger eller økonomi.
  • Personleg utvikling i trygge sosiale fellesskap
  • Forskjellige folk er herlege folk.
  • Prøving og feiling er gøy, spesielt saman med andre.
  • Gjennom å prøve nye ting, finn me det me brenn for.
  • Alle kan gjere verden til ein betre stad, har lyst å vere med i fellesskap, og har gode idear å koma med.
  • Venskap er noko av det finaste på jord. Det viktigaste me gjer er å skape venskap for livet
  • Vår klode er vårt ansvar. Me vil ta vare på oss sjølv, og det rundt oss.

Ein av dei store fordelane med Stord er at det er så utruleg enkelt å kome seg til og frå.

Midt mellom Bergen og Stavanger. Med E39 nord og sør, og E134 austover.

Slik kjem du deg til Stord folkehøgskule:

  • Hurtigbåt frå Bergen eller Bergen Lufthavn, Flesland til Leirvik kai, Stord. (ca 2 timer)
  • Ekspressbuss Kystbussen eller bil frå Bergen/Stavanger til Stord. (ca 2 timer)
  • Ekspressbuss Haukeliekspressen eller bil frå Oslo/austlandet til Aksdal og så buss inn til Stord. Eller bil over fjellet (ca 5-7 timer)
  • Fly til Stord Lufthamn Sørstokken (1 time)
  • Fly til Bergen Lufthavn/Sola Flyplass, og ta ekspressbuss eller hurtigbåt til Stord. (2 timer)

Sjå reiserute frå der du bur

Rundt Leirvik finnes det mange tilbod

Innanfor 1km finn me mellom anna:

  • Vikahaugane Idrettspark
  • Fotballbane
  • Daglegvarebutikk
  • Leirvik sentrum med restauranter, uteliv, kjøpesenter, butikker og mykje meir.
  • Skøytebane
  • Konsertscene
  • Sunnhordland Museum og utescene
  • Restauranter
  • Kollektivterminal for kjapp tur til Bergen eller Stavanger
  • Kino
  • Morgonsamling og seminar vert arrangert gjennom skuleåret med spennande tema og personar som kjem for å formidle og fortelje. 
  • Arrangøren: I løpet av året får du som elev sjansen til å vere med å arrangere festivalar, maraton, turneringar, LAN, og andre happenings. Alle elevar vil få anledning til å velje seg eit arrangement dei skal få vere med styre og organisere. Om det er noko heilt nytt, eller av det som eksisterer i dag: Musikkfestivalen 100 Dagar, Barnebokfestivalen Falturiltu, Berekraftsvekene, Sunnhordland Maraton, Folk i Sentrum eller anna.
  • Livet og sånt: Her får du som elev vere med å påverka kva du ønsker å læra meir om, alt frå identitet, samliv, seksualitet, døden, personleg økonomi, filosofi, korleis søka lån, og mykje meir. 
  • Føredrag/Workshops: Me drar inn spennande folk for å lære av dei.
  • Musikk / Skulekor: Sang er ein viktig del av alle folkehøgskuleår!
  • Fysisk aktivitet: Variert mosjon og trening på alle nivå.
  • Felleskveldar / Temakveldar / Festar
  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 8-17. oktober (8. okt. fri frå kl. 12)
  • Juleferie: 17. desember til 6. januar (17.des. fri frå kl. 12)
  • Vinterferie 26.februar til 6. mars. (26.feb. fri frå kl. 12)
  • Påskeferie 8- april (8.april fri frå kl. 12)
  • Avslutningsfest 14. mai
  • Avreise 15. mai
  • Skulestart: 21.august 2022
  • Haustferie: fredag 7-16. oktober (7. okt. fri frå kl. 12, retur søndag 16. oktober)
  • Julaferie: 16. desember til 4. januar (16.des. fri frå kl. 12, retur den 4. januar)
  • Vinterferie 24.februar til 5. mars. (24. feb. fri frå kl. 12, retur den 5. mars)
  • Påskeferie 31. mars til 11. april (31. mars fri frå kl. 12, retur den 11. april)
  • Avslutningsfest 13. mai
  • Avreise 14. mai
  • Tilgang på kulturhusbassenget på kveldstid.
  • Dei ulike elevgruppene vil ha ansvar for å arrangere elevkveldar
  • Me vil få besøk av forskjellige lag og organisasjoner som har ansvar for å stelle i stand underhaldning eller møte med spennande mennesker saman med oss
  • Idrettslaga inviterer elevane til å delta på sine treningar, innan ballsport, symjing, motorsport og mykje meir.
  • Utforsk øyane rundt Stord, med vår eigen båt og camping-utstyr.
  • Det vil vere varierte kveldsaktiviteter gjennom heile året, her vil du kunne delta på mykje spennande og variert som er utanom faga ved skulen. 
  • Kafé-bar, tilgang på alt utstyr, spel og fritidsaktivitetar.
  • Me held til i eit tidlegare hotell me har pussa opp og ombygd til folkehøgskule.
  • Det er 64 rom, 9 enkeltrom, 49 dobbeltrom og 6 store hc/trippelrom.
  • Når du flytter inn får du eit flott rom med eige bad, nybygde klasserom, fellesrom og matsal.
  • Romslege rom med komfortable senger og møblane du treng.

På Stord Folkehøgskule er romma fordelt over 3 etasjer, med enkel tilgong ned og ut til fellesarealene.

Det er og vaskerom kor du kan vaske og tørke kleda dine.

Klasseromma vil du ha tilgang på også utanfor skuletid, til fritidsaktivitetar. Me har fleire samlingsrom, kafèbar, matstove, bordtennis, biljard, filmrom, kunstrom mm

Skulen ligg midt i urbane Leirvik, som betyr at det er mykje som skjer både i og utanfor huset. Her er du tett på folk, fjord, fjell og fritidstilbod. Det er ikkje langt bort til skog og mark, for joggeturar og trening.  Ei storstove, kor ein kan ha konserter, selskap, våre eigne samlinger og elevkvelder mm.

I skulen eller i kort avstand

  • Takterasse
  • Treningssenter
  • Dansesal
  • Svømmebasseng
  • Sosialstove
  • Kano/Båt til å dra ut på vatnet/sjøen.Kulturhus/Kino
  • Daglegvarebutikk, parkar, Boccia-bane, Skatepark

og mykje meir

  • Stord folkehøgskule har 18års aldersgrense.
  • Fortel oss litt om deg og dine interesser utover linjefaget så kan me skape det beste skuleåret saman med deg.
  • Du treng ingen forkunnskap for å få plass på våre linjer.