Internat og skulebygg

Matsalen på Stord Folkehøgskule
framsida av Stord folkehøgskule
musikk i storstova Vikjo
Innseglinga til Stord. Stord hamn. Stord folkehøgskule
Middagsservering på Stord Folkehøgskule
Matsalen på Stord Folkehøgskule
Utleige selskap map fest konferanse
Utleige selskap map fest konferanse
2018.12.28 Flyfoto 003 scaled
Soloppgang sett frå Leirvik

Skulen

Stord Folkehøgskule er ein av landets nyaste folkehøgskular. I 2021 kjøpte me eit hotell, som me har pussa opp og bygd om til folkehøgskule.

Skulen ligg midt i Leirvik sentrum. I umiddelbar nærhet til skulen finn du treningssenter, kino, idrettsanlegg, handlesenter, caféar, sjø, byliv og kort veg til alt av natur som omringer byen.

Heile internatet og skulen integrert med kvarandre. Noko som gir ein veldig varm husfølelse. 

Internatet

Opplev det fantastiske samholdet du kan få på internatet. I kvar etasje er det rundt 20 rom, og det er eige bad og toalett på alle rom.

  • Alle rom har eige bad med toalett og dusj.
  • Romslege rom med gode senger og dei møblane du treng.
  • Romma er fordelt over tre etasjar
  • Totalt 64 rom. Flest dobbeltrom, nokre enkeltrom og 6 store hc/trippelrom.
  • Vår eigen oase på taket med kunstgras, sofagruppe og hengekøyer.

Sjølvsagt trådlaust internett i alle internat-etasjane, og på heile skulebygget.

Rommene er tidlegare hotellrom, så dei er lyse og gode, med morgonsol eller kveldssol. 

På Stord Folkehøgskule er romma fordelt over 3 etasjer, med enkel tilgong ned og ut til fellesareala.

Rommet ditt

Det er viktig for oss at du trivst på skulen. Rommet er ditt, dette året! Du kan derfor setta eit personleg preg med pynt og tekstilar. Me har mange møbel- og interiørbutikkar nær skulen, og du har god plass til medbrakte personlege eigendelar i skap og rom. Me lagar ikkje hol i veggane, men med litt klister og teip får me det meste hengt opp.

Det er lurt å tenka fram til neste ferie når du pakker med deg ting. Kvar ferie kan du henta nytt eller bytte ut det du ikkje har behov for å ha på skulen. Me har mildvær nærmast året rundt og du treng ikkje den tjukkaste jakka før nærmare juleferien. 

Koffertar, ski og anna større utstyr plasserar me på det store lageret vårt på loftet. Under senga er det også god plass til bedrollers. 

Korleis fordeler de elevane på rom?

Kvar sommar setter ass. rektor Irene seg ned og les gjennom søknadane til dei som har fått plass. Basert på informasjonen i søknaden, kjønn og linjeval fordelar ho alle elevane på våre tre internat. Det viktigaste for ho er å blanda elevar frå ulike linjer, samtidig som ho forsøker å ta omsyn til alle behov som blir uttrykk i søknaden. 

Kva gjer eg om eg ikkje trivst med romkameraten min?

Det plar heldigvis å klaffa relativt godt med dei fleste. Nokre treng litt meir tid enn andre å bli kjent. Skulle det absolutt ikkje fungera med deg og din romkamerat så vil me prøva å finna gode løysingar saman.

Vaskerom Stord folkehøgskule

Praktisk info

Me er opptatt av at alle skal trivast på internatet. På ukentlege korridormøter blir me derfor enige om korleis me vil ha det.

  • Vaskerommet vårt er flunkande nytt og moderne, med 8 vaskemaskinar og 8 tørketromlar, i tillegg til eit stort tørkerom. 
  • Me har lagerplass til det meste enten i korridoren din eller på loftet.
  • Det er stilletid på internatet kl 23, så alle skal få sova, men det er fullt mogeleg å opphalda seg i andre sosiale rom, uten å forstyrra kvarandre.
  • Det blir servert 4 måltider til dagen i skulen sin matsal, men det er tilgong på ovn, mikro og liknande så de kan laga mat utanom.
  • Ytterdøra stenger kl 23, men de kan koma og gå som de vil med eigen nøkkel.
  • Klasseromma vil du ha tilgang på også utanfor skuletid, til fritidsaktivitetar. Me har fleire samlingsrom, kafèbar, matstove, bordtennis, biljard, filmrom, kunstrom mm

Og ikkje minst området rundt skulen!

Skulen ligg midt i urbane Leirvik, som betyr at det er mykje som skjer både i og utanfor huset. Her er du tett på folk, fjord, fjell og fritidstilbod. Det er ikkje langt bort til skog og mark, for joggeturar og trening.