Idrett, friluftsliv og spenning!

Du kan søke skuleplass allereie no!

Lyst på eit år fylt med det beste av to verdener? Kombiner friskt friluftsliv, med aktiv idrett. Inne, ute, vått og tørt, intenst og krevande, men alltid gøy og spennande! Linja vil ha fokus på små og store frilufts-opplevingar, ballspel, styrketrening, spennande og fartsfylte aktivitetar som vannsport, klatring med meir. 

Unike opplevingar og samhald i friluft

Me reiser til spenannde destinasjoner, utenfor høgsesongen, det betyr at du slepp å gå i kø, men får nyte turen. Me reiser på turar på vatn og til fjells. Spennande destinasjoner og opplevingar me blir einige om saman. Folgefonna, Preikestolen, Dronningstien, Via Ferrata, surfing på Jæren, og mykje meir ligg som perler rundt Stord.

Her vil du få velja mange varierte og spenannde aktivitetar

Stord er eit knutepunkt for mange idrettar. Med store idrettsanlegg vil me innom alt av tradisjonelle sportar. Styrketrening, volleyball, klatring, frisbeegolf, bordtennis, padel og mykje meir er lett tilgjengeleg ved skulen. I tillegg ligg me rett ved vatnet, der vannski, kajakk-padling, segling osb er mogeleg. Og du vil få tilbod om å ta ekstra-kurs som båtførarprøven, dykkarlappen mm.

Glad i styrketrening og eigentrening?

Me er fleksible, slik at dei som ønsker å ta ei økt eller to på  treningssenter i løpet av veka, kan få gjort dette i linjetid.

Her dyrker me det sosiale fellesskapet

Eit år på internat med andre med felles interesser betyr nye opplevingar, og venskap for livet. Du får tid til å orientere deg i livet, og kanskje gjere noko anna før du går ut i høgare utdanning eller arbeidslivet. Er du skulelei, er folkehøgskulen perfekt for deg. Du former året med linjer og valfag som du liker. Det er ikkje utan grunn at folkehøgskulen blir aklla livets skule.

Delta på aktivieter med idrettslaga

Om du vil dobla opp med treninga, så har Stord Idrettslag, skøytelaget, svømmegruppa, handball, fotball, turn, volleyball, basket, skyttarlag mm. Og mange andre aktiviteter du kan delta på.

Kom å bli med på lærerike opplevingar og eit aktivt år på Stord!

Me kler oss i gigantisk luftballong og speler fotball med mykje knall, fall og dytting. Idrettslinja: Multisport Explore ved Stord folkehøgskule
Rafting med Stord folkehøgskule, på idrett, friluftsliv og spenning
Start video

Via Ferrata / Juving 

Obligatorisk: Valfritt
Pris: Inkludert i linjepris 

Før haustferien tar me oss ein tur inn i Åkrafjorden. Her kan du som elev velge mellom den heftige Via Ferrata Kyrkjeveggen, eller den litt snillere alternative ruta. Om ikkje klatring er tingen for deg er det muligheter for juving eller fjelltur. 

 

Dronningstien, Melderskin, Folgefonna, Ulvanosa og mykje meir  Mange vakre fjelltoppar med idrett og friluftsliv på Stord folkehøgskule

Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris 

Stord ligg i hjarta av Vestlandet, med fjell, fjordar, kyst og øyer så langt auga kan sjå!

Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente men lika nydelege reisemål du ikkje har høyrd om. Me tilpassar turane etter nivå.  

 

Studietur: Rafting

Obligatorisk: Valfritt
Pris: Inkludert i linjepris

Me reiser til Voss og får ein våt, og spennande opplevelse, før vinteren kjem!

Rafting med Stord folkehøgskule, på idrett, friluftsliv og spenning

Rafting med Stord folkehøgskule, på idrett, friluftsliv og spenning

 

Studietur: Surfing

Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris 

Me tilbringer eit par spennande dagar på stranda, med surfebrettet og det våte element.

Idrett og friluftsliv på surfing med Stord folkehøgskule

Idrett og friluftsliv på surfing med Stord folkehøgskule

For deg som ønsker eit aktivt og gøyalt år der pulsen og gliset kjem fram! Der du får prøvd mange ulike idrettsaktivitetar saman med nye vener frå heile landet. Kom å bli med oss! 

Våre forventninger til deg 

At du er klar for eit intenst og spennande år, fylt med mange aktiviteter. At du ønsker eit variert år som utfordrer deg litt, men der du òg kan utfordre oss.  

Du som ønsker variert og aktivt år fyllt med idrett og friluftsliv. Me vil tilpasse nivået til forskjellige elever gjennom skuleåret. Kom med ein interesse for varierte opplevinger og så klarer me resten saman 

Det er mange aktiviteter ein i fellesskap vil planlegge utover året. Her vil klassen vere med å planlegge. 

Dette vil du få oppleve 

  • Styrketrening på treningssenter 
  • Idrettar inne og ute, volleyball, frisbee, padel, mm 
  • Kajakk/kano 
  • Planlegge tur og overnatte ute i naturen 
  • Dagsturar og overnattingsturar 
  • Toppturar 
  • Hockey, skøyter, alpint og langrenn 
  • Klatreopplæring inne og ute (hvis ønskelig) 
  • Vannski, tube, wakeboard 
  • Solodøgn (hvis ønskelig) 
  • Brevandring, rafting, surfing, curling, OCR-løp osb? Me vert samen einige om slike opplevingar. 

Pakkeliste:  

  • Ryggsekk minimum.60L (tursekk) 
  • Sovepose (3-sesong) 
  • Liggjeunderlag 
  • Sykkel (Litt tjukke dekk). Treng ikkje være ein ny/dyr sykkel! 
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning. 
  • Vinterjakke- og bukse 
  • Fjellstøvlar 
  • Vanntette tursko 
  • Tjukk genser (helst ull) 
  • Minst 2 sett ullundertøy 
  • Ull-sokkar (gjerne forskjellig tjukkelse)   
  • Lue 
  • Vottar 
  • Skjerf/hals 
  • Joggesko  
  • Innesko (lys såle) 
  • Treningstøy ute/inne 
  • Badetøy 
  • Termos 
  • Turbestikk, skål/tallerken og kopp 
  • Solbriller 
  • Hovudlykt 
  • Godt humør! 

Og dersom du har: 

  • Fotballsko (sko for bruk på kunstgras) 
  • Skøyter (me har nokre til utlåns)  
  • Fiskesaker (me har nokre teiner, stenger, garn og ruser)  
  • Redningsvest (Om ønske om heilt eigen, ellers har me)   
  • Ski og skiutstyr (langrenn, alpint ol). BUA har litt til utlån, men veldig begrensa utval. 
  • Alt av personleg trening- og friluftslivutstyr som du ynskjer å få brukt i løpet året.  
  • Instrument dersom du har og ønsker musikkvalfag. 

Elles stiller me med det meste av større utstyr som telt, kajakker og denslags.

Dette utstyret får du låne av skolen 

Me har mellom anna: 

  • Telt 
  • Hengekøyer 
  • Lavvo 
  • Stormkjøkken  
  • Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv) 
  • Kajakker/kano 
  • Våtdrakt 
  • Flytevestar 
  • Skøyter (nokre til utlåns) 
  • Ski (nokre til utlåns på BUA, men begrensa!) 
  • Båt 

Bent Brattbakken

LÆRAR

Bent er vår sprudlande duracell-kanin, han likar alt av aktivitetar. Trening med høg eller låg puls, friluftsliv på vatn, til lands, på snø og fjell. Det er alltid spenning med Bent på tur! Bent har vore svømmeinstruktør i mange år, og har jobba ved alle typar skuleslag frå barnaskule til høgskule. Austlendingen Bent finner alltid på noko sprell, og vil skapa eit herleg år med deg her på Stord!
Epost: bent@stordfhs.no
Telefon: 98806862

Andreas Kjempenes

LÆRAR

Tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann, artigmann og knallert. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534