Fleksible, sentrale, lyse og konfortable lokaler
midt i Leirvik sentrum

Lokaler på folkehøgskulen til kurs og konferanser

Stord folkehøgskule ligg sentralt til midt i Leirvik, på Stord. Sentralt på Vestlandet, midt mellom Bergen og Stavanger (ca 2t). Skulen ligg i eit ombygd hotell, og kan leigast til møter, konferansar og kurs både i skuleåret (august-mai) og utanom (mai-august). Her har me gode fasilitetar og god plass, og me tilbyr ei rolig og uformell ramma om samlinga.

Me er tilpassingsdyktige, ved større arrangement ta kontakt så skreddersyr me eit opplegg med overnattingar, selskap, kurs eller det som måtte passa.

Nokre naturlege begrensingar når arrangement vert å gå medan elevar er tilstades ved skulen.

Me har mange rom til forskjellige behov; klasserom, grupperom, seminarhall til grupper inntill 160 personar.

Klasseromma har vanleg standard, med AV-utstyr.

Pris klasserom frå kr 400,-

Skulen kan tilby overnatting på 63 rom (enkelt, dobbelt og tremannsrom) til inntil 125 personar i perioden ~20. Mai – 20. August.

Me kan gje eit godt tilbod på pakkar som inneheld f.eks:

  • Møte/Undervisingsrom
  • Overnatting
  • Servering og måltider
  • Hjelp til å arrangera utflukter med mer

[Ta kontakt for tilbod og spørsmål]

Gode venner på trening. Multisport Explore Stord folkehøgskule
Innefotball med Multisport Explore Stord folkehøgskule

Her er våre forslag til møtemeny

kaffi og te

noko å bita i

lunsj og wraps

Dagens middag …

tapas

sjølsagt full høve til vår selskapsmeny

Vikjo – Vår nye storstua og festsal på heile 260 kvadratmeter ligg i vestenden av bygget vårt. Lokalet er ope, lyst og moderne, med moglegheit for møblering og tilpassing til mange ulike føremål. I tilknyting til lokalet ligg to store inngjerda terrassar, toalettfasilitetar mm. Ved større selskap reknar me Vikjo og matsalen som eit lokale. Kapasitet rundt 160.

Matsalen og bestastova – Dette lokalet er berre tilgjengeleg når det ikkje er elevar ved skulen (20. mai – 20. august). Lokalet har eit historisk og gjennomført preg, store lyse vindauger og ein behageleg atmosfære. Kapasitet rundt 50-100

Kråko – Dette klasserommet ligg i etasjen over hovudinngongen, med stor veranda. Rommet kan møblerast til mindre selskap.

Huglo – Eit flott lyst, nytt og moderne klasserom med plass til 25-30 personar.

Overnattingsrom – Stord folkehøgskule har 20 enkeltrom, 40 dobbeltrom og 3 sovesaler/3-6mannsrom som er mogelege å leiga mellom 20. mai og 20. august.