Kva er folkehøgskule?

Deilig med kort veg til skog og mark. Stord folkehøgskule

Du bur på skulen, med andre studentar på din eigen alder, skuletid, fritid og kvardag glir saman når de skal tilbringa eit år på å utforska felles interesser med nye venner frå heile landet.

Folkehøgskule er verdas friaste skule. På folkehøgskulen er det verken karakterar, pensum, eller eksamen. Me trur nemleg at du lærer betre utan press.

På folkehøgskule får du prøva ut eit fag i praksis, ikkje berre fordjupa deg i teori. Du får tett oppfølging av engasjerte lærarar. Klassane er gjerne små, med 10 – 20 elevar.

Folkehøgskuleåret varer i ni månader, frå august til mai. Det er vanleg å gå på folkehøgskule rett etter vidaregåande, og dei fleste elevane er mellom 18 og 21 år.

Me står på vannski! Rett utanfor Leirvik. Idrettslinja: Multisport Explore, ved Stord folkehøgskule

«Det beste året i mitt liv»

fortel mange når dei ser tilbake på året ved Stord Folkehøgskule. Det var dette året dei møtte sine beste venner, og hadde tid til å gjere akkurat det dei ville. Du får oppleva eit nært fellesskap, kor det å vere deg sjølv er godt nok. Du får eit skuleår uten karakterjag og eksamener. På Folkehøgskule opplev du ein frihet til å følge dine interesser, kor læring skjer med lyst og gjennom handling i eit fellesskap uten press.

Folkehøgskuleåret er på 9 månader, frå august til mai, og er tettpakka av unike opplevingar, fantastiske studieturar og nye venner. Det er også internatlivet, kor du deler hus med andre, og saman finn ut korleis ein vil ha det på internatet. Hos oss kan du velje å bu på dobbeltrom eller enkeltrom. Dei fleste ønsker dobbeltrom, for å vere mest mogeleg sosial. Andre føretrekker enkeltrom.

På folkehøgskulen flyt ofte skuletid og fritid saman. Undervisinga vår er bygd opp rundt dialog, og at elevane samhandler med kvarandre og med lærarane. Ein av folkehøgskulen sine styrker er nettopp å bygga gode fellesskap og skapa trygge rammer kor du kan vere akkurat den du ønsker å vere. 

På Stord folkehøgskule kan du velje mellom meir enn 30 ulike valfag. I tillegg har me ei rekke ulike fritidstilbud, som aktivitetar i svømmebassenget, ballspel, brettspel, turar, bålkveldar og mykje meir.

Noko av det mest verdifulla og unika med folkehøgskule er det sosiale livet, som er ein stor del av skuleåret. Her finn du alltid nokon å vere saman med. 

Så om du lurar på om folkehøgskule er for deg, så vil me påstå at folkehøgskulen har noko for alle.

Gode venner på trening. Multisport Explore Stord folkehøgskule
81 / 100