Våre verdiar - Stord Folkehøgskule
Frilynt Skule
Som frilynt skule driv me uavhengig av livssyn. Me legg vekt på grunnleggende humanistiske verdier som; toleranse, menneskeverd, og likeverd, rettferd og fridom under ansvar.
For oss på Stord betyr det at me ønsker alle velkomne i fellesskapet uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldningar eller økonomi.
Føremålet til folkehøgskulen er å fremma allmenndanning og folkeopplysing, gjennom kunnskapsformidling og gjennom verdien av møtet mellom menneske med like og ulike bakgrunnar og interesser. Kjernen i Stord Folkehøgskule er tanken om at året skal bidra til danning og modning hos elevane.
S – sosial Venskap er noko av det finaste på jord. Det viktigaste me gjer er å skape venskap for livet.
T – trygg Personleg utvikling i trygge sosiale fellesskap. Prøving og feiling er gøy, spesielt saman med andre.
O – open Forskjellige folk er herlege folk. Gjennom å prøve nye ting, finn me det me brenn for.
R – raus Me vil ta vare på oss sjølv, menneska og naturen rundt oss. Vår klode er vårt ansvar. Alle kan gjere verden til ein betre stad, vere med i eit fellesskap, og ha gode idear å koma med.
D – deltakande Vårt mål er å inspirera og førebu deg på å sjå deg sjølv som aktør og hovudperson i eige liv, og som aktiv deltakar i samfunnet.
Berekraft, miljø og grøn skule
Stord Folkehøgskule legg FN sine berekraftsmål til grunn i all undervising. Berekraftig utvikling gir økonomisk vekst og betre livsvilkår for menneska, utan å øydelegga naturressursane og miljøet. Skulen ønskjer å vere ein lokal ambassadør i det å fremja av berekraftsverdiar og FNs berekraftsmål. Stord Folkehøgskule har eit mål om at alle linjene me tilbyr skal ta innover seg ulike sider ved berekraft og langsiktig utvikling.
Verdssamfunnet vert utfordra sosialt, demokratisk og økonomisk av aukande press på klima, natur og ressursar. Stord Folkehøgskule vil gjennom vår undervisning og drift utvikla berekraft som danning og vera ein sterk lokal og relevant løysingsorientert partner i samfunnets omstilling til ei berekraftig framtid.
Stord Folkehøgskule har fokus på berekraftsmåla til FN, i undervisninga vår vil spesielt måla om ansvarleg forbruk og produksjon (12), innovasjon og infrastruktur (9), samarbeid (17) og klimaendringar (13).
Entreprenørskap - Skaparkraft
«Vår visjon er å fostra gleda og meistringstrua, slik at elevane tar initiativet i eigne liv og omverda.»
Stord og øyriket Sunnhordland er ein av landets fremste regionar på gründerskap, entreprenørskap og initiativrike folk. Gjennom skuleåret vil elevane utfordrast gjennom linje- og fellesfag til å utvikla idear, og vere med å skapa arrangement. Dei får møta gründerar og arrangørar i regionen for å bli inspirerte til å følgja sine eigne draumar.
Personleg utvikling, meistring og læringa i fellesskap er viktige for å utvikla eiga gjennomføringstru.