Du kan søke allereie no!
Bli med på ei magisk friluftslivsreise gjennom øyrikets natur og kultur.
Naturopplevingar, samarbeid og meistring er viktig for oss. Det er stor variasjon i aktivitetane, og endeleg opplegg blir planlagt i samarbeid mellom lærar og elevar.
Her er noko av det du kan få oppleva:
- Båtturar, fisking og setting av teiner
- Overnatte i eigenlaga gapahuk
- Oppdage skjulte strender i havkajakk
- Rafting, juving og vannski
- Lage bål og tilberede ulike typar mat ute
- Sov under stjernene
- Lære fridykking i sjø
- Toppturar
- Klatreopplæring inne og ute
- Dagsturar og overnattingsturar
- Ta båtførarprøven (viss du vil)
Vi har fokus på grunnleggjande friluftslivsferdighetar uansett kva aktivitetar vi gjer. Opplev kombinasjonen av adrenalin og heftige opplevingar med det å finne ro i naturen og kjenne på stillheten og vere tilstades i øyebikket.
Studietur til Island – der me utforskar den lokale kulturen, reiser rundt Saga-øya og opplever vår nordlegaste nabo på sitt beste.
Obligatorisk: Nei
Pris: 12 000
Varighet: ca. 10 dagar
– Geysirar, isbrear, vulkanar, Reykjavik, Gullfoss, rafting, ri på Islandshest, varme bad og mykje meir.
Ei reise til Island er noko for seg sjølv. På Island finn du ein variert, dramatisk og uberørt natur med isbrear, varme kjelder og mektige fossar, som gjer reisa til ei unik oppleving med minner for livet. Den eksotiske naturen byr på mange moglegheiter for avkopling og spennande aktivitetar.
Den islandske naturen er variert og eksotisk, og i naturen ser du spora etter korleis naturelementa har forma Island ved vulkanutbrudd, jordskjelv og erosjon. Over elleve prosent av landet er dekka av storslåtte isbreer. Den største er Vatnajökull (8400 kvadratkilometer og 1000 meter tjukk).
På turen rundt øya i minibuss får du både oppleva kjende turistmål, men enda meir spennande er det å oppdaga mindre kjente, men like spektakulære stader. Mange nydelege fotospots i det storslåtte islandske landskapet! Bading i forskjellige varme kjelder kvar dag, unike naturopplevingar og gode historiar.

Via Ferrata. Før haustferien tar me oss ein tur inn i Åkrafjorden. Her kan du som elev velge mellom den heftige Via Ferrata Kyrkjeveggen, eller den litt snillere alternative ruta. Om ikkje klatring er tingen for deg er det muligheter for fine fjellturar.
Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.
Vintereventyr
Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!
Deg som likar deg ute, har lyst å lære, og tilbringe eit sosialt år med nye vener, aktivitetar og gode naturopplevingar. Du treng ikkje ha erfaring frå før, men er klar for å utfordre deg sjølv.
- Padle i kajakk/kano – ta våttkort
- Planlegge tur og overnatte ute i naturen
- Sporløs ferdsel
- Opplæring i kart og kompass
- lage bål og tilberede ulike typar mat ute
- Fiske, sløye og tilberede middag
- Klatreopplæring inne og ute
- Solodøgn (om ønskeleg)
og mykje meir!
At du ønsker eit variert og aktivt år fyllt med gode naturopplevingar og spanande utfordringar.
- Har eit ønske om å vere aktiv og sosial
- Glad i friluftsliv (eller lyst å bli glad i det)
- Positiv og ønsker å utfordre deg sjølv
Men viktigast av alt: Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år saman med ulike mennesker under same tak.
Skulen stiller med alt av felles og spesialutstyr. Det du treng er ditt personlege turtøy.
- Ryggsekk minimum.60L (tursekk)
- Sovepose (3-sesong)
- Liggjeunderlag
- Sykkel (Litt tjukke dekk). Treng ikkjevære ein ny/dyr sykkel!
- Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning.
- Vinterjakke- og bukse
- Fjellstøvlar
- Vanntette tursko
- Tjukk genser (helst ull)
- Minst 2 sett ullundertøy
- Ull-sokkar(gjerne forskjellig tjukkelse)
- Lue
- Vottar
- Skjerf/hals
Sjekk linjesida på Stordfhs.no for full liste.
Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, som primuser, telt, våtdrakter, redningsvester, kanoer, transport og slikt. Personlege ting som soveposer og tøy må du ha eige av.
Me har mellom anna:
- Telt
- Hengekøyer
- Lavvo
- Stormkjøkken
- Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
- Kajakker/kano
- Våtdrakt
- Flytevestar
- Skøyter (nokre til utlåns)
- Ski (nokre til utlåns)
- Båt
Andreas Kjempenes
LÆRAR
Tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann, artigmann og knallert. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.
Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534