Ledige stillingar Stord Folkehøgskule sommarhotell

Stord Folkehøgskule framsida av bygget

Stord folkehøgskule søker dyktige medarbeidarar til vårt team, me søker kokk, kjøkken- og hotellmedarbeidarar, reinhald, nattevakter/frukostmedarbeidarar for sommarsesongen 2022.

Sommaren 2022 skal Stord folkehøgskule sitt sommarhotell vere vertskap for tilreisande frå heile landet. Utlyste stillingar er i utgangspunktet sesongbaserte/mellombels. Som tilsett vil du arbeida tett med våre faste medarbeidarar og få opplæring og innføring i vår kjøkken- og hotelldrift. Tilsetjing er frå tidlegast medio mai til medio august etter avtale. Arbeidstider varierer med stillingane i høve til skift- og turnusordning. Våre gjester vil primært vere på bygget tidleg morgon og kveld.


For søknad må du fylla ut dette skjemaet: SKJEMA

Me søkjer etter:

Kokk

    • Me søker 1-2 kokkar
    • Medansvar for: Planlegging av middagsservering, handsaming og mottak av varer, produksjon og servering, reinhald av kjøken og anna tilhøyrande arbeid.
    • Inntil 100% stilling for heile eller deler av perioden

Kvalifikasjonar:

    • Fagbrev eller god erfaring som kokk
    • Kan jobba kveld og helg i turnusarbeid
    • Kan arbeida sjølvstendig og saman med andre
    • Kan ta styringa når kjøkkensjef er borte
    • Språk: norsk munnleg og skriftleg og engelsk

Kjøkken- og hotellmedarbeidarar

    • 1-2 kjøkkenmedarbeidarar
    • Du vil bidra i førebuing av frukost, førefallande kjøkkenarbeid, resepsjon, rydding/reinhald.
    • Inntil 100% stilling for heile eller deler av perioden

Kvalifikasjonar:

    • Helst erfaring frå kjøkkenarbeid
    • Fleksibel og glad i variert arbeid
    • Serviceinnstilt og møter gjester med eit smil
    • Språk: norsk og engelsk

Reinhald

    • 1-2 reinhaldsarbeidarar
    • Som reinhaldsmedarbeidar har du ansvar for at hotellromma og fellesromma er reine og ryddige samt skifte av sengetøy.
    • Inntil 100% stilling for heile eller deler av perioden

Kvalifikasjonar:

    • Relevant erfaring frå reinhald og gjerne frå servicebransjen
    • Fagbrev som reinhaldsoperatør, men relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande fagbrev.
    • Auga for å halda det fint og ryddig rundt deg
    • Serviceinnstilt og møter gjester med eit smil

Vaken nattevakt og frukostmedarbeidar

    • Me søker 2-3 nattevakter
    • Nattevakta har ansvar for å stenga ned for kvelden, gå vaktrundar og vere tilgjengeleg for gjester ved behov.
    • Du vil førebu frukost og niste til gjester.
    • Vere i beredskap gjennom natta
    • 100% stilling for perioden eller etter avtale

Kvalifikasjonar:

    • Sjølvstendig og trygg på å vere på jobb åleine
    • Gjerne erfaring med kjøkkenarbeid
    • Serviceinnstilt og møter gjester med eit smil
    • Språk: norsk og engelsk

Stord folkehøgskule tilbyr:

    • Lønn og arbeidsvilkår etter tariff
    • Triveleg arbeidsplass midt i sentrum
    • Forutsigbar arbeidskvardag
    • Om du søker ein eller fleire av stillingane så merk gjerne det.

 

For søknad må du fylla ut dette skjemaet: SKJEMA

Du kan i tillegg senda eventuelle vedlegg/CV på epost: Kontor@Stordfhs.no

Søknadsfrist fortløpande

 

 

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter