Festival, design og idéutvikling. Denne linja handlar om å skapa liv ut av fantasiane dine! Her får du utfolde deg, for å skapa gjenstandar, arrangement eller anna du måtte finne ut at du vil skape!
Er du klar for tidenes år med kreativ spenning på Stord folkehøgskule?
- Start di eiga studentbedrift! Her får du oppfølging gjennom eit skuleår, og anledning til å kome med ein idé eller utvikle noko heilt eige, saman med andre i klassen din. Me vil besøke mange gründerar og bedrifter, lære om utvikling, design, marknadsføring, sal og mykje meir.
- Arranger ein festival!
Som elev på denne linja får du vere med bak kulissene på ulike festivaler og sjå kva som skal til for å skape eit spennande arrangement. Gjennom skuleåret skal klassen arbeide med å utvikle sin heilt eigen festival og ulike arrangement. der de tar regien! - Besøk verdsleiande industri og utviklarar
Gjennom året skal me besøke nokre av verdens fremste offshore-bedrifter. Dei som designer og lagar elektriske ferjer, flytande havvindmøller, biogass, hydrogen og alger. Du får oppleve med eigne auge korleis nyskaping blir til! - Personleg utvikling vil vera kjernen i linja
Gjennom å bli utfordra og gitt mange spennande oppgåver, vil du læra om korleis organisasjonar, leiarar og styring heng saman og korleis det lause ønsket om å få til noko vert til frå idé til handling. - Berekraft, etikk og miljø-val
Me lærer også om korleis samfunnet heng saman, kva som må til for å få ned klimagassutsleppa, endre miljø-skadeleg åtferd og korleis løyse desse utfordringane i kvardagen.
Og ikkje minst. Me skal ha det sosialt med nye vener gjennom heile skuleåret!


Søk skuleplass
Informasjon
Generell info finn du her
Innovation road trip Europa
- Obligatorisk: Nei
- Pris: 12 000
- Måltider pr dag inkludert: 2
Når våren kjem reiser linja på rundreise til Amsterdam, Antwerpen, Brüssel og Ruhr-dalen i Tyskland. Me besøker VR-gaming rooms i Amsterdam, opplevingsreise gjennom innovative Brüssel, og andre spennande opplevingar og aktivitetar du og klassen skal vere med å planlegge gjennom skuleåret.
Denne linja er midt i blinken for deg som vil gjere fantasi om til verkelegheit. Som vil lære å arrangere, designe og utvikle noko gøy. Om det er ein festival eller bedrift, for å få ting til å skje!
Dette vil du lære
Du vil bli utfordra i mange ulike oppgåver. Frå å løyse reelle problemer frå næringslivet til å designe og realisera heilt eigne produkt og idear.
Korleis det lause ønsket om å få noko til, går frå idé til handling.
- Kreativitet
- Sosialt entreprenørskap
- Lære direkte frå verdsleiande offshore-industri
- Etablera og drifta studentbedrifter.
- World Cafe
- Finne på og lage til eigne arrangement
Våre forventninger til deg
At du er nysgjerrig og har lyst å prøve noko nytt. Her kjem du til landets nyaste folkehøgskule og vil få ein herleg fleksibilitet til å påverka og utvikla ditt eige skuleår. Me vil legge til rette for at du får utfordra deg.
Du likar å prøva ut nye ting, tar ei utfordring og synst det er spennande å løysa nye problem!
Dette utstyret får du låne av skulen
Me har tilgang på svært mykje verktøy og utstyr. Som du får tilgang til som elev. Mykje finnes ute i bedriftene, og me låner det me treng. Men mykje finn me på skulen sjølv.
- Skjærebrenner
- 3D-printer
- Alt mogeleg handverktøy
- CNC-brenner
- VR-briller
- Lasergravering
- Foliering-printer
- Loddestasjon
- Dreiebenk og sløydustyr
- Droner
- Videokamera
- Speilreflekskamera
- Symaskiner, trykkpresse
- og mykje meir











