Heftig og rått år med Motocross på Stord folkehøgskule. Har du ein interesse frå før av, eller eit ønske om å lære det? Denne linja gir deg mykje køyring, læring, action og sosialt.

Sjå demonstrasjon av vårt anlegg på Stord. Dette er eit av fleire anlegg innan kort avstand. Mild temperatur gjer at me kan køyre mykje meir gjennom skuleåret, uten å måke snø kvar dag!

 

Her vil du lære meir om korleis du handterar køyretøyet ditt. Både på banen, og stell. Du kan få lisens som sikkerheitsleiar, mykje køyring i eit av landets flottaste og nyaste motocrossanlegg. Og få vener frå heile landet, som deler din interesse!

Om du er fersk, kan du låne ein av våre sykler, og lære deg motocross frå botnen. Anlegget er tilpassa både dei erfarne og nybegynnarane!


Me vil delta og arrangere løp på Stord, Bømlo, Karmøy og rundtom. Du får vere med å planlegge Vestlandsmeisterskapet.

Og så inviterer me køyrar i noregstoppen til å kome på treningssamling hjå oss.


DANMARK!

Når våren kjem og temperaturen stig att så tar me oss ein hardcore skandinavisk rundtur, då går ferda til Danmark, og rundt innom Sverige på veg heim. Me testar ut motocross-anlegga som er der, køyrer gokart, paintball, raude pølser og fornøyelsespark. Det blir ein intens men spennande tur.


Me ønsker deg hjarteleg velkommen til Stord og vår motocross-linja! Som heilt ny skule, legg me ekstra mykje i at du og me skal skape eit fantastisk skuleår.

Velkommen til Stord!

Romsleg bane med plass til fleire. Stord folkehøgskule
Går hardt for seg i svingane. Motocross Stord folkehøgskule

Søk skuleplass​

Informasjon

Generell info finn du her

Dei som har ei interesse for motocross. Enten ein er fersk i sporten, eller har køyrt aktivt sidan ein var liten, vil ein ha stor glede av eit år her. Mykje køyring, action, knall sosialt og gøy!

Dette vil du lære

  • Ulike køyreteknikkar som bremseteknikk, svingteknikk, sporval, hopp, start osb.
  • Vedlikehald av sykkel og utstyr
  • Vedlikehald av bane og anlegg
  • Tryggleik på og rundt banen
  • Lera om drift av klubb
  • Førstehjelp
  • Mykje frikøyring
  • Trening både med dei i klassen, samt lokale medlemer av Stord Motorsportklubb

Våre forventninger til deg

Kom som du er! Er du fersk i løypa eller erfaren, så passer du inn her. Her kan du lagre sykkelen og utstyret ditt, og om du ikkje har så er det felles-sykler til bruk. Lurer du på noko så ta kontakt, dette året er for at du skal trives med din hobby, i eit godt og inkluderande miljø med nye vener.

  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Linjetur til Danmark, Berlin m.fl. på vårhalvåret
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mail
  • Avreise 15. mai

Dette utstyret får du låne av skulen

  • Verktøy
  • Spesialutstyr og areal for mekking
  • Tilgang på ekspertise gjennom klubb og skule
  • Nokre motocross-sykler på deling mellom dei som ikkje har

Dette utstyret må du stille med selv

  • Me anbefaler å ha eigen motocross-sykkel, me vil ha nokre på deling til spesielt nybegynnarar.
  • Sikkerhetsutstyr som hjelm, støvler, brynje, hansker og bekledning.
  • Spesialverktøy om din krev dette
  • Støttebukk til motorsykkel
  • mangler du noko så får me det til å gå.
  •