Er du vår nye rektor?

Film-sett Stord folkehøgskule
71 / 100

Ønsker du å bli den første rektoren ved Stord folkehøgskule?

Arbeidsgjevar
Stord Folkehøgskule
Stillingstittel
Rektor
Frist
20.01.2021
Ansettelsesform
Fast
 

Det unike med folkehøgskule er det sosiale fellesskapet. Det beste året i mitt liv, seier mange om året dei gjekk på folkehøgskule. Som Stord folkehøgskule sin første rektor vil du ha stor påverknad på utforminga av den nye skulen. Med plassering i urbane Leirvik sentrum trur med at me har noko heilt spesielt å tilby våre komande elevar. Stillinga inneber at du saman med skulen sine tilsette skal gi eit skuletilbod prega av heilskap der fag, gode opplevingar, og refleksjon er viktige dimensjonar. Du må vere god til å skapa tillit gjennom openheit, dialog og invitasjon til medverknad.

Arbeidsoppgåver

  • Rekruttera stab og bidra til god oppstart av folkehøgskulen
  • Leggje til rette for gode fagtilbud, undervisningsformer og aktivitetar
  • Syte for at skulen har kompetanse til å løyse noverande og komande oppgåver
  • Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats
  • Bidra til godt samarbeid med elevar, tilsette, nærmiljø og skuleeigar
  • Sikre god intern administrasjon, styring og kontroll av skulen si verksemd

 

Ønska kvalifikasjonar

 

  • Leiarerfaring, relevant høgare utdanning og erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
  • Kompetanse innan økonomistyring og innsikt i erfaringsbasert pedagogikk 
  • Synleg, inspirerande og tilgjengeleg leiar som likar å ha mennesker rundt seg
  • Evne til heilskapeleg tenking samstundes som du klarar å handtere daglege gjeremål 
  • Inkluderande og samarbeidsorientert person med godt humør som ser den einskilde 
  • Gode kommunikasjonseigenskaper og evne til å profilera folkehøgskulen

Me tilbyr ein unik moglegheit til å utvikla og driva den nyaste folkehøgskulen i landet. Du vil få stor fleksibiltet til å utvikla eiga stilling, og skape ein aktiv arbeidsplass. 100% stilling og løn etter avtale. Den som vert tilsett må leggja frem politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.

For meir informasjon om stillinga kontakt Tom Monclair Larsen tlf 982 95 141 i Personalhuset Search & Selection eller styreleiar Lars Solberg tlf. 908 43 777 ved Stord folkehøgsskule.

 
Om arbeidsgjevaren

Stord folkehøgskule startar opp august 2021 som den nyaste folkehøgskulen i landet. Skulen er ein frilynt folkehøgskule med 125 elevplassar som vil ha fleire spennande og varierte linjer. Me har overtatt tidligere Grand Hotell i Leirvik sentrum, som skal byggast om. Verdigrunnlaget for folkehøgskulen er engasjement i organisasjonsliv, entreprenørskap og miljø og berekraft. Mottoet for skulen er «Ei tid for endring.» Byen Stord med sine 19.000 innbyggjarar ligg midt mellom Bergen og Stavanger, i hjarta av Sunnhordland. Rektor rapporterer til skulens styre.

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter