Fargeløp Stord fhs
Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Esport, Gaming og Sosialt på Stord Folkehøgskule
Stord Folkehøgskule
baking stord fhs
Norse Norwegian Stord Folkehøgskule
Vokal Låtskriver Band Stord Folkehøgskule
Norse Norwegian Stord Folkehøgskule
Råskap sport og spenning idrett friluftsliv trening

Stord Folkehøgskule

Stord folkehøgskule starta opp hausten 2021 og er etter tre skuleår godt etablert i Leirvik sentrum. Skulen er ein frilynt folkehøgskule med 125 elevplassar med spanande og varierte linjer. Me held til i tidlegare Grand Hotell som er bygd om til folkehøgskule. Verdigrunnlaget for folkehøgskulen er, i tillegg til allmenndanning og folkeopplysning, engasjement i organisasjonsliv, entreprenørskap og miljø- og berekraftsverdiar. Stord ligg midt mellom Bergen og Stavanger, i hjarta av Sunnhordland. Rektor rapporterer til skulen sitt styre. For meir informasjon sjå www.stordfhs.no

Er du Stord folkehøgskule sin neste visjonære leiar?

REKTOR

Det unike med folkehøgskule er det sosiale fellesskapet. Det beste året i mitt liv, i følge mange av elevane våre etter eit år på folkehøgskule. Som rektor på ein relativt ny skule vil du ha stor påverknad på den vidare utviklinga av skulen. Me har gode erfaringar med å vera plassert midt i småbyen Stord. Elevane set pris på kort avstand til tilbod og aktivitetar. Stillinga inneber at du saman med skulen sine tilsette skal gi eit skuletilbod prega av heilskap der fag, gode opplevingar, og refleksjon er viktige dimensjonar. Du bør vere ein raus og sosial person som legg til rette for tillit og dialog både i staben og mellom elevane, og som gjev høve til medverknad.

Arbeidsoppgåver

  • Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og målretta arbeid for ein god skule
  • Leggje til rette for gode fagtilbod, undervisningsformer og aktivitetar
  • Sørge for at skulen har kompetanse til å løyse noverande og komande oppgåver
  • Bidra til godt samarbeid med elevar, tilsette, nærmiljø og skuleeigarar
  • Sikre god intern administrasjon, styring og kontroll av skulen si verksemd

Ønska kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring, relevant høgare utdanning og erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
  • Kompetanse innan økonomistyring
  • Innsikt i erfaringsbasert og praktisk pedagogikk
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å profilere folkehøgskulen
  • Synleg, inspirerande og tilgjengeleg leiar som likar å ha menneske rundt seg
  • Evne til heilheitstenking samstundes som du klarar å handtere daglege gjeremål
  • Inkluderande og samarbeidsorientert person med godt humør som ser den enkelte

Me tilbyr ein unik sjanse til å utvikle og drive ein av dei nyaste folkehøgskulane i landet. Samstundes møter du ein engasjert og kompetent stab som har gjort mange erfaringar dei tre åra skulen har drive. Stillinga er 100% og med løn etter avtale. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.

For meir informasjon om stillinga kontakt
dagleg leiar Astrid Kjellevold, Atheno AS, 482 89 928
eller
styreleiar Tom Knudsen, Stord folkehøgskule, 908 30 688

 

Søknadsfrist 30 mai 2024

Søknad skal sendast til post@atheno.no  

19 / 100