Har du ein interesse for motocross, eller eit ønske om å lære det? Denne linja gir deg det heftigaste året med mykje køyring, action og sosialt. Vår topp-bane, motorsportklubb og skule venter på deg!
Sjå demonstrasjon av vårt anlegg på Stord. Dette er eit av fleire anlegg innan kort avstand. Den milde temparaturen i vårt område, gjer at me kan køyre gjennom store deler av skuleåret i eit av landets flottaste og nyaste motocrossanlegg.
Her vil du læra meir om korleis du handterer køyretøyet ditt. Både på banen, og stell. Du kan få lisens som sikkerheitsleiar, og få vener frå heile landet, som deler di interesse!
Om du er fersk, kan du låne ein av våre syklar, og læra deg motocross frå botnen. Anlegget er tilpassa både dei erfarne og nybegynnarane!
Me vil delta og arrangere løp på Stord, Bømlo, Karmøy, mellom anna. Du får vere med å planlegge Vestlandsmeisterskapet.
Me vil òg invitera køyrar i noregstoppen til å kome på treningssamling hjå oss.
DANMARK
Når våren kjem og temperaturen stig att så tar me oss ein hardcore skandinavisk rundtur. Då går ferda til Danmark, Berlin og Sverige. Me testar ut motocross-anlegga som er der. I tillegg blir det gokart, paintball, raude pølser og fornøyelsespark. Det blir ein intens men spennande tur.
Me ønsker deg hjarteleg velkommen til Stord og vår motocross-linje. Som heilt ny skule, legg me ekstra mykje i at du og me skal skape eit fantastisk skuleår.
Velkommen til Stord!


Søk skuleplass
Informasjon
Generell info finn du her
Dei som har ei interesse for motocross. Enten ein er fersk i sporten, eller har køyrt aktivt sidan ein var liten, vil ein ha stor glede av eit år her. Mykje køyring, action, knall sosialt og gøy!
Dette vil du lære
- Ulike køyreteknikkar som bremseteknikk, svingteknikk, sporval, hopp, start osb.
- Vedlikehald av sykkel og utstyr
- Vedlikehald av bane og anlegg
- Tryggleik på og rundt banen
- Lera om drift av klubb
- Førstehjelp
- Mykje frikøyring
- Trening både med dei i klassen, samt lokale medlemer av Stord Motorsportklubb
Våre forventninger til deg
Kom som du er! Er du fersk i løypa eller erfaren, så passer du inn her. Her kan du lagre sykkelen og utstyret ditt, og om du ikkje har utstyr, så er det felles-syklar til bruk. Ta kontakt dersom du lurer på noko. Dette året er for at du skal trivast med din hobby, i eit godt og inkluderande miljø med nye vener.
- Skulestart: 23.august 2021
- Haustferie: 3. – 11. oktober
- Julebord 16. desember
- Juleferie: 17. desember til 4. januar
- Linjetur til Danmark, Berlin m.fl. på vårhalvåret
- Påskeferie 7-19. april
- Felles-reise for skulen i april
- Avslutningsfest 14. mail
- Avreise 15. mai
Fra kr 121 000,-
Inkludert
- Undervisning
- Mat og rom på skulen (romtype: trippelrom eller dobbeltrom)
- Bad på rommet
- Skulegenser
- Internett
- Vaskemaskin
Lån og stipend
Husk at du også treng pengar til dette
- Enkelte valgfag
- Heimreiser frå skulen:
- Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
- Lommepenger. På bloggen fortel fire elevar kor mykje lommepenger dei brukte i løpet av sitt år på folkehøgskule



