Oversikt over valfag ved Stord folkehøgskule

Me driv framleis å lager til fleire valfag for deg å velje i. Så her vil det kome eit større utval framover. Har du spesifikke ønsker eller idear når skuleåret starter så kan me som ny skule i stor grad forsøke å få det til!

Musikkfestivalen 100 Dagar går av stabelen januar kvart år!

100 Dagar Musikkfestival

Lurt på korleis festivalane velger artister? Det gjer dei på eigne arrangørfestivaler som 100 Dagar på Stord. Her får du mulighet til å vere med å arrangera, gjennomføra og læra om festivalbransjen.

Valfag å oppleve og å bygge eit Escape Room på Stord folkehøgskule

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du vere med å lage eit escape room. Du vil besøka Escape Rooms i våre nabobyar, og gruppa vil avslutte med å designe og realisera årets Escape Sunnhordland!

Gatekunst, kreativ maling valfag Stord folkehøgskule

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Bokklubben som valfag Stord folkehøgskule

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store Biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Verdensrekord som valfag Stord folkehøgskule

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk. Verdens største pepperkake(by), verdens lengste intervju, o.l.

Ishockey Multisport Explore og valfag Stord folkehøgskule

Skøyter/Hockey/isdans/løp

Når vinteren kjem så tar me på oss skøytene og spelar hockey, trener på isdans og skøyteløp eller berre kosar oss på glattisen.

Arrangere Bazaar som valfag Stord folkehøgskule

Bazaar!

Me drar med oss den eldre garde og fyre i veg ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubbesokker og kaffi. Her snakker med beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn!

Elever jobber med prosjekt Stord folkehøgskule

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Psykologi og mindfullsness valfag ved Stord Folkehøgskule

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivelser, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Idrettsmassasje og yoga valfag Stord folkehøgskule

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved siden av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personer.

Dykking som valfag Stord folkehøgskule

Dykking

Teoretisk opplæring, praktisk opplæring i basseng og dykk i fjorden. Du får dykkerlappen og vil kunne dykke på egenhånd ned til 20 m dybde. Utforske vrak og korallrev i skjærgården rundt Stord. Pris: 8 000,-

Valfag Dans Stord folkehøgskule

Dans

I vår eigen dansesal lærar me å vrikka på rumpa, og kosa oss til rytmiske toner. Six-step, moderne dans, salsa og meir! Gøy og god trening.

E-sport valfag Stord folkehøgskule

E-Sport

Viss du vil spisse deg litt inn på E-sport gjennom skuleåret, er dette valfaget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Fall Guy, Starcraft

Journalistikk valfag Stord folkehøgskule

Preik og journalistikk

Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og lokalavisene, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.

Planlegge ein festival eller sentrums-arrangement? Valfag Stord folkehøgskule

La det skje!

Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangementer og korleis du arrangerer noko på eigahand.

Filmklubben Stord folkehøgskule

Netflix og Chill filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Og så knaskar me store mengder popkorn.

Brettspel og table-top Stord folkehøgskule

Brettspel og table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Årbok som valfag Stord folkehøgskule

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg