Oversikt over valfag ved Stord folkehøgskule

På Stord kan du velga mellom 30-40 ulike valfag. Med fantastiske lærarar frå på ei rekke fagfelt. Dei gir deg ein unik muligheit til å fordjupa deg i det du er interessert i.

Du velger 2-3 valfag for 3 perioder av året, haust, vinter og vår.  Du velger valfag når du kommer til skulen, og i forkant av kvar sesong, slik at du får prøvd ut det som interesserer deg mest.

Psykologi og mindfullsness valfag ved Stord Folkehøgskule

Psykologi og mindfullsness

Å vere bevisst på sine omgivelsar, tenke og forstå verden rundt seg og vere med i øyeblikket er noko som kan trenast og lærast opp. Her senker me skuldrene og fokuserer på det menneskelege.

Gatekunst, kreativ maling valfag Stord folkehøgskule

Kreativ Maling

Sprayboksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjonar.

styrketrening Stord folkehøgskule

Trening, helse og kosthald!

Du får lære om rett kost og ernæring, i samband med trening. Rettleiing på apparat, og eige treningsprogram.

Volleyball Stord folkehøgskule

Volleyball

Volleyball er intenst, gøyalt og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport nesten alle har vore med på!

Ein kan velje skyting på lang og kort bane. Stord folkehøgskule

Skyting

Lyst å øva på skyting? Valfag skyting blir på bane og innandørs. Du treng ikkje ha med eige gevær.

Klatring Stord folkehøgskule

Klatring

Utfordra deg sjølv i ein av våre tre klatreveggar, både for nybegynnarar og for dei erfarne. Spennande, krevande og gøy!

Miksologi Bartending Stord Folkehøgskule Moctail alkoholfri

Mixology Mocktail Bartending

På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.

Miljø og naturvern Stord folkehøgskule

Natur og miljøvern

Lær om korleis me tar vare på naturen, kva som skal til for artsmangfald, og bli med å utforsk ulike naturtypar med eigne auge.

Mange spennande aktiviteter på entreprenørskap.

Redesign og gjenbruk!

Alt for mange brukbare ting vert kasta! Me tar for oss gamle klede, møblar og anna og gir dei nytt liv, i freshe fargar eller nye stilar!

klar for øyhopping i vår eigen båt

Båtførarprøven

I dette valfaget får du øvd deg i teori og praksis med å ta Båtførarprøven på skulen. Veldig nyttig og kjekt! Båtførarprøven har ein eigenandel.

Fotball Stord folkehøgskule

Fotball

Spel fotball på kunstgras, øv på lagspel, teknikk og spel kampar mot andre lag i området.

Valfag Dans Stord folkehøgskule

Dans

I vår eigen dansesal lærer me å vrikka på rumpa, og kosa oss til rytmiske tonar. Six-step, moderne dans, salsa og meir! Gøy og god trening.

Marathon-trening valfag Stord folkehøgskule

Maratonet!

Har du vurdert å trene deg opp til maraton? På slutten av skuleåret arrangeres Sunnhordland Maraton, gjennom året vil ein kunne vere med på gøy og aktiv maraton-trening fram mot løpet!

Verdensrekord som valfag Stord folkehøgskule

Verdensrekorden

Har du nokonsinne drøymd om å inneha ein verdensrekord? Dette valfaget går ut på å planlegga og gjennomføra eit verdensrekordforsøk.

Ute og koser seg med musikk ved sjøen. Stord Folkehøgskule

Podcast og radio

I vårt eige lydstudio lærer me å laga podcast og radio-sendingar. Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Journalistikk valfag Stord folkehøgskule

Preik og journalistikk

Lurt på korleis det er å skrive i nett- og papiraviser, kva som skal til? Me besøker NRK og lokalavisene, og lærer om journalistikk og nyhetsformidling i samarbeid med ungdomsavisa Framtida.

Pride på Stord

La det skje!

Her får du planlegge, organisere og arrangere noko heilt eige. Vil du lage til ei markering, demonstrasjon eller festival? Du får lære om arrangement og korleis du arrangerer noko på eigahand.

Idrettsmassasje og yoga valfag Stord folkehøgskule

Idrettsmassasje

Her får du lære om å ta vare på deg sjølv. Ved sida av trening, gjennom ein kontordag eller for å støtte opp eller førebygge skader. Idrettsmassasje er svært nyttig for aktive personar.

Fisking og havbruk Stord folkehøgskule

Fiske og båt

Ut på tur i båt og elv, lær om fisking og sjømat. Sosialt, avslappande og lærerikt.

Esport Stord folkehøgskule

Esport

Viss du vil spisse deg litt inn på e-sport gjennom skuleåret, er dette valfaget for deg. Du kan fordjupe deg i diverse gaming, som Fortnite, League of Legends, Warzone, CS, Fall Guy, Starcraft

Valfag å oppleve og å bygge eit Escape Room på Stord folkehøgskule

Escape Room Sunnhordland

I dette faget skal du vere med å lage eit escape room. Du vil besøka Escape Rooms i våre nabobyar, og gruppa vil avslutte med å designe og realisera årets Escape Sunnhordland!

Bokklubben som valfag Stord folkehøgskule

Bokklubben

Me trekker oss litt vekk og besøker det store biblioteket i Leirvik. Me lærer om viktige bøker og les i fellesskap uten forstyrringar. OBS: Du får fullstendig fri frå mobilen!

Arrangere Bazaar som valfag Stord folkehøgskule

Bazaar!

Me drar med oss den eldre garde og fyrer i gang ein skikkeleg basar, med lodd-årer, kaker, lubber og kaffi. Her snakkar me beinhard tradisjonell basar-kos for pensjonistar og barneborn

Filmklubben Stord folkehøgskule

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterer kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Og så knaskar me store mengder popkorn.

Brettspel og table-top Stord folkehøgskule

Brettspel og table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittig store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Norwegian Language study Stord Folk High School

Årbok

Det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vera for deg.

Elever jobber med prosjekt Stord folkehøgskule

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.