Politi- og Vektarlinja

Søk skuleplass​

Dette er linja for deg som ønsker å bli politi, og førebu deg på opptak til politihøgskulen. Samtidig som du tar Nasjonal Vektarutdanning, lærer om samfunnsberedskap og får nye vener for livet!

Er du klar for eit lærerikt, spennande og kanskje livs-endrande folkehøgskuleår? 

Dette blir eit innhaldsrikt, kjekt og spennande skuleår. Det er høge krav for å kome inn på politihøgskulen, derfor vil denne linja førebu deg på opptakskrava og det som krevst av deg. Du vil få nasjonal vekterutdanning i samarbeid med Securitas, lære om førstehjelp og brannsikring, og få mulighet til å delta på mange spennande opplevingar med alt frå paintball til rafting.

 

I eit sosialt miljø, med vener for livet.

Er du klar for å vokse som person og utfordre deg sjølv? Då er du hjarteleg velkommen til Stord folkehøgskule.

  • Du vil læra om dei fysiske og psykiske opptakskrava til Politihøgskulen, og arbeide med desse gjennom skuleåret
  • I samarbeid med Securitas vil du få ta Nasjonal Vekterutdanning og kunne sertifisere deg som vekter.
  • Du vil lære om samfunnssikkerhet og beredskap i politiet, brann- og helsevesen. 
  • Det blir mykje spennande trening, paint-ball, klatring og gøyale aktivitetar heile året rundt!

Du vil òg læra om korleis samfunnet heng saman, og korleis me sikrar tryggleiken vår. Du skal sitta igjen med ei kjensle av å meistra krevande situasjonar når desse oppstår, og kjensla av å vera eit trygg person i samfunnet. Her vil det bli undervist i polititeoretiske fag og elevane vil læra om etikk, haldningar og det å forstå andre menneske og sitt eige menneskesyn vil stå sentralt.

Som del av obligatorisk praksis med Securitas vil du kunne vere med på store arrangement i Hordaland og Rogaland. Dei siste åra har Securitas jobba med Metallica, Karpe, Robbie Williams, Kygo, Bruno Mars, Justin Bieber og Bon Jovi på Bergenhus Festning. Ein vil lære om sikring og gjennomføring av slike arrangement.

Brannsikringskurs med Stord Brann og Redning Stord folkehøgskule
Ute med politiet, Politi- og Vektarlinja Stord folkehøgskule

Deg som ønsker å komme inn på politihøgskulen, fengelsvesenet el.l. Og som kunne tenkt deg å tatt nasjonal vekterutdanning samtidig som du har eit kjekt år med nye vener.

Dette vil du lære

Samfunnet treng trygge rammer rundt seg for å blomstra. Du skal læra meir om førebygging og trygging av samfunnet gjennom til dømes

  • Polititeoretiske fag og opptaktsprøven til Politihøgskulen
  • Nasjonal Vekterutdanning i samarbeid med Securitas
  • Redning og beredskap i samarbeid med Redningsselskapet RS
  • Fysisk fostring
  • Brannvern og førstehjelp
  • Etikk og holdningar
  • Paintball og lagarbeid
  • Menneskesyn og stressande situasjonar
  • Konfliktløysing
  • Samarbeid med Blålys-etatane

Våre forventninger til deg

  • Viktig at du er motivert for kjekt men hardt arbeid.
    Dine medelevar er topp-motiverte til å kome inn på Politihøgskulen, og håper det samme av deg.
  • Den du er, kan bli den du vil bli!
    Kom med eit ope sinn og litt pågangsmot, så får me dette til saman. Du vil få oppfølging kvart steg på vegen og vil storkose deg mens du lærer viktige fag for livet!
  • Skulestart: 23.august 2021
  • Haustferie: 3. – 11. oktober
  • Julebord 16. desember
  • Juleferie: 17. desember til 4. januar
  • Linjetur til Danmark, Berlin m.fl. på vårhalvåret
  • Påskeferie 7-19. april
  • Felles-reise for skulen i april
  • Avslutningsfest 14. mail
  • Avreise 15. mai

Dette utstyret får du låne av skulen

I og rundt skulen er det mykje utstyr me nytter til undervisinga og skulen:

Treningssenter

Svømmehall

Turn og treningshall

Kampsport/Dansesal

Alt som høyrer til Vekterutdanninga

Og mykje meir

Dette utstyret må du stilla med sjølv

Du vil trenge klede til alle slags klima:

  • Treningsklær for ute- og innendørsbruk
  • Varme klede
  • Ullundertøy
  • Klede til ulike aktiviteter som er felles for skulen og som du vil delta på
  • badetøy
  • friluftstøy

Me vil senda ut ei detaljert pakkeliste til elevar som begynner på linja.