Politi, vektar og beredskap!

Søk skuleplass​

Politi-, Vektar og Beredskaps-linja ved Stord folkehøgskule tar du første steg mot politihøgskulen. Samtidig som du får muligheten til å ta Nasjonal Vekterutdanning, lærer om samfunnsberedskap og får nye vener for livet

Er du klar for eit lærerikt, spennande og kanskje livs-endrande Folkehøgskule-år? 

Dette blir eit innholdsrikt, spennende men også krevende skuleår, kor me har stort fokus på fysisk aktivitet. Du vil ta nasjonal vekterutdanning i samarbeid med Securitas, lære om førstehjelp, brannsikring og mye mer. Det vil også bli mange spennende aktiviteter som skyting, øvelser med redningsselskapet, innføring i brann og redning og mye mer.

Alt i folkehøgskulen sitt sosiale fellesskap.

Er du klar for å vokse som person og utfordre deg sjølv? Då er du hjarteleg velkommen til Stord Folkehøgskule.

  • Du vil læra om dei fysiske og psykiske opptakskravene til Politihøgskulen
  • Du vil ta Nasjonal Vekterutdanning med sertifisering som vekter.
  • Du vil lære om samfunnssikkerhet og beredskap i politiet, brann- og helsevesen. 
  • Lær direkte frå etatane, samt Redningsselskapet og Securitas.
  • Det blir mykje spennande variert trening og opplevinger.

Som del av obligatorisk praksis med Securitas vil du kunne vere med på store arrangement i Hordaland og Rogaland. Dei siste åra har Securitas jobba med Metallica, Karpe, Robbie Williams, Kygo, Bruno Mars, Justin Bieber og Bon Jovi på Bergenhus Festning. Ein vil lære om sikring og gjennomføring av slike arrangement.

Brannsikringskurs med Stord Brann og Redning Stord folkehøgskule
Ute med politiet, Politi- og Vektarlinja Stord folkehøgskule

Deg som ønsker å komme inn på politihøgskulen, fengelsvesenet el.l. Og som kunne tenkt deg å tatt nasjonal vekterutdanning samtidig som du har eit kjekt år med nye vener.

Våre forventninger til deg

  • Viktig at du er motivert for kjekt men hardt arbeid.
    Dine medelever er topp-motiverte til eit lærerikt og spennande skuleår, og håper det samme av deg.
  • Den du er, kan bli den du vil bli!
    Kom med eit ope sinn og litt pågangsmot, så får me dette til saman. Du vil få oppfølging kvar steg på vegen og vil storkose deg mens du lærer viktige fag for livet!

Deg som ønsker å komme inn på politihøgskulen, fengelsvesenet el.l. Og som kunne tenkt deg å tatt nasjonal vekterutdanning samtidig som du har eit kjekt år med nye vener.

Dette vil du lære

Du vil lære om samfunnssikkerhet og beredskap i alle Blålys-etatene samt Forsvar og dei sivile hjelpeorganisasjonene.

  • Polititeoretiske fag og opptaktsprøven til Politihøgskulen
  • Nasjonal Vekterutdanning i samarbeid med Securitas
  • Fysisk fostring
  • PLIVO (pågåande livstruande vald)
  • Brannvern og førstehjelp
  • Etikk og holdninger
  • Paintball og lagarbeid
  • Menneskesyn og konfliktløysing

Dette utstyret får du låne av skulen

I og rundt skulen er det mykje utstyr me nytter til undervisinga og skulen:

Treningssenter

Svømmehall

Turn og treningshall

Kampsport/Dansesal

Alt som høyrer til Vekterutdanninga

Og mykje meir

Dette utstyret må du stilla med sjølv

Du vil trenge klede til alle slags klima:

  • Treningsklær for ute- og innendørsbruk
  • Varme klede
  • Ullundertøy
  • Klede til ulike aktiviteter som er felles for skulen og som du vil delta på
  • badetøy
  • friluftstøy

Sjå også den generelle pakkelista for folkehøgskulen.

Sølve Bruvik

Sølve Bruvik

LÆRAR

Sølve er vår barske romantikar. Etter mange år i sjøforsvaret jobbar Sølve no som lærara ved Politi, Vektar og Beredskap-linja ved Stord folkehøgskule. Han kjenner til samfunnssikkerhet og beredskap frå innsida, han er inkluderande og gøyal, og tar deg med gjennom Blålys-etatane, forsvaret og dei sivile hjelpeorganisasjonane, gjennom eit sosialt skulemiljø på Stord folkehøgskule.

Epost: solve@stordfhs.no
Telefon: 45285161