Pris og opptak Stord folkehøgskule haust 2021

Godt på veg på fjellet, friluft Stord folkehøgskule
Esport Stord folkehøgskule

Opptaket til Stord folkehøgskule startar 1. februar. Då sender me ut tilbod om skuleplass. Etter 1. februar er det løpande opptak på ledige plasser.​

Pris, lån, stipend og opptak.

Folkehøgskule vert finansiert gjennom statlege bidrag og elevbetaling. Det meste av elevbetalinga vert dekka av Lånekassen.

Linja du vel er det som påverkar prisen mest. I tillegg vil prisen variera etter om du vel studietur, enkeltrom eller nokre valfag som har ekstra-utgift. Det er også viktig å tenke på eventuelle lommepengar, og reiseutgifter til og frå skulen.

Du kan få støtte frå Lånekassen til året ditt på folkehøgskule, les meir om det under.

I tillegg får du to tilleggspoeng for fullført folkehøgskuleår.

 

Inkludert i prisen er:

  • Undervising
  • Mat og rom på skulen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Skulegenser
  • 4 måltid kvar dag
  • Studietur: Øyhopping i vikingøyene!
  • Studietur: Vinter i Røldal
  • Studietur: Folgefonna
  • Studietur: Opplevingstur gjennom Hardangerfjorden
  • Studietur: Rallarvegen/Nærøyfjorden/Voss
  • Internett
  • Vaskemaskin
LinjerPris 
Multisport Explore: styrke og ball111 000 
E-sport, gaming og sosialt!106 000 
Film- og TV-skapar114 000 
Fjord, fjell og friskliv!111 000 
Friluftsliv, idrett og spenning!111 000 
Politi og vektar122 000 
Entreprenøren og Idémakaren106 000 
Motocross med Danmark-turné115 000 
Tillegg for enkeltrom5 000 
Administrasjonsgebyr2 500Ved tildelt skuleplass
  • Når du har søkt om skuleplass, vil me sende deg eit tilbod om skuleplass, med svarfrist. Når du har takka ja, sender me deg ein faktura på kr 2500,- (felles for alle folkehøgskular) i administrasjonsgebyr. Når den er betalt så er skuleplassen din, og du kan då glede deg til hausten, og søke Lånekassen om studielån og stipend.
  • Me har vald å ikkje ha obligatoriske utenlandsturar, då situasjonen enda er usikker – og me ønsker at alle som vil skal kunne gå her uten å betale utover stipend og lån.
  
StudieturerPrisLinjetur/skuletur
Berlin Film Festival!9000Film- og TV-skapar
Dreamhack:Winter8000E-sport, Gaming og Sosialt
Innovation road-trip Europa12000Entreprenør og Idémakar
Motocross-turné til Danmark6000Motocross
Road-trip Europa excellence10000Multisport Explore og Politi og Vektar
Preikestolen, Dronningstien og mykje meirInkludertFjord, fjell og Friskliv, og Friluftsliv, Idrett og spenning
Opplevingstur gjennom HardangerfjordenInkludertFor alle
Øyhopping i vikingøyane!InkludertFor alle
Vinter i RøldalInkludertFor alle
FolgefonnaInkludertFor alle
Rallarvegen/Nærøyfjorden/VossInkludertMultisport Explore og Friluftsliv, idrett og spenning.
HardangerviddaInkludertFjord, fjell og Friskliv, og Friluftsliv, idrett og spenning!

Du kan få støtte frå Lånekassen når du går på folkehøgskule. For skuleåret 2021/22 får du rundt 114 000,- frå Lånekassen.

Der 40 prosent blir omgjort til stipend når du har fullført eit godkjent folkehøgskule-år (mindre enn 10% fråvær).

Dette treng du til søknaden
Du trenger ikkje noko spesielt for å søke om lån og stipend frå Lånekassen, men husk å søke så tidleg som mulig.

Lånekassen behandler søknaden straks den er sendt inn, men utbetalinga starter ikkje før du har møtt opp på første skuledag.

Når kan eg søke?
Det lønner seg å søke tidleg, slik at du er sikker på at du får pengane til studiestart. Muligheten for å søke om støtte for hausten opner vanligvis i starten av mai. Du kan søke for heile skuleåret, og behøver ikkje å søke ein gong per semester (haust og vår).

Her kan du søke Lånekassen.

 

Lommepenger

Kor mykje lommepenger du treng i løpet av folkehøgskuleåret vil variera etter kor stort forbruk du har, og kva du likar å gjere på fritida.

Med mat, rom og undervisining inkludert i prisen, er det i utgangspunktet ikkje så mykje du treng utenom. Dei aller fleste av aktivitetane gjennom skuleåret er også inkludert i prisen. 

Men du vil trenge penger til toalettsaker, vaskemidler og eventuelt kino, kafe og liknande. Og det kan hende at du vil trenge noko ekstra utstyr til linja du skal gå på, og det er lurt å berekna litt ekstra lommepengar til studieturane gjennom året.

  • Du må fylle 18 år i løpet av 2021. Er du yngre må me ta ei vurdering av mengden søkarar.
  • Fortel oss litt om deg og dine interesser utover linjefaget så kan me skape det beste skuleåret saman med deg.
  • På politi og vekterlinja er det eit absolutt krav om at du fyller 18 år i 2021, på grunn av Nasjonal Vekterutdanning.
  • Du trenger ingen forkunnskaper for å få plass på våre linjer.
  • Opptaket starter 1. februar. 
  • Når du har søkt om skuleplass, vil me sende deg eit tilbod om skuleplass, med 10 dager svarfrist. Takker du ja til tilbodet, sender me deg ein faktura på kr 2500,- (felles for alle folkehøgskular) i administrasjonsgebyr. Når den er betalt så er skuleplassen din, og du kan då glede deg til hausten, og søke Lånekassen om studielån og stipend.

Tilleggspoeng

  • Du får to tilleggspoeng for folkehøgskuleåret, men må då ha mindre enn 10% fråvær.
  • Me overtar eit tidlegare hotell og bygger om og pusser opp fram til skulestart.
  • Det er 64 rom, 9 enkeltrom, 49 dobbeltrom og 6 store hc/trippelrom.
  • Når du flytter inn får du eit flott rom med eige bad, nybygde klasserom, fellesrom og matsal.
  • Romslige rom med komfortable senger og møblene du treng.

På Stord Folkehøgskule er romma fordelt over 3 etasjer, med enkel tilgong ned og ut til fellesarealene.

Det er også vaskerom kor du kan vaske og tørke klærne dine.

Klasseromma, verkstad mm vil du ha tilgang på også utenfor skuletid, til fritidsaktiviteter.

 Me pussar no opp ditt nye skulebygg!

No overtar me eit hotell, og skal bygge det om og gjere det til ein heilt ny folkehøgskule!

Skulen ligg midt i urbane Leirvik, som betyr at det er mykje som skjer både i og utanfor huset. Her er du tett på folk, fjord, fjell og fritidstilbod. Det er ikkje langt bort til skog og mark, for joggeturar og trening.  Ei storstove, kor ein kan ha konserter, selskap, våre eigne samlinger og elevkvelder mm.

  • Treningssenter
  • Dansesal
  • Svømmebasseng
  • Filmrom
  • Sosialstove
  • Verkstad
  • Kano/Båt til å dra ut på vatnet/sjøen.
  • Takterasse
  • Vaskekjeller, stillerom, grupperom og alt det nødvendige.

og mykje meir