Pris og opptak Stord folkehøgskule 2022-23

Stord Folkehøgskule framsida av bygget

Søknad er uforpliktande, opptaket startar allereie 1. februar, men fortsetter heilt fram til skulestart. 

Pris, lån, stipend og opptak.

Folkehøgskule vert finansiert med statlege bidrag og elevbetaling. Det meste av elevbetalinga vert dekka av Lånekassen.

Linja du vel er det som påverkar prisen mest. I tillegg vil prisen variera etter om du vel studietur, enkeltrom eller nokre valfag som har ekstra-utgift. Det er også viktig å tenke på eventuelle lommepengar, og reiseutgifter til og frå skulen.

Du kan få støtte frå Lånekassen til året ditt på folkehøgskule, les meir om det under.

I tillegg får du to tilleggspoeng for fullført folkehøgskuleår.

Slik fungerar betaling:
Du får utbetalt stipend og studielån når du møter på skulen. Kvar månad (august til april) får du faktura. Fakturaene er større i august og januar fordi stipend og studielån er større i første månadane i kvart semester. Du betalar inn kvar månad, og det dekker det aller meste.

Inkludert i prisen er:

  • Undervising
  • Mat og rom på skulen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad og toalett på alle rom
  • 4 måltid kvar dag
  • Fellestur: Øyhopping i vikingøyene!
  • Fellestur: Vinterveka på Hovden
  • Fellestur: Opplevingstur i øyriket med Veteranskipet MS Sunnhordland, med utfluktar til Bondhusvatnet, Baroniet i Rosendal, Bekkjarvik, Espevær, bading i fjorden og mykje meir
  • Fellestur: Preikestolen
  • Internett
  • Vaskerom

Lån og stipend

  • Du får støtte frå Lånekassen når du går på folkehøgskule. For skuleåret 2022/23 får du rundt 116 000,- frå Lånekassen.

  • Du trenger ikkje noko spesielt for å søke om lån og stipend frå Lånekassen, men husk å søke så tidleg som mulig.

  • Lånekassen behandler søknaden straks den er sendt inn, men utbetalinga starter ikkje før du har møtt opp på første skuledag.

  • Når kan eg søke?
    Det lønner seg å søke tidleg, slik at du er sikker på at du får pengane til studiestart. Muligheten for å søke om støtte for hausten opner vanligvis i starten av mai. Du kan søke for heile skuleåret, og behøver ikkje å søke ein gong per semester (haust og vår).

Her kan du søke Lånekassen.

Lommepenger

Kor mykje lommepenger du treng i løpet av folkehøgskuleåret vil variera etter kor stort forbruk du har, og kva du likar å gjere på fritida.

  • Med mat, rom og undervisning inkludert i prisen, er det i utgangspunktet ikkje så mykje du treng utenom. Du har aktivitetar gjennom heile skuleåret som inngår i skulepengane. 

Du vil trenge penger til toalettsaker, vaskemidler og eventuelt kino, kafe og liknande. Og det kan hende at du vil trenge noko ekstra utstyr til linja du skal gå på, og det er lurt å berekna litt ekstra lommepengar til studieturane gjennom året.

Pris for linjer og skuleopphald

Linjer Pris
Esport, gaming og sosialt! 112 000
Film- og TV-skapar 116 000
Fjord, fjell og friskliv! 114 000
Friluftsliv, idrett og spenning! 115 500
Politi og vektar 124 000
Tillegg for glutenfritt, laktosefritt o.l. 10 000
Tillegg for enkeltrom 8 000
Innmeldingsdepositum 2 500 Ved tildelt skuleplass
  • Når du har søkt om skuleplass, vil me sende deg eit tilbod om skuleplass, med svarfrist. Når du har takka ja, sender me deg ein faktura på kr 2500,- (felles for alle folkehøgskular) i administrasjonsgebyr. Når den er betalt så er skuleplassen din, og du kan då glede deg til hausten, og søke Lånekassen om studielån og stipend.
Studieturar for linjene kor dette ikkje er inkludert, kjem i tillegg. Sjå linjesida

Opptakskrav og alder

  • Du må må fylla 18 innan nyttår.
  • Fortel oss litt om deg og dine interesser utover linjefaget så kan me skape det beste skuleåret saman med deg.
  • Du trenger ingen forkunnskaper for å få plass på våre linjer.
  • Opptaket starter 1. februar.
  • Når du har søkt om skuleplass, vil me sende deg eit tilbod om skuleplass, med 10 dager svarfrist. Takker du ja til tilbodet, sender me deg ein faktura på kr 2500,- (felles for alle folkehøgskular) i oppmeldingsgebyr. Når den er betalt så er skuleplassen din, og du kan då glede deg til hausten, og søke Lånekassen om studielån og stipend.

Tilleggspoeng

  • Du får to tilleggspoeng for fullført folkehøgskuleår.