Råskap - Sport og Spenning

Stord Folkehøgskule 2023-24

Søk skuleplass her

Dette er linja for deg som elsker fysisk aktivitet og spenning i kvardagen! Vi kombinerer alle ulike typar sport med toppturar og styrke på treningssenter.

Kjenn pulsen, livsgleden og samholdet i det du hiv deg frå eit fly, ut frå bakketoppen, eller på målstreken etter triatlon.

Råskap: Bli den beste versjonen av deg sjølv! 

Ønskjer du å bli betre teknisklangrenn eller alpint, eller berre cruise i bakken? Lyst til å prøve triatlon, halvmaraton eller hinderløp? Vedlikehalde eller forbetre styrke og uthald? Kjenne på adrenalin og spenning med fallskjerm, rafting og Via Ferrata?  Linjelærar er fleksibel og gjer sitt beste for at du skal få dei opplevingane du drøymer om.

Du vil oppleva:

  • Toppturar haust, vinter og vår
  • Vassport, Ballsport og Vintersportar
  • Adrenalin og spenning
  • Styrke – og gruppetrening
  • Diverse konkurransar
  • At vi toler meir enn vi anar

Opplev det sosiale fellesskapet og ha tid til dine interesser!

Eit år på internat med andre med felles interesser betyr nye opplevingar, og venskap for livet. Du får tid til å orientere deg i livet, og kanskje gjere noko anna før du går ut i høgare utdanning eller arbeidslivet. Du formar året med linje- og valfag som du liker.

Gjennom året vil du få sjanse til å teste dine eigne grenser, og oppleva spennande aktivitetar:

  • Paintball og Trampolinepark
  • Dødsing/stuping
  • Vinterbading
  • Triatlon, OCR og løp

Konkurransar!

Vi startar og avsluttar skuleåret med fleire ulike konkurransar; Triatlon, Hinderløp, Løp (5, 10, 21 eller 42km), og konkurransar som me gjennomførar internt i klassen.

Valgfri linjetur.
Pris: 12 000,-

Vi reiser til den herlige surfespotten Taghazout i Marokko. Trening, surfing, sandboarding, kamelriding, yoga, firhjuling og sightseeing! En uke fylt med mye trening, spenning, god -og sunn mat, og en helt annen kultur!

Rafting, fallskjerm og klatrepark. Me reiser til Voss og får ein spennande opplevelse på hausten! Me gyv laus på elva, det er mogeleg å hoppa i fallskjerm ut av eit fly, og klatrar i tretoppane.

Fallskjermhopping Fallskjermhopping

Rafting med Stord folkehøgskule, på idrett, friluftsliv og spenning Rafting med Stord folkehøgskule, på idrett, friluftsliv og spenning

Åkrafjorden

Via Ferrata / Juving. Før haustferien tar me oss ein tur inn i Åkrafjorden. Her kan du som elev velge mellom den heftige Via Ferrata Kyrkjeveggen, eller den litt snillere alternative ruta. Om ikkje klatring er tingen for deg er det muligheter for juving eller fjelltur. 

 

 

Stord, Sunnhordland, Dronningstien, Etnefjella, Kvinnheradsalpane og mykje meir. Saman vil me planlegge lengre og korte utflukter til kjente, spektakulære turmål, eller meir ukjente men lika nydelege reisemål du ikkje har høyrd om.

Mange vakre fjelltoppar med idrett og friluftsliv på Stord folkehøgskule

Om du er dristig nok kan du bli med på kveldtur i dei snødekte fjella. Ski, vinter og friluftsliv, Stord folkehøgskule

Om du er dristig nok kan du bli med på kveldtur i dei snødekte fjella. Ski, vinter og friluftsliv, Stord folkehøgskule

Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Vintereventyr

Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip! bildetekstbildetekstbildetekst

For deg som ønske eit aktivt og variert år med idrett, friluftsliv og spenning. Linja er open for alle uansett kva erfaring du har frå tidlegare.

Våre forventningar til deg

  • At du deltar på dei ulike aktivitetane.
  • At du er klar for eit intenst og spennande år som utfordrar deg litt.
  • At du er engasjert og bidrar med positiv innstilling til fellesskapet.
  • At du er åpen for nye vennskap.

At du er klar for å utfordra dine eigne grenser!

  • Vassport: Vannski, wakeboard, surfing, rafting, havkajakk
  • Uthald: Svømming, sykling og løp (Triatlon, OCR)
  • Ballsport: Fotball, håndball, basketball og volleyball, innebandy
  • Treningssenter: Styrke, fleksibilitet og utholdenhet (etter eige ønske)
  • Vintersport: Langrenn, ski, skøyte, hockey, alpint/snowboard/telemark/randoné
  • Alternative sportar: Padel, Kinball, Tchoukball, Discgolf, Paintball, Dødsing

Dette seier tidlegere elever:

Dette seier tidlegare elevar
Dette seier tidlegare elevar

Pakkeliste:  

  • Ryggsekk minimum.60L (tursekk) 
  • Sovepose (3-sesong) 
  • Liggjeunderlag 
  • Sykkel (Litt tjukke dekk). Treng ikkje være ein ny/dyr sykkel! 
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning. 
  • Vinterjakke- og bukse 
  • Fjellstøvlar 
  • Vanntette tursko 
  • Tjukk genser (helst ull) 
  • Minst 2 sett ullundertøy 
  • Ull-sokkar (gjerne forskjellig tjukkelse)   
  • Lue 
  • Vottar 
  • Skjerf/hals 
  • Joggesko  
  • Innesko (lys såle) 
  • Treningstøy ute/inne 
  • Badetøy 
  • Termos 
  • Turbestikk, skål/tallerken og kopp 
  • Solbriller 
  • Hovudlykt 
  • Godt humør! 

Og dersom du har: 

  • Fotballsko (sko for bruk på kunstgras) 
  • Skøyter (me har nokre til utlåns)  
  • Fiskesaker (me har nokre teiner, stenger, garn og ruser)  
  • Redningsvest (Om ønske om heilt eigen, ellers har me)   
  • Ski og skiutstyr (langrenn, alpint ol). BUA har litt til utlån, men veldig begrensa utval. 
  • Alt av personleg trening- og friluftslivutstyr som du ynskjer å få brukt i løpet året.  
  • Instrument dersom du har og ønsker musikkvalfag. 

Elles stiller me med det meste av større utstyr som telt, kajakker og denslags.

Skulen stiller med det som måtte vere av viktig fellesutstyr, nokre eksempel:

  • Telt
  • Vannski, båt, tube
  • Hengekøyer
  • Lavvo
  • Nokre Ski/snowboard o.l. til utlåns
  • Stormkjøkken
  • Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
  • Kajakker/kano
  • Våtdrakt
  • Flytevestar
  • Hockeyskøyter, div. utstyr

Bent Brattbakken

LÆRAR

Bent er vår sporty og duracell-drevne lærar. Trening med høg eller låg puls, friluftsliv på vatn, til lands, på snø og fjell. Det er alltid spenning med Bent på tur!

Utdanna faglærer i kroppsøving -og idrettsfag samt mastergrad i friluftsliv -og idrettspsykologi (Norges Idrettshøgskole).

Bent har vore svømmeinstruktør i mange år, og har jobba ved alle typar skuleslag frå barnaskule til høgskule. Han har tidligere jobba 5 år på Folkehøgskule, før han kom til Stord.

Austlendingen Bent finner alltid på noko sprell, og vil skapa eit herleg år med deg!

Epost: bent@stordfhs.no
Telefon: 98806862

Andreas Kjempenes

LÆRAR

Tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann, artigmann og knallert. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534

Stord Folkehøgskole er en av landets nyeste folkehøgskoler. Skolen ligger sentralt midt i Stord By sentrum, i hjertet av Vestlandet. Midt mellom Bergen og Stavanger. Opptaket til nye skoleplasser starter 1. februar, men du kan søke allerede nå. Har du spørsmål til skolen, eller lurer på noe så ta gjerne kontakt, på telefon 53 41 44 44 eller epost Post@Stordfhs.no