Selskap og fest i hjarta av Leirvik

Nydelege lokaler til livets store og små treff

I lyse og nyoppussa lokaler ønsker me deg hjarteleg velkomen til alle livets samankomstar. Me skreddersyr selskapet saman med deg, eller så kan du kome til duk og dekka bord. Våre profesjonelle fagutdanna kokkar tilbyr mat av svært høg kvalitet i og utanfor våre nyoppussa lokaler midt i hjarta av Leirvik.

Stord folkehøgskule har flotte lokaler til å arrangera:

  • Bryllaup
  • Slektstreff
  • Bursdagar
  • Konfirmasjonar
  • Dåp
  • Gravferd

Om Stord folkehøgskule sitt kjøken

På kjøkenet finn me kjøkensjef Cato Fjell, med kokk Vittorio D’Orazi. Begge har lang erfaring frå selskap, hotell, restaurant og held høg standard på sin mat.

Våre kokkar serverar næringsrik, god og variert mat til om lag 90 elevar kvar dag.

Stord folkehøgskule leiger ut lokaler til selskap og fest primært når det ikkje er elevar ved skulen. Utleigeperiode 20. Mai-20. August. Enklare arrangement i skuleåret er mogeleg, ta kontakt så kan me avtala nærare.

Sjå menyar under.

Teinevikjo. Meierikvarteret. Hamnebassenget. Leirvik. Hamn. Stord. Sponavikjo. Sponaviko. Flyfoto. Drone. Dronebilete. Foto: MARIUS KNUTSEN
Soloppgang sett frå Leirvik

Våre erfarne kokkar kan levera mat også etter ønsker…..

 

Menyforslag 1

Menyforslag 2

Menyforslag 3

Menyforslag 4

Vikjo
Vår nye storstua og festsal på heile 260 kvadratmeter ligg i vestenden av bygget vårt. Lokalet er ope, lyst og moderne, med moglegheit for møblering og tilpassing til mange ulike føremål. I tilknyting til lokalet ligg to store inngjerda terrassar, toalettfasilitetar mm. Ved større selskap reknar me Vikjo og matsalen som eit lokale. Kapasitet rundt 160.

Matsalen og bestastova
– Dette lokalet er berre tilgjengeleg når det ikkje er elevar ved skulen (20. mai – 20. august). Lokalet har eit historisk og gjennomført preg, store lyse vindauger og ein behageleg atmosfære. Kapasitet rundt 50-100

Kråko
Dette rommet ligg i etasjen over hovudinngongen, med stor veranda. Rommet kan møblerast til mindre selskap.

Huglo
Eit flott lyst, nytt og moderne klasserom med plass til 25-30 personar.

Overnattingsrom
Stord folkehøgskule har 20 enkeltrom, 40 dobbeltrom og 3 sovesaler/3-6mannsrom som er mogelege å leiga mellom 20. mai og 20. august.