Spørsmål
og svar
Klar for folkehøgskule? Her finner du svar på stort og smått om det du har i vente. Spørsmål og svar!
Folkehøgskule er verdas friaste skule. På folkehøgskulen er det verken karakterar, pensum, eller eksamen. Me trur nemleg at du lærer betre utan press.
På folkehøgskule får du prøva ut eit fag i praksis, ikkje berre fordjupa deg i teori. Du får tett oppfølging av engasjerte lærarar. Klassane er gjerne små, med 10 – 20 elevar.
Folkehøgskuleåret varer i ni månader, frå august til mai. Det er vanleg å gå på folkehøgskule rett etter vidaregåande, dei fleste elevane er mellom 18 og 21 år.
- På Stord folkehøgskule bur du på internat. Det vil sei at du søv og et på skulen. På internata er det enkelt-, dobbelt- og trippelrom, og det er bad og toalett på alle rom. Måltida skjer i spisesalen saman med dei andre.
- Me meiner at ein lærer mykje av å bu saman med dei ein går på skule med. Du lærer å samarbeida og å løyse problem ved å leva saman med folk som er ulike deg sjølv. Du lærer dine medelevar å kjenna på ein heilt annan måte når du bur samen med dei.
- Folkehøgskule handlar ikkje berre om det faglege. Det sosiale livet er også ein stor del av året på folkehøgskule. Me arrangerer elevkveldar, bli-kjent-turar, og andre sosiale arrangement.
- Me har mange forskjellige fellesrom, undervisingsrom og utstyr som kan brukast utanfor skuletid. Det er alltid noko å finna på og nokon som har lyst å vera med. Om det er ein spontan kveldstur, volleyballkamp, film, brettspel, bursdagsfeiring i internatstova eller berre å sitta med kaffekoppen og prata eller diskutera til langt på kveld.
- Me har òg kjekke organiserte fellesaktivitetar på kveldstid, ofte er desse arrangert av stipendiatar/andreårselevar.
Folkehøgskular er delt inn i dei to hovudgruppene frilynte skular og kristne skular. Frilynte skular har ikkje eit religiøst utgangspunkt for pedagogikk og innhald.
Våre verdiar:
Stord folkehøgskule er ein frilynt skule. Frilynt skule betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldningar eller økonomi.
Me ser det som vårt mål å arbeida for vern og styrking av humanistiske verdiar: ærefrykt for livet, kjærleik til medmenneske, rettferd og fridom under ansvar. Desse verdiane krev at den einskilde arbeider for å læra seg sjølv å kjenna best mogeleg, nytta evnene sine og godta avgrensingane sine.
«Vår visjon er å fostra gleda og meistringstrua, slik at elevane tar initiativet i eigne liv og omverda.»
Føremålet til folkehøgskulen er å fremma allmenndanning og folkeopplysing, gjennom kunnskapsformidling og gjennom verdien av møtet mellom menneske med like og ulike bakgrunnar og interesser. Kjernen i Stord Folkehøgskule vil vera tanken om at året skal bidra til danning og modning hjå elevane. Vårt mål er å inspirera og førebu elevane til å sjå seg sjølv som aktørar i eige liv og som aktive deltakarar i samfunnslivet.
Stord er hjarta på Vestlandet, lett å kome til og frå, sentralt på kysten, med Vestlandets vakraste skjærgård, tusen øyer, kort avstand til fjell, skog og aktiviteter. Med byliv, fjord, fjell, skog og mange tilbod innanfor og utanfor døra. Stord er byen midt i naturen, rett utanfor døra har me urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, uteliv, kino, konsertar, og du kan vasse ut i sjøen 100meter frå skulen.
- Me har bygd eit hotell om til folkehøgskule, midt i Leirvik sentrum på Stord. Her er det flotte nye klasserom og fellesområde kombinert med sjarmen frå Gamle Grand Hotell.
- Me har studieturar fulle av opplevingar. Du og klassen din får vera med å planlegge dei.
- Mange og varierte aktivitetar på ettermiddag og kveld, i regi av elevstipendiatar, skulen, eksterne eller elevane.
- Etter skuleåret kan du sjølv søke deg som elevstipendiat hjå oss.
- Norwegian Language, Fjords, Food and Culture
- Esport, Gaming, Trening og sosialt!
- Harmoni – Friluftsliv, Helse og Utvikling – Vietnam
- Råskap – Sport og Spenning – Marokko
- Kystfriluftsliv – Fjord, Fjell og Hav – Island
- Film og TV – Hollywood
- Instarail – Foto, Reiser og Opplevelser – Europa
- Vokal, Låtskriver og Band / Rytmisk Utøvende
- Politi, Vektar og Beredskap – USA
- Dyne og pute
- Sengetøy (dynetrekk, putetrekk og laken 120×200) og handklær
- Sovepose og liggeunderlag
- Toalettsaker
- Skittentøykorg
- Plastkassar til lagring under senga di (“bedroller” maks. 20 cm høg)
- Klede og sko. Ta med deg det du treng både til kvardag og litt til fest, både til innandørs og utandørs bruk.
- Husk slippers/tøfler eller andre innesko!
- Alle dagar er ikkje solskinnsdagar, hugs regn- og ulltøy.
- Solbriller og lommepenger til litt snop
- Treningsklede til ute og inne og turklede/tursko, badetøy
- Ein dagstursekk med tallerken, kopp og bestikk til tur, sitjeunderlag og termos
- Elektronikk: pc/nettbrett, ladarar, headset, kamera ….
- Kan vera kjekt å ta med noko til å pynta på rommet ditt med.
- Viss du har musikkinstrument som du brukar, så ta det gjerne med.
- Viss du har sykkel og har lyst å ta den med, så kan du få lagra den under tak ute i bakgården.
Spesielt utstyr du treng til linja di finn du inne på den enkelte linja.
Rommene og badene er litt forskjellige, men alle våre rom har ein fin standard med eige toalett og bad.
Du kan sjå meir om rommene og fasilitetane her.
Koseleg på internatet
Vårt mål er å gjere undervisinga og læringa veldig kjekk og interessant, men folkehøgskule handler ikkje berre om det faglege. Det sosiale livet er også ein stor del av året på Stord. Gjennom dagen, ettermiddag og i helgene er det sosial fritid og fritidsaktiviteter, og sosiale arrangement på Stord.
Det vil vere mogleg å delta på mange forskjellige aktiviteter, frå svømmehall, idrettslag, treningssenter, spel-kvelder, seminar, elevkvelder, turar og det du sjølv har lyst å finne på.
Du vil ha tilgang på klasserom og utstyr også etter undervisingstid.
Me vil ha eigne stipendiatar (andreårselevar), som er ansvarleg for å passe på at det er kjekke aktiviteter å delta på, av alle slag, så du blir kjent med dei andre elevane.
Stord folkehøgskule har plass til 125 elevar.
Alle får vitnemål etter godkjent folkehøgskuleår (inntil 10% fråvær). Vitnemålet vil seia noko om dine fag og aktivitetar på Stord. Har du godkjent skuleår får du tildelt to studiepoeng.
Skulen har i utgangspunktet ingen generelle opptakskrav. Me legg først og fremst vekt på å skape eit godt skulemiljø for dei elevene som kjem her. For oss er det viktig å samle elever med interesser for linjene sine, og forskjellige mennesker under same tak.
Har du behov for tiltak eller spesiell oppfølging oppmodar me på det sterkaste at du tar kontakt for at me saman kan drøfte korleis me tilrettelegg for eit best mogeleg år saman med oss.
- Du må fylla 18 innan nyttår året skulen startar
Det er ingen søknadsfrist, men Søknadsportalen opnar 1. oktober. Dei som søker får svar på søknaden sin den 1. februar.
Du får svar på søknaden din umiddelbart etter 1. februar. Det er mulig å søke etter 1. februar og fram til skulestart om det er ledige plassar.
Kvar elev må betale innmeldingspenger (2500 kr) når dei tar imot skuleplass.
Eit folkehøgskuleår kostar kring 110-125.000,- alt etter kva linje, rom, fag m.m. du vel å ta. Frå Lånekassen kan ein få studielån og stipend på kring 116.000,-
Ja! Elevar på folkehøgskule har rett til stipend og lån hos Lånekassen. Dette utgjer kring 115.000,- (2022-23).
Les meir om dette på Lånekassen si heimeside.
Stord folkehøgskule er eigd av ein kombinasjon av lokal industri og næringsliv (Atheno Prosjektutvikling) og Stord kommune. Skulen er frilynt, som betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, religion, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldningar eller økonomi.
I tillegg til eigarane våre samarbeider me med mange lokale lag og organisasjoner.
Absolutt. Det er muligheit for å be skulen om permisjon for å delta i konfirmasjon, religiøse høgtider, bryllaup, gravferd og liknande.
Det vil variere avhengig av ditt private forbruk. Skulen dekker kost og losji, samt reiser til alle inkluderte ekskursjonar og pedagogisk opplegg.
Alt ut over dette må du dekke (toalettartiklar, vaskemiddel, kulturarrangement, kiosk og kafébesøk.)
Her kan du lese litt om andre elevers erfaringer med lommepenger.
Det er mulig å få enkeltrom. Det kostar 8000,- ekstra.
Det tradisjonelle på folkehøgskule er rom med 2 personer.
Me har nokre enkeltrom, desse vert prioritert ved medisinske, psykiske eller andre særskilde behov. Har du slike behov ber me at du melder det til oss så tar me ein samtale om tilrettelegging.
Det er ikkje obligatorisk å delta på studietur med linja. Skulen tilbyr eit eige kjekt alternativt opplegg, eller anledning til å følge ei av dei andre linjene.
Fellesturar der heile skulen reiser saman er inkludert og gjeld for alle.
Det er mogeleg. Me har ledige (felt-)senger ved behov. Overnatting må avtalast med ass.rektor, og gjester må dekke ein liten sum for overnatting og frukost, og eventuelle andre måltider.
Skulen tilbyr fire måltid kvar dag; frukost, lunsj/matpakke, middag og kveldsmat. Måltidene blir tilberedt av våre kokkar og kjøkenteam.
Du som elev vil kunne gje innspel og komme med middagsønsker gjennom skuleåret, noko me vil forsøke å levere på.
Me tilbyr vegetarmat uten ekstra kostnad.
Me tilrettelegg òg for laktoseintoleranse og glutenallergikerar. Då får du ekstra støtte som dekker ekstra-kostnaden frå skulen.
Bygninger
Vår heis er liten, men går til alle etasjar, og rullestolheis/ramper på grunnplan til alle nivå. Vår bygningsmasse er delvis tilgjengelig for rullestol. Utearealet er universelt utforma og tilgjengeleg for alle.
- Alle våre rom har eige bad og toalett.
- Me har 2 HC-toalett i undervisingsareal.
- Me har 2 kvilerom, og diverse opphaldsareal.
- Skulen har fastmontert høgttalaranlegg.
Ta kontakt med oss om for å høre kva me kan gjøre for å tilrettelegge for dine behov.
Mat
Me tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassingar til andre allergiar og kosthald. Gi oss beskjed i god tid slik at me kan legga til rette for deg.
Me tilbyr også vegetar og vegansk mat til dei som ønsker det. Om det er mat du ikkje et av religiøse årsaker eller av andre grunnar, ta kontakt med oss.
Faglig og sosialt
Me tilpassar så langt det er mogeleg, slik at det blir mogeleg for deg å delta på lik linje med dei andre.
- Å tilpassa utstyr, som hev og senk-bord.
- Tilrettelegga for pausar
- Finna alternative løysingar om aktivitetane vert for omfattande
- Me har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderande miljø
- Me har sosiallærar/internatleiar/andre tilsette som du kan snakka med om du ønsker det
Ta kontakt med oss for å høyra kva me kan gjera for å tilrettelegga for dine behov.
Ja, det er absolutt mulig å komme til Stord folkehøgskule sjølv om du bur utenlands eller ikkje er norsk statsborgar. Me vil tilrettelegge og ønske deg velkommen.
Me har til og med ei heitl eiga linje.
Ein av dei store fordelane med Stord er at det er så utruleg enkelt å kome seg til og frå.
Me ligg midt mellom Bergen og Stavanger, med E39 nord og sør, og E134 austover.
Slik kjem du deg til Stord folkehøgskule:
- Hurtigbåt frå Bergen eller Bergen Lufthavn, Flesland til Leirvik kai, Stord. (ca 2 timar)
- Ekspressbuss Kystbussen eller bil frå Bergen/Stavanger til Stord. (ca 2 timar)
- Ekspressbuss Haukeliekspressen eller bil frå Oslo/Austlandet til Aksdal og så buss inn til Stord. Eller bil over fjellet (ca 5-7 timar)
- Fly til Stord Lufthamn Sørstokken (1 time)
- Fly til Bergen Lufthavn/Sola Flyplass, og ta ekspressbuss eller hurtigbåt til Stord. (2 timer)
Rundt Leirvik finnes det mange tilbod
Innanfor 1km finn me mellom anna:
- Vikahaugane idrettspark
- Fotballbane
- Daglegvarebutikk
- Leirvik sentrum med restaurantar, uteliv, kjøpesenter, butikkar og mykje meir.
- Skøytebane
- Konsertscene
- Sunnhordland museum og utescene
- Restaurantar og kaféar
- Kollektivterminal for kjapp tur til Bergen eller Stavanger
- Kino
Det er fleire kjekke fellesfag på skulen, frå morgonsamlingar til føredrag, og mykje anna variert gjennom skuleåret.
Fellesfaga skjer på tvers av linjene slik at alle møter alle.
Ettermiddagar og kveldar er fyllt med mange spennande aktivitetar. Organisert av skulen, stipendiatar, eksterne eller elevane sjølv. Her er det mange forskjellige fritidstilbod og mange å vere med.