Klar for folkehøgskule? Her finner du svar på stort og smått om det du har i vente. Spørsmål og svar!

Mange lurer på det samme. Her er nokre av dei vanlegaste spørsmåla. Og skulle du ha fleire er det berre å ta kontakt med oss.

Folkehøgskule er verdas friaste skule. På folkehøgskulen er det verken karakterar, pensum, eller eksamen. Me trur nemleg at du lærer betre utan press.

På folkehøgskule får du prøva ut eit fag i praksis, ikkje berre fordjupa deg i teori. Du får tett oppfølging av engasjerte lærarar. Klassane er gjerne små, med 10 – 20 elevar.

Folkehøgskuleåret varer i ni månader, frå august til mai. Det er vanleg å gå på folkehøgskule rett etter vidaregåande, dei fleste elevane er mellom 18 og 21 år.

 

 Les meir om Stord folkehøgskule her.

På Stord folkehøgskule bur du på internat. Det vil sei at du søv og et på skulen. På internata er det enkelt-, dobbelt- og trippelrom, og det er bad og toalett på alle rom. Måltida skjer i spisesalen saman med dei andre.

Me meiner at ein lærer mykje av å bu saman med dei ein går på skule med. Du lærer å samarbeida og å løyse problem ved å leva saman med folk som er ulike deg sjølv. Du lærer dine medelevar å kjenna på ein heilt annan måte når du bur samen med dei.

Folkehøgskule handlar ikkje berre om det faglege. Det sosiale livet er også ein stor del av året på folkehøgskule. Me arrangerer elevkveldar, bli-kjent-turar, og andre sosiale arrangement.

Me har mange forskjellige fellesrom, undervisingsrom og utstyr som kan brukast utanfor skuletid. Det er alltid noko å finna på og nokon som har lyst å vera med. Om det er ein spontan kveldstur, volleyballkamp, film, brettspel, bursdagsfeiring i internatstova eller berre å sitta med kaffekoppen og prata eller diskutera til langt på kveld.

Me har òg kjekke organiserte fellesaktivitetar på kveldstid, ofte er desse arrangert av stipendiatar/andreårselevar. 

Stord er hjarta på Vestlandet, lett å kome til og frå, sentralt på kysten, med Vestlandets vakraste skjærgård, tusen øyer, kort avstand til fjell, skog og aktiviteter. Med byliv, fjord, fjell, skog og mange tilbod innanfor og utanfor døra. Stord er byen midt i naturen, rett utanfor døra har me urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, uteliv, kino, konsertar, og du kan vasse ut i sjøen 100meter frå skulen. 

  • Me har bygd eit hotell om til folkehøgskule, midt i Leirvik sentrum på Stord. Her er det flotte nye klasserom og fellesområde kombinert med sjarmen frå Gamle Grand Hotell.
  • Me har studieturar fulle av opplevingar. Du og klassen din får vera med å planlegge dei.
  • Mange og varierte aktivitetar på ettermiddag og kveld, i regi av elevstipendiatar, skulen, eksterne eller elevane.
  • Etter skuleåret kan du sjølv søke deg som elevstipendiat hjå oss.
Stord er ein mangesidig skule, med stor variasjon i linjer og valfag, slik at du kan skreddersy ditt skuleår slik du vil ha det. Me har desse spennande linjene på Stord folkehøgskule: Her kan du sjå ein oversikt over valfag:
  • Dyne og pute
  • Sengetøy (dynetrekk, putetrekk og laken 120×200) og handklær
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Toalettsaker
  • Skittentøykorg
  • Plastkassar til lagring under senga di (“bedroller” maks. 20 cm høg)
  • Klede og sko. Ta med deg det du treng både til kvardag og litt til fest, både til innandørs og utandørs bruk.
  • Husk slippers/tøfler eller andre innesko!
  • Alle dagar er ikkje solskinnsdagar, hugs regn- og ulltøy.
  • Solbriller og lommepenger til litt snop
  • Treningsklede til ute og inne og turklede/tursko, badetøy
  • Ein dagstursekk med tallerken, kopp og bestikk til tur, sitjeunderlag og termos
  • Elektronikk: pc/nettbrett, ladarar, headset, kamera ….
  • Kan vera kjekt å ta med noko til å pynta på rommet ditt med.
  • Viss du har musikkinstrument som du brukar, så ta det gjerne med.
  • Viss du har sykkel og har lyst å ta den med, så kan du få lagra den under tak ute i bakgården.

Spesielt utstyr du treng til linja di finn du inne på den enkelte linja.

Rommene og badene er litt forskjellige, men alle våre rom har ein fin standard med eige toalett og bad. 

Du kan sjå meir om rommene og fasilitetane her.

Koseleg på internatet

Koseleg på internatet

Koseleg på internatet, stort rom

Koseleg på internatet

Koseleg på internatet, stort rom

Koseleg på internatet, enkeltrom

Alle rom har eige bad og toalett

Alle rom har eige bad og toalett

Alle rom har eige bad og toalett

Vårt mål er å gjere undervisinga og læringa veldig kjekk og interessant, men folkehøgskule handler ikkje berre om det faglege. Det sosiale livet er også ein stor del av året på Stord. Gjennom dagen, ettermiddag og i helgene er det sosial fritid og fritidsaktiviteter, og sosiale arrangement på Stord.

Det vil vere mogleg å delta på mange forskjellige aktiviteter, frå svømmehall, idrettslag, treningssenter, spel-kvelder, seminar,  elevkvelder, turar og det du sjølv har lyst å finne på.

Du vil ha tilgang på klasserom og utstyr også etter undervisingstid.

Me vil ha eigne stipendiatar (andreårselevar), som er ansvarleg for å passe på at det er kjekke aktiviteter å delta på, av alle slag, så du blir kjent med dei andre elevane.

 

Stord folkehøgskule har plass til 125 elevar. 

Alle får vitnemål etter godkjent folkehøgskuleår (inntil 10% fråvær). Vitnemålet vil seia noko om dine fag og aktivitetar på Stord. Har du godkjent skuleår får du tildelt to studiepoeng. 

Skulen har i utgangspunktet ingen generelle opptakskrav. Me legg først og fremst vekt på å skape eit godt skulemiljø for dei elevene som kjem her. For oss er det viktig å samle elever med interesser for linjene sine, og forskjellige mennesker under same tak.

Har du behov for tiltak eller spesiell oppfølging oppmodar me på det sterkaste at du tar kontakt for at me saman kan drøfte korleis me tilrettelegg for eit best mogeleg år saman med oss.

Folkehøgskular er delt inn i dei to hovudgruppene frilynte skular og kristne skular. Frilynte skular har ikkje eit religiøst utgangspunkt for pedagogikk og innhald.

Våre verdiar:

Stord folkehøgskule er ein frilynt skule. Frilynt skule betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldningar eller økonomi.

Me ser det som vårt mål å arbeida for vern og styrking av humanistiske verdiar: ærefrykt for livet, kjærleik til medmenneske, rettferd og fridom under ansvar. Desse verdiane krev at den einskilde arbeider for å læra seg sjølv å kjenna best mogeleg, nytta evnene sine og godta avgrensingane sine.

«Vår visjon er å fostra gleda og meistringstrua, slik at elevane tar initiativet i eigne liv og omverda.»

Føremålet til folkehøgskulen er å fremma allmenndanning og folkeopplysing, gjennom kunnskapsformidling og gjennom verdien av møtet mellom menneske med like og ulike bakgrunnar og interesser. Kjernen i Stord Folkehøgskule vil vera tanken om at året skal bidra til danning og modning hjå elevane. Vårt mål er å inspirera og førebu elevane til å sjå seg sjølv som aktørar i eige liv og som aktive deltakarar i samfunnslivet.

Du må vere fyllt 18 år for å kome inn på Stord folkehøgskule. 

Les meir om opptak her.

Det er ingen søknadsfrist, men Søknadsportalen opnar 1. oktober. Dei som søker får svar på søknaden sin den 1. februar.

Du får svar på søknaden din umiddelbart etter 1. februar. Det er mulig å søke etter 1. februar og fram til skulestart om det er ledige plassar.

Kvar elev må betale innmeldingspenger (2500 kr) når dei tar imot skuleplass.

Eit folkehøgskuleår kostar kring 110-125.000,- alt etter kva linje, rom, fag m.m. du vel å ta. Frå Lånekassen kan ein få studielån og stipend på kring 115.000,-

Les meir om pris og opptak her.

Ja! Elevar på folkehøgskule har rett til stipend og lån hos Lånekassen. Dette utgjer kring 115.000,- (2022-23).

Les meir om dette på Lånekassen si heimeside.

Timeplanen består av linjefag, fellesfag og valfag. Skuledagen startar kl 09.00 etter frukost, og vert normalt avslutta til middag kl. 16.00

Laurdager er det spennande laurdagsseminar eller aktiviteter frå kl 10.00 – 14.00. 

Gjennom ditt val av linje og valfag vil du få ein timeplan som er unik for deg. Du vel valfag når du kjem til skulen.

Stord folkehøgskule er eigd av ein kombinasjon av lokal industri og næringsliv (Atheno Prosjektutvikling) og Stord kommune. Skulen er frilynt, som betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, religion, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldningar eller økonomi.

I tillegg til eigarane våre samarbeider me med mange lokale lag og organisasjoner. 

Absolutt. Me har fleire frihelger. I tillegg er det haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie.

 

Absolutt. Det er muligheit for å be skulen om permisjon for å delta i konfirmasjon, religiøse høgtider, bryllaup, gravferd og liknande.

Det vil variere avhengig av ditt private forbruk. Skulen dekker kost og losji, samt reiser til alle inkluderte ekskursjonar og pedagogisk opplegg. 

Alt ut over dette må du dekke (toalettartiklar, vaskemiddel, kulturarrangement, kiosk og kafébesøk.)

Her kan du lese litt om andre elevers erfaringer med lommepenger.

Det er mulig å få enkeltrom. Det kostar 8000,- ekstra.

Det tradisjonelle på folkehøgskule er rom med 2 personer.

Me har nokre enkeltrom, desse vert prioritert ved medisinske, psykiske eller andre særskilde behov. Har du slike behov ber me at du melder det til oss så tar me ein samtale om tilrettelegging. 

Det er mogeleg. Me har ledige (felt-)senger ved behov. Overnatting må avtalast med ass.rektor, og gjester må dekke ein liten sum for overnatting og frukost, og eventuelle andre måltider.

Det er ikkje obligatorisk å delta på studietur med linja. Skulen tilbyr eit eige kjekt alternativt opplegg, eller anledning til å følge ei av dei andre linjene.

Fellesturar der heile skulen reiser saman er inkludert og gjeld for alle.

Skulen tilbyr fire måltid kvar dag; frukost, lunsj/matpakke, middag og kveldsmat. Måltidene blir tilberedt av våre kokkar og kjøkenteam. 

Du som elev vil kunne gje innspel og komme med middagsønsker gjennom skuleåret, noko me vil forsøke å levere på.

Me tilbyr vegetarmat uten ekstra kostnad. 

Me tilrettelegg òg for laktoseintoleranse og glutenallergikerar. Då får du ekstra støtte som dekker ekstra-kostnaden frå skulen.

Stord har ikkje ei eiga bu- og arbeidstreningslinje, men har anledning til å ta opp eit avgrensa antal elever med særskilte behov. Søkaren vil bli kalla inn til ein samtale for å kartlegge behov for tilrettelegging.

Ta kontakt med skulen for utfyllande informasjon og dialog.

Ja, det er absolutt mulig å komme til Stord folkehøgskule sjølv om du bur utenlands eller ikkje er norsk statsborgar. Me vil tilrettelegge og ønske deg velkommen.

Ein av dei store fordelane med Stord er at det er så utruleg enkelt å kome seg til og frå.

Me ligg midt mellom Bergen og Stavanger, med E39 nord og sør, og E134 austover.

Slik kjem du deg til Stord folkehøgskule:

  • Hurtigbåt frå Bergen eller Bergen Lufthavn, Flesland til Leirvik kai, Stord. (ca 2 timar)
  • Ekspressbuss Kystbussen eller bil frå Bergen/Stavanger til Stord. (ca 2 timar)
  • Ekspressbuss Haukeliekspressen eller bil frå Oslo/Austlandet til Aksdal og så buss inn til Stord. Eller bil over fjellet (ca 5-7 timar)
  • Fly til Stord Lufthamn Sørstokken (1 time)
  • Fly til Bergen Lufthavn/Sola Flyplass, og ta ekspressbuss eller hurtigbåt til Stord. (2 timer)

Sjå reiserute frå der du bur

Rundt Leirvik finnes det mange tilbod

Innanfor 1km finn me mellom anna:

  • Vikahaugane idrettspark
  • Fotballbane
  • Daglegvarebutikk
  • Leirvik sentrum med restaurantar, uteliv, kjøpesenter, butikkar og mykje meir.
  • Skøytebane
  • Konsertscene
  • Sunnhordland museum og utescene
  • Restaurantar og kaféar
  • Kollektivterminal for kjapp tur til Bergen eller Stavanger
  • Kino

Det er fleire kjekke fellesfag på skulen, frå morgonsamlingar til føredrag, og mykje anna variert gjennom skuleåret.

Fellesfaga skjer på tvers av linjene slik at alle møter alle.

Les meir om fellesfag her.

Ettermiddagar og kveldar er fyllt med mange spennande aktivitetar. Organisert av skulen, stipendiatar, eksterne eller elevane sjølv. Her er det mange forskjellige fritidstilbod og mange å vere med.

Les meir om kveldsaktivitetar her.

  • Me overtar eit tidlegare hotell og bygger om og pusser opp fram til skulestart.
  • Det er 64 rom, 9 enkeltrom, 49 dobbeltrom og 6 store hc/trippelrom.
  • Når du flyttar inn får du eit flott rom med eige bad, nybygde klasserom, fellesrom og matsal.
  • Romslige rom med komfortable senger og møblane du treng.

På Stord folkehøgskule er romma fordelt over 3 etasjar, med enkel tilgang ned og ut til fellesareala.

Det er også vaskerom der du kan vaske og tørke kleda dine.

Klasseromma, verkstad mm vil du ha tilgang på òg utanfor skuletid, til fritidsaktivitetar.

 Me pussar no opp ditt nye skulebygg!

Me overtar eit hotell, og skal bygge det om og gjere det til ein heilt ny folkehøgskule!

Skulen ligg midt i urbane Leirvik, som betyr at det er mykje som skjer både i og utanfor huset.
Her er du tett på folk, fjord, fjell og fritidstilbod. Det er kort veg til skog og mark, for joggeturar og trening. Me har òg ei storstove, der ein kan ha konsertar, selskap, samlingar og elevkvelder mm.

  • Treningssenter
  • Dansesal
  • Svømmebasseng
  • Filmrom
  • Sosialstove
  • Verkstad
  • Kano/båt til å dra ut på vatnet/sjøen.
  • Takterasse
  • Vaskekjellar, stillerom, grupperom og alt det nødvendige.