Den vakre byen, midt i naturen.
For midt i naturen, der ligger Stord. Som ein pulserande og aktiv by. Stord er ei øy midt på Vestlandet. Eit knutepunkt i vikingtida såvel som i dag, og namnet kjem av "den høgreiste", fordi øya skyter ut av fjorden med sine høge fjell.
Om Stord
Stord er omkranset av vakker natur, med sine høge fjell, djupe fjorder, hundrevis av små øyer og holmer og den unike skjærgården.
Unike Stord, midt hjarta av Sunnhordland. Med høge fjell, djupe fjordar, frisk kyst og store sesonskifter. Rett ved porten av hardangerfjorden og kort veg til ski og isbre. Og eit livlig byliv i som har alt det ein treng.
Å kome seg til Stord er ganske enkelt, det er eit av fortrinna med staden. Europaveg 39 går rett over Stord, midt mellom Bergen og Stavanger. I tillegg er det Haukeliekspressen rett frå Oslo/austlandet. Det går hurtigbåt til kommunane rundt og til Bergen, samt flyplass både på Stord og i Haugesund som flyr tritt og ofte til Oslo/andre stader.
I tillegg til folkehøgskule, er det to vidaregåande skuler og ein høgskule her. Og kort veg til Bergen og Stavanger for kjekke dagsturer. Folkehøgskulen ligg sentralt i Leirvik på Stord, så her er det kollektivtilbod, og mykje å finne på midt i sentrum.
Stord er ein svært variert stad. Det bur 19.000 mennesker i kommunen, og vel så mange i kommunane rundt. Stord er ei kompakt by, med bydelane som ei perlesnor langs fjorden, samt gruvebygda Litlabø midt på øya.
Her er det ei stort idrett-, industri- og organisastorisk- frivilligsektor. Med hundrevis av lag og organisasjoner.
Stord er kvart år vertskap for mange store og små festivaler, frå Falturiltu, Fest i Vest, IPX Lan, Handballfestivalen m.fl. Dette er arrangement me som folkehøgskule vil kunne vere med å oppleve og arrangere, og utvikle sjølv.
Stord er eit knutepunkt, både i dag og historisk. På nordsida av øya, i Fitjar, sto Slaget på Fitjar, mellom Erik Blodøks og Håkon Den gode. Og rett over brua til Moster får me sjå og høyre historia om Olav Tryggvasson.