Film og TV - Hollywood

Stord Folkehøgskule 2023-24

Ledig skuleplass 2023-24

Film og TV Youtube overlay
Play Video about Film og TV Youtube overlay

Lær å lage film i mange ulike sjangrar! Du får jobbe med manus, regi, kamerateknikk, lys, lyd og klipp – alt du treng for å lage ein god film eller Live-sending.

Linjetur til Hollywood – City of Stars.

På linja lærer du kva som skal til for å fortelje DI historie.

Vi fordjupar oss i regi, manus, kamerateknikk, lyd, lys, klipp, og set opp eigne framsyningar. Me reiser til Oslo for å sjå bransjen frå innsida, og me reiser på studietur til entertainment-hovudstaden, Hollywood

Hos oss står den gode forteljinga og samarbeidet i fokus, og du vil få lære korleis ein nyttar ulike kinematografiske verkemiddel for å lage den best moglege opplevinga.  

I tillegg til filmproduksjon skal me også lage eigne direktesende Live-sendingar. Her må heile klassen samarbeide for at resultatet skal bli best mogleg.  

Spenninga når den raude lampa lyser og sendinga er direkte, er heilt unik. 

Musikkvideoar, skrekk, drama, komedie, reklame eller studioproduksjonar – dette er linja for deg! 

Uavhengig av om du har mykje erfaring eller aldri har tatt i eit kamera før, kan vi garantere at du vil få eit lærerikt og spanande år her på Stord folkehøgskule. 

Som elev på linja har du fri tilgang til alt av utstyr, både i undervisningstid og utanom. Her kan du sleppe laus kreativiteten din, og berre fantasien set grenser for kva du kan lage. Vårt studio er din sandkasse. 

Velkomen til eit lærerikt, sosialt og veldig kjekt år her på Stord. 

Meir enn happy etter live tv-sending!
Studietur Film og TV bransje-treff Oslo
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Studietur Film og TV bransje-treff Oslo
Film og TV Stord Folkehøgskule
Simen stiller inn lysa før neste innspilling
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film-innspeling Stord folkehøgskule
Action, scene, Go! Film- og TV-skaper Stord folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Filming på musikk-festival på Stord
Bak kameraet på live TV-sending Stord Folkehøgskule
Dolly up. Elevar er klare til scene. Stord folkehøgskule
Film-innspeling Stord folkehøgskule
Stjerneklar himmel Stord folkehøgskule
Magien skjer i klippingen!
Topp kvalitet utstyr på filmlinja Stord folkehøgskule. kamera.
Action set go
Me er straks klare til opptak. Stord folkehøgskule
Rytmisk Utøvande Musikk Stord Folkehøgskule
Gruppene i kvart sitt studio med redigeringsjobben
Ute på filmoppdrag!
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Caroline i studio, full gang med å redigera film
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule
Film og TV Stord Folkehøgskule

Linjetur til Englenes by Los Angeles og City of Stars – Hollywood – der vi;  

  • Besøker Universal Studios (og kanskje et produksjonsselskap eller to?) 
  • Besøker/ser kjente steder, som “Walk of fame”, “Kodak Theater”, Hollywood skiltet, osv. 
  • Nyter været og strendene som omringer LA, som f.eks Santa Monica Beach 

Turen er under planlegging.

I mellom anna Bergen og Oslo vil du få eit møte med Media-bransjen frå innsida. Me besøker produksjonsselskap og Mediabedrifter for å få sjå korleis proffane arbeidar. Her blir det sightseeing, og forhåpentlegvis ein workshop eller to med internasjonale aktørar. 

b4872afb47f7170c6d0c5f47c75ee902
Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.

Vintereventyr

Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!

Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet

Skuleåret får ein pang-start med at heile skulen reiser på tur med Veteranskipet MS Sunnhordland inn i vakre Hardangerfjorden og rundt i Øyriket Sunnhordland. Me opplever flotte stoppestader og nyter vakker natur og unike sund ombord i eit historisk skip! bildetekstbildetekstbildetekst

Du som ønsker å lære og lage Film og TV i eit praktisk og kreativt miljø, der du samarbeider og utvikler prosjekta saman med andre. Frå manus og kamerateknikk, til framsyning på storskjerm

Dette vil du lære

  • Idéutvikling og Manusskriving
  • Å ta Regien
  • Dramaturgilære og Komposisjonsprinsipp
  • Kinematografi og Sjangerlære

Mellom anna ved:

  • Å laga filmar frå bunn av
  • Prøve alle oppgavene
  • Tett oppfølging med lærarane
  • Få prøve ut alt av utstyret
  • Drive Videojournalistikk og Skodespelarinstruksjon
  • Gjennomføra Lydopptak og Lyssetting
  • Besøka profesjonelle i innland og utland
  • Redigering og Innspelingsleiing
  • Ha felles analyse av klassiskarar
  • Karakteroppbygging
  • Workshops med gjester

…og mykje meir!

Våre forventninger til deg:

Kom som du er! Me vil legge til rette for at du skal få eit så fint år som mogeleg. Her vil du kunne skape eigne prosjekt, samarbeide med andre, og få god hjelp til å realisera ideane dine. Og mest av alt – andre nett som deg – gode vener for resten av livet. 

I 2021 bygde me eit heilt nytt studio

Her er noko av det du vil få fri tilgang til som elev på linja:  

  • Redigeringsmaskinar med Davinci Resolve Studio fordelt i våre tre arbeidsrom.
  • kameraer: Blackmagic Design Pocket Cinema Camera 6K Pro
  • Zoom H6 lydopptakere
  • Shure VP82 shotgun-mikrofonar
  • Godox LED-Belysning (SL150W II)
  • Lyd- og bildemiksare (A&H, ATEM) for bruk under live TV-produksjon
  • Klappare, kablar, stativ og anna naudsynt utstyr
  • Lydrom, teknisk rom, studio, storstue

Du treng ikkje noko personleg utstyr for å gå på linja, men har du kamera, laptop, eller andre ting, så ta det gjerne med. I 2021 bygde me eit heilt nytt studio.

Pakkeliste til deg som skal gå på Stord folkehøgskule:
  • Dyne og pute
  • Sengetøy (dynetrekk, putetrekk og laken) og handklær
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Toalettsaker
  • Skittentøykorg
  • Plastkassar til lagring under senga di (“bedroller” maks. 20 cm høg)
  • Klede og sko. Ta med deg det du treng både til kvardag og litt til fest, både til innandørs og utandørs bruk.
  • Husk slippers/tøfler eller andre innesko!
  • Solbriller og lommepenger til litt snop
  • Treningsklede til ute og inne og turklede/tursko, badetøy
  • Ein dagstursekk med tallerken, kopp og bestikk til tur, sitjeunderlag og termos
  • Elektronikk: pc/nettbrett, ladarar, headset, kamera ….
  • Kan vera kjekt å ta med noko til å pynta på rommet ditt med.
  • Viss du har musikkinstrument som du brukar, så ta det gjerne med.
  • Viss du har sykkel og har lyst å ta den med, så kan du få lagra den under tak ute i bakgården.
  • Spesielt utstyr du treng til linja di finn du på heimesida til skulen.

Petter Misje

LÆRAR

Vår stjernelærar på, bak og rundt kameraet! Petter har arbeida i NRK i Oslo med Sommar- og Vinter-OL, og dekka live-sendingar av mange verdensmesterskap.

Før han byrja på Stord jobba han som regissør ved Zpirit Reklamebyrå, med mange prisar i ryggen for sine verk. Han er musikar, komponist, filmskapar,, og lagar dokumentarar innimellom jobben som lærar!

Epost: petter@stordfhs.no
Telefon: 97733852

Yngve Eikeland Øvregard

LÆRAR

Vår filmentusiast, serieskapar og klippar, som han har jobba som i ti år. Han klippar i dokumentarserien “Toll” på TV 2, og har i tillegg klipt for NRK, TVNorge og TV3. Show som The Voice, Unge Lovende, Else om: Selvmord, Iskrigerne, Skal vi danse, kjør meg til OL og Åndenes Makt. 

Den gode historia, og vegen til den, står i sentrum for Yngve. Ikkje alt kan fiksast i klippen, planlegging er alfa omega!

Epost: yngve@stordfhs.no
Telefon: 41271004

Du kan søka plass på linja allereie no!

Start video

Stord Folkehøgskole er en av landets nyeste folkehøgskoler. Skolen ligger sentralt midt i Stord By sentrum, i hjertet av Vestlandet. Midt mellom Bergen og Stavanger. Opptaket til nye skoleplasser starter 1. februar, men du kan søke allerede nå. Har du spørsmål til skolen, eller lurer på noe så ta gjerne kontakt, på telefon 53 41 44 44 eller epost Post@Stordfhs.no