Søk skuleplass
Har du lyst å bruke eit heilt år på å spele musikk? Lære kva som skal til for å bli profesjonell musikar, bli tryggare på scena eller førebu deg til utøvande musikk-utdanningar? Då er Rytmisk på Stord FHS for deg! Hos oss vert du ivaretatt og utfordra musikalsk i eit sosialt og aktivt milljø.
Her vil du få mykje tid til eigenøving, slik at du kan utvikle deg slik DU ynskjer. Du får delta i band-prosjekt kor sjanger-kunnskapen din vert sett på prøve, samt muligheit til å framføre musikken din på store og små scenar på Stord.
Hovudinstrumenttimar er sjølvsagt inkludert med engasjerte og dyktige lærarar, som også er aktive musikarar (!!). I tillegg til dette får du gå på ein av dei nyaste folkehøgskulane i Norge som ligg midt i Leirvik sentrum.
Som musikk-elev er det enkelt å bli inkludert i sosiale samlingar, anten det er allsong på ettermiddagen, mini-konsertar eller starte ein låtskrivar-klubb.
Fasilitetar
Kvar elev får på øvingsrom kor det er forventa at du driv eigenøving. Du disponerer og innreier rommet sjølv: Altså må du ha med hovudinstrumentinstrument + forsterkar sjølv (for vokalistar gjeld også mikrofon + xlr-kabel). Det er viktig at du markerer utstyret ditt med namn. Øvingsromma ligg 2 minuttar frå internatet.
Skulen har tilgang til eit fullt utstyrte bandrom som vert brukt til bandøving og ensemble-timar. Elles er det fleire fellesareal i skulebygget med biljard, bordtennis, filmrom samt ei stove kor ein kan opptre (om ein ynskjer).
Som klasse skal me:
Lære om kva som krevst for å være musikar.
Korleis ein motiverer seg, korleis øve effektivt, samt refleksjonar rundt din indre entrepenør: kva kan eg tilby som musikar/låtskrivar? Kvifor er eg flink nok?
Sjå live-opptak frå favoritt-artisten din og analysere den.
For å spele bra live, treng me å vete kva som fungerer, og kvifor det fungerer så godt.
Forbetre høyrelære/teori-kunnskapane dine
Å ha eit godt utvikla øyre er svært viktig for å kunne arbeide som musikar. Her lærer me å kjenne igjen akkordrekkjer, melodiar, me ser og på effektive måtar å innstudere musikk på.
Lære om ulike populærmusikk-sjangrar i band (pop, funk, fusion, jazz osv…)
Gjennom året vil band frå rytmisk bli brukt som husband på skulen i fellesfaget kor. I tillegg vil me periodevis ha mindre «sjanger-prosjekt» for å lære oss om nokre av dei mest sentrale popmusikk-sjangrane (pop, soul/R&B, funk, jazz, blues).
Bandrotasjon
For å forstå dei andre instrument-rollene i bandet skal me bytte instrument i ein kort periode, og prøve oss som bi-instrumentalistar. Dette er ein svært morosam og sosial del av faget. Her får du utfordra deg på bi-instrument, og i tillegg prøvd deg som instruktør for klassekameratane dine.
Instrumentundervisning me tilbyr:
- Gitar (akustisk og elektrisk)
- Piano/synth
- Trommer
- Vokal/Song
- Bass
- Treblås/messing


Dette året passar for deg som:
- Kan spele litt frå før.
- Vurderer/ynskjer å ta vidare musikkutdanning.
- Likar å være sosial
- Likar å bli utfordra musikalsk og sosialt.
- Har eit brennande ynskje om å utrette noko.
- Ynskjer ein variert kvardag med musikk på linjetid, og ikkje-musikalske valfag
Me forventar at du:
- Er dedikert og motivert.
- Interessert i å lære om musikk.
- Har eit ynskje om å spele for eit publikum.
- Er positiv og imøtekommande
- Møter opp på øvingar (også utanfor skuletid)
- Tar med instrument og alt du treng til eigenøving (evt. forsterkar, kablar, liten høgtalar, pc/mac/nettbrett).
Send oss ein video (4-12 minutt) kor du spelar noko du liker (er dette ein konsert-video, spesifiser kva instrument du spelar) – så sjåast me til eit fantastisk og lærerikt skuleår!
Velkommen til Stord
London Baby – Musical scenes of London
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Turar til norske scener!
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Kva gjer me på skulen? // Dette vil du lære
På Rytmisk får du tid til å utvikle deg sjølv som musikar og låtskrivar.
Som enkelt-elev skal du:
Øve sjølv.
Du får disponert linjetid til eigenøving. Det er forventa at du bruker tid kvar dag på øvingsrommet ditt. Her har du ein ypparleg muligheit til å forbetre deg som musikar. Anten det er teknisk, musikalsk eller som låtskrivar.
Hovudinstrumentundervisning
Du får 20 hovudinstrumenttimar på 40-minuttar gjennom skuleåret. Her blir du rettleia og får tett oppfølging av læraren din.
Interprettasjon
2 gonger i løpet av året skal du framføre noko for resten av klassen. Hovudinstrumentlærar og klassekameratane dine kjem deretter med konstruktiv kritikk/ros til spelinga di.
Som klasse skal me:
Lære om kva som krevst for å være musikar.
Korleis ein motiverer seg, korleis øve effektivt, samt refleksjonar rundt din indre entrepenør: kva kan eg tilby som musikar/låtskrivar? Kvifor er eg flink nok?
Sjå live-opptak frå favoritt-artisten din og analysere den.
For å spele bra live, treng me å vete kva som fungerer, og kvifor det fungerer så godt.
Forbetre høyrelære/teori-kunnskapane dine.
Å ha eit godt utvikla øyre er svært viktig for å kunne arbeide som musikar. Her lærer me å kjenne igjen akkordrekkjer, melodiar, me ser og på effektive måtar å innstudere musikk på.
Lære om ulike populærmusikk-sjangrar i band (pop, funk, fusion, jazz osv…).
Gjennom året vil band frå rytmisk bli brukt som husband på skulen i fellesfaget kor. I tillegg vil me periodevis ha mindre «sjanger-prosjekt» for å lære oss om nokre av dei mest sentrale popmusikk-sjangrane (pop, soul/R&B, funk, jazz, blues).
Bandrotasjon
For å forstå dei andre instrument-rollene i bandet skal me bytte instrument i ein kort periode, og prøve oss som bi-instrumentalistar. Dette er ein svært morosam og sosial del av faget. Her får du utfordra deg på bi-instrument, og i tillegg prøvd deg som instruktør for klassekameratane dine.
Bandrom!
Me har fullt utstyrt bandrom til øving i og utanfor skuletid
«Vikjo» er også fullt fungerande som bandrom
– Vokal-mikrofon, trommer, bass, gitar, amp og piano/synth
Øvingsrom!
Det vert i desse tider jobba med å få klart øvingshotell til egenøving.
På egenøvingsrommet må de stille med instrument sjølv.
Studio!
Det er lydstudio i Film og TV-klasserommet som også kan brukast som musikkstudio i mindre prosjekt.
Elles har me tilgang til profesjonelle studio på øya dersom du ynskjer å få spelt inn musikken din.
Meir informasjon vil kome etterkvart.
Det er tenkt studietur på konsert i løpet av året. Når og kva vert avklart så snart passande arrangement og billettar vert lagt ut.
Musikk-linja vil ha høve til å delta på alle turane som er felles for skulen.
Severin Vik
LÆRAR
Severin er vår fremste regent innan musikken. Utdanna musikkpedagog med master i kreative læreprosessar, og han har spelt event-jobbar sidan han var 15.
Severin har brei erfaring innan LIve-musikar, Musikkproduksjon, musical directing, jobba som studiomusiker, komponist og transkriptør, og har spelt mykje show-konsertar opp og ned langs kysten.
Laga videopodkasten «På Øvingsrommet» om øving og motivasjon for musikarar.
Gitarist, pianist, sangar og showmann. Musikaren Severin steller i stand liv og røre der han er. Han har alltid ein passande låt på lur og viser gjerne rundt med instrumenta, eller leier ann i kor og allsong. Gjennom skuleåret vil du få bli godt kjent med Severin og ha glede av å høyra han spela, og å synga og spela med han.
Epost: Severin@Stordfhs.no
Telefon: 46 89 60 22