Studielån og betaling 2024-25
Som elev ved Stord Folkehøgskule får du utbetalt studielån og stipend kvar månad, alt etter kva linje du er på så dekker dette mesteparten av kostnaden ved eit år på folkehøgskule.
Kraftig auke i støtte til folkehøgskoleelevar for året 2024-25. Elevene som starter på folkehøgskule høsten 2023 vil få 137 907,- kroner i lån og stipend.
- Trykk her for å søke
- Du får kr 137 907,- frå Lånekassen for skuleåret 2024-25.
- 40% av lånet kan bli til stipend etter bestått folkehøgskoleår.
- Når søknaden er innvilga og signert, så er neste steg å møte opp første skuledag.
- Du mottar pengane få dagar etter at du har møtt opp på Stord. Vi må registrere at du har komt.
Lånekassen utbetalar pengane rundt den 15. i kvar månad, og skulen tilpassar fakturering etter Lånekassen:
Godkjent skoleår og tilleggspoeng
- For å få to tilleggspoeng for folkehøgskoleåret, kan du ikkje ha meir enn 10 prosent fråvær.
- Omgjering av stipend og lån skjer først året etter at du har slutta på folkehøgskule. Så når du er ferdig på Stord våren 2025, vil omgjering skje tidlegast våren 2025.
Linjepris for 2025-26, studielån/stipend vert oppdatert når ny sum kjem.
Lånekassen stipend/studielån gir deg | kr 137 907 (2024-25) |
Linje | Sum |
Norwegian Language, Fjords, Food and Culture | kr 136.800,- |
Vektar, Sikkerhet og Trening | kr 141.000,- |
Esport, Gaming, and Social! | kr 130.500 |
Adrenalin – Idrett og Action – Marokko | kr 145.000,- |
Balanse– Helse, Yoga og Utvikling – Vietnam | kr 150.000,- |
Fjord, Fjell og Friskliv | kr 130.000 |
Film og TV – Hollywood | kr 148.000 |
Instarail – Foto, Natur og Opplevelser – Europa | kr 145.000 |
Enkeltrom årstillegg | kr 11.000 |
Spesialkosthald, gluten, laktose o.l årstillegg | kr 9.000 |
Depositum nøkkel/utvask (retur årsslutt) | kr 600 |
- Når du har søkt om skuleplass, vil me sende deg eit tilbod om skuleplass, med svarfrist. Når du har takka ja, sender me deg ein faktura på kr 2500,- (felles for alle folkehøgskular) i administrasjonsgebyr. Når den er betalt så er skuleplassen din, og du kan då glede deg til hausten, og søke Lånekassen om studielån og stipend.
- Nokre linjer har studieturane inkludert i prisen, andre har ikkje det. Då står prisen på den enkelte linje-sida.
Pris, lån, og stipend.
Folkehøgskule vert finansiert med statlege bidrag og elevbetaling. Det meste av elevbetalinga vert dekka av Lånekassen.
Linja du vel er det som påverkar prisen mest. I tillegg vil prisen variera etter om du vel studietur, enkeltrom eller nokre valfag som har ekstra-utgift. Det er også viktig å tenke på eventuelle lommepengar, og reiseutgifter til og frå skulen.
Du kan få støtte frå Lånekassen til året ditt på folkehøgskule, les meir om det under.
I tillegg får du to tilleggspoeng for fullført folkehøgskuleår.
Slik fungerar betaling:
Du får utbetalt stipend og studielån når du møter på skulen. Kvar månad (august til mai) får du faktura. Fakturaene er større i august og januar fordi stipend og studielån er større i første månadane i kvart semester. Du betalar inn kvar månad, og det dekker det aller meste. Total-summen er den samme.
Inkludert i prisen er:
- Undervising
- Mat og rom på skulen (romtype: dobbeltrom)
- Bad og toalett på alle rom
- 4 måltid kvar dag
- Fellestur: Øyhopping i vikingøyene!
- Fellestur: Vinterveka på Hovden
- Fellestur: Opplevingstur i øyriket med Veteranskipet MS Sunnhordland, med utfluktar til Bondhusvatnet, Baroniet i Rosendal, Bekkjarvik, Espevær, bading i fjorden og mykje meir
- Fellestur: Preikestolen
- Skulegenser
- Årbok
- Internett
- Vaskerom
![Studielån, pris og betaling - Stord Folkehøgskule Film og TV Stord Folkehøgskule](https://stordfhs.no/wp-content/uploads/2023/01/0B6A8874-683x1024.jpg)