Lærarar, sosialpedagog, kokkar, reinhald og stab ved nye Stord folkehøgskule

Film-sett Stord folkehøgskule
  • Stillingsutlysing Stord folkehøgskule 23.12.2020 – 30.01.2021

Året på folkehøgskule er eit av dei finaste åra i livet. Eit magisk vendepunkt, der elevar frå heile landet samlast for å fordjupe seg i sine interesser – med andre som deler dei same interessene. For å få eit miljøskifte, finne livsgleda mellom forventingar og prestasjonar . Utforske, utfordre og oppdage seg sjølv og orientere seg i livet.

Er du omsorgspersonen, den samfunnsengasjerte, tøffingen, den kreative, den elleville, den morsomme, innovatøren, data-nerden, den med den godelatteren og smilet, den som gir av seg sjølv, og den som utfordrer. Me ser etter deg som overrasker elevane, tar gode innspel, og kjem med eigne. Som gliser av å bli utfordra, og som starter allsongen. Du kan no søke ei av stillingane ved Stord folkehøgskule!

Å jobbe på folkehøgskule er på mange måter ein livsstil. Du spiser, underviser, speler, ler, reiser og lærer med elevane. Til tider vil det vere tungt og omfattende, men samstundes er det givande og gledeleg. Dette er noko elevane ved norske folkehøgskular gir ei tydeleg tilbakemelding om.

Stord folkehøgskule har som aller høgste mål å gje elevane eit fint, lærerikt og innhaldsrikt skuleår.

Stord folkehøgskule i Sunnhordland, Vestland fylke, starter opp sitt første kull hausten 2021. Skulen er eigd av industrien i Sunnhordland, Fellesforbundet og Stord kommune. Skulen skal ha 6-8 ulike linjer, og inntil 125 elever. Elevane sitt skuleår vil utgjere 33 veker med oppstart i andre halvdel av august 21. Skulen vil ved fullt elevtal ha ca 25 tilsette.

No søker me etter personalet som i fellesskap skal gje elevane eit innhaldsrikt og utfordrande skuleår.

Skulen er i ein spennande oppstartsfase – kor alle idear og behov skal formast. Alt som kjenneteiknar ein god folkehøgskule skal no etablerast i løpet av våren 2021. Vår visjon er å formidle sosialt samvær, skaperkraft og bærekraft.

Erfaring frå folkehøgskule er ein fordel, men ikkje eit krav.

Lærarar

Me treng lærarar til følgjande linjer:

  • Fjord, fjell og friskliv
  • Film- og TV-skapar
  • Politi- og vektar
  • Entreprenør og idémakar
  • Motocross
  • Multisport Explore
  • E-sport, gaming og sosialt

Lærarane vert med å utvikla linjene dei skal undervise i. Like viktig som fagleg kompetanse knytt til den einskilde linje, er forståing for skuleslaget og eit brennande engasjement for ungdom i utvikling. I tillegg har du kanskje ein hobby og to, eller andre interesser som kan gjerast om til valfag for elevane.

Me ønsker at du har følgjande kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk utdanning
  • Relevant utdanning og kompetanse innanfor linjen(e) du søker jobb
  • Evne og interesse for å undervise i ulike (eigenkomponerte) valfag

Internatleiar (Sosialpedagog/ Sosiallærar)

Internatleiar er skulens husmor/far. Me søker etter ein trygg og fagleg sterk leiar med eit varmt og brennande hjarte for unge menneske. Du har sosialpedagogisk kompetanse og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid. Internatleiar har ansvar for skulen sitt sosialpedagogiske team. Du kan arbeide strukturert med alt det praktiske knytt til kjøkken, fellesrom og internat.

Du har ansvar for elevstipendiatane.

Me ønsker at du har følgjande kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan undervising, born/ungdom, helsefag eller liknande
  • Leiarerfaring og/eller utdanning
  • Gjerne erfaring med folkehøgskule

Kokkar/kjøkkenassistent

Me skal tilsetta inntil fire kokkar/kjøkkenassistentar. Kjøkkenet vil ha ansvar for å servere fire måltid dagleg. Måltid, kjøkken og kjøkkenteneste er ein integrert del av folkehøgskulekvardagen, og er avgjerande for elevane sin tilfredshet og glede. Me ønsker tilsette som ser og verdsetter tid med elevane, og vil bli ein likeverdig del av personalet. Som kokk hjå oss vil du få utfolde og utfordre deg i matvegen.

Me ønsker at du har følgjande kvalifikasjoner:

  • Fagbrev som kokk/erfaring som kjøkkenassistent
  • Erfaring frå innkjøp og drift av storkjøkken er ein fordel

Reinhaldar

Reinhald er viktig for god trivsel ved skulen. Me ser etter ein dyktig og omgjengeleg medarbeidar som har auge for oppgåvene som trengs å utførast. Som ein likeverdig del av personalet ved folkehøgskulen er det viktig at du ønsker å snakke med og omgås elevar.

Du vil ha ansvar for å utøve dagleg reinhald ved skulen og i samarbeid med internatleiar koordinere elevane sitt reinhald. Arbeidsdagane vil vera varierte og med fleksibilitet i forhold til oppgåver ein gjer.

Me ønsker at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan reinhald, eller relevant erfaring som kompenserer.
  • Personleg eigna og gode samarbeidsevner

Felles for stillingane

Alle tilsette er med og tar del i dei sosialpedagogiske elementa som ligg i folkehøgskulen. Du vil få anledning til å utfolde deg og tilføre skulemiljøet dine beste sider.

  • Du er raus og varm; tydeleg og tilgjengeleg
  • Du har genuin interesse for ungdom
  • Du har gode kommunikative evner
  • Du kan identifisera deg med Stord folkehøgskule sine frilynte verdiar

Noko reising og fleksibel arbeidstid er ein del av kvardagen. Personlege eigenskaper vektleggast i alle stillinger. Det krevst vandelsattest for alle stillinger.

Me tilbyr

  • Eit unikt høve til å forme ein ny skule
  • Utfordrande, varierte og spennande arbeidsdagar.
  • Eit dynamisk og godt arbeidsmiljø
  • Ein transparent skule, med god tilknyting til samfunn og næringsliv.
  • Løn og arbeidsvilkår iht gjeldande avtaleverk.

Søknad og CV skal sendast til post@stordfhs.no

Søknadsfrist 31.01.2020

Aktuelle søkere kallast inn til intervju.
Det må presiserast i søknaden kva stilling(ar) det søkast på.

Har du spørsmål om Stord folkehøgskule, ta gjerne kontakt med Geir Angeltveit Geir(a)Stordfhs.no eller 40401753

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter