Søk skuleplass
Me bruker heile året på å dyrke musikkinteressa di, saman med motiverte venner!
Du får skrive musikk, spele i band, skape magiske konsertar, bli betre på hovudinstrument, og sjølvsagt gå på konsertar!
Anten me held til på bandrommet og spelar ilag, eller sitt for oss sjølv og skriv songar.
Dette året handlar om musikk, utvikling og skaparglede.
I ulike band-prosjekt jobbar med ulike sjangrar og konsertproduksjon. Utanom å skrive musikk, skal me også spele den inn i studio og gi ut EP til våren!
I tillegg til å gå på ein av dei nyaste folkehøgskulane i Noreg, skal me på inspirasjonstur til London å oppleve kultur, musikk og konsertar.
I løpet av året får du:
- Hovudinstrumenttimar til å utvikle deg som musikar og/eller låtskrivar
- Bli vand med å stå på scena
- Lære korleis ein sett opp konsertar
- Oppleve prosessen frå låtskriving til studio og plateutgiving.
Liker du å skrive songar, får rettleiing i låtskriving og mange muligheter til å spele musikken din saman med resten av klassen.
Liker du å spele instrument, er denne linja perfekt for deg! Me skal utforske ulike sjangrar, konsertformer og du får være med på å gi liv til songane som du eller ein i klassen har skrive.
Alle får muligheten til å spele inn minst ei låt i studio. Kvart år har me eit mål om gi ut ein EP med musikk som har blitt skrive gjennom året her på Stord. Her får me prøvd oss som studiomusikarar og produsentar. På tre dagar gjennomføre me live-innspelingar i eit studio i nærleiken.
Fasilitetar!
På skulen har me eit fullt utstyrt bandrom, og muligheter for eigenøving. Trommesett, forsterkarar, piano og synthar står klar, men ta gjerne med eige om du har!
Etter året med oss kan du:
- Mykje meir om musikk, band og samspel (som gruppe)
- Meir om hovudinstrumentet ditt (individuelt)
- Korleis skrive musikk som gir utrykk for det du vil
- Samarbeide om store og små prosjekter
- Korleis spele inn og førebu ei studioinnspeling
- Nye sjangrar, og du har prøvd dei ut
- Sette opp konsertar
Me skal på inspirasjonstur til London. På turen skal me oppleve mykje av det storbyen har å tilby som er både sosialt og faglig relevant for oss.
Me skal blant anna på:
- Musikal
- Jazzklubb eller ein aktuell stor konsert
- Besøke eit musikkstudio
- Få omvisning på eit musikkinstitutt
Når det kjem aktuelle konsertar til Noreg i løpet av året, er dette noko me arrangerer fortløpande!
Få masterclass i:
- Konsertoppsett
- Livet som frilans-artist i Norge og utlandet
- Sjangerspesialistar (ein pop-artist, rocke-gitarist)
Me skal på minst ein turné i løpet av året. Her er det planlagt å spele i Bergen- Stord – Haugesund – Bømlo – Stavanger.
Våre turar er unike opplevingar som ofta er vanskeleg å gjennomføra på eigahand, som fjordcruise med veteranskip i nydelege Hardangerfjorden. Du vil reisa på ulike turar nært og fjernt. Nokre turar er knytt opp til dei enkelte linjene, mens andre er felles for skulen.
Vintereventyr
Når vinteren slår til reiser me inn til Hovden for dager med ski og alpint. Her er det mogeleg for flate turer, slalom, slakke turer, aking, toppturer, bratte turer eller veldig bratte turer. Noko for alle nivå!
Denne linja er for deg som kan litt frå før. Det er lagt opp til ein del eigenarbeid, det er difor ein fordel at du klarer å jobbe sjølvstendig.
- Elsker musikk, og å skape/skrive musikk
- Likar å være sosial
- Ynskjer ein variert kvardag med ulike konsertar
- Har spelt instrumentet ditt i nokre år (grunnleggande kunnskap)
- Er utadvent, sosial og positiv
- Liker å være kreativ, og samarbeide med andre
Har du eit lyd-, eller videoklipp kor du speler noko du liker, send det gjerne. Er det video med fleire personar, skriv gjenre kven du er – og om du har skrive songen sjølv.
Send Youtube/Dropbox/lydklipp/weTransfer-lenker til severin@stordfhs.no – så sjåast me til eit spennande og lærerikt år!
- Er dedikert og motivert
- Interessert i å lære om musikk
- Har eit ynskje om å spele for eit publikum.
- Er positiv og imøtekommande
- Møter opp på øvingar (også utanfor skuletid)
- Tar med instrument og alt du treng til eigenøving (evt. forsterkar, kablar, liten høgtalar, pc/mac/nettbrett).
Har du spesielle behov for tilrettelegging? Ta kontakt med oss for å finne ut om vi har moglegheit til å tilrettelegge året etter dine forventningar og behov.
Men viktigast av alt: Kom som du er. Me har eit mål om å skape eit flott år saman med ulike mennesker under same tak.
I tillegg til skulen si generelle pakkeliste for eit år på folkehøgksule, er det veldig fint om du tek med alt du treng for å kunne spele og skrive:
- Instrument (evt tilbehør: kablar, pedalbrett, trommestikker, mikrofon)
- Mac/PC/Nettbrett (til eigenøving, låtskriving, akkordskjema/tekst)
- Øyreproppar (veldig lurt!)
- Forsterkar (om du har/ynskjer å ha ein på rommet)
Det er ikkje musikkbutikk på Stord, så det er anbefalt å ha med ekstra tilbehør som strenger, plekter, reimer og trommestikker.
Me vil kontakte deg i forkant av skuleåret kor du vil bli spurt om kva utstyr du tenker å ha med deg.
Bandrom!
Me har fullt utstyrt bandrom til øving i og utanfor skuletid
«Vikjo» er også fullt fungerande som bandrom
– Vokal-mikrofon, trommer, bass, gitar, amp og piano/synth
Øvingsrom!
Det vert i desse tider jobba med å få klart øvingshotell til egenøving.
På egenøvingsrommet må de stille med instrument sjølv.
Studio!
Det er lydstudio på skulen og profesjonelle studio nær ved, kor me kan få spelt inn musikken. Og komplett filmstudio kor me kan laga filmvideoar saman med Film og TV linja
Severin Vik
LÆRAR
Severin er vår fremste regent innan musikken. Utdanna musikkpedagog med master i kreative læreprosessar, og han har spelt event-jobbar sidan han var 15.
Severin har brei erfaring innan LIve-musikar, Musikkproduksjon, musical directing, jobba som studiomusiker, komponist og transkriptør, og har spelt mykje show-konsertar opp og ned langs kysten.
Laga videopodkasten «På Øvingsrommet» om øving og motivasjon for musikarar.
Gitarist, pianist, sangar og showmann. Musikaren Severin steller i stand liv og røre der han er. Han har alltid ein passande låt på lur og viser gjerne rundt med instrumenta, eller leier ann i kor og allsong. Gjennom skuleåret vil du få bli godt kjent med Severin og ha glede av å høyra han spela, og å synga og spela med han.
Epost: Severin@Stordfhs.no
Telefon: 46 89 60 22