Hjarteleg velkommen!

Etterkvart som me nærmar oss skulestart 2024 vil det koma meir informasjon her.

Informasjon frå skulestart 2023: Søndag 20. august er første skuledag på Stord folkehøgskule for skuleåret 2023-2024! Du er velkommen til å sjekka inn mellom kl.10:00- 15:30.

Me ønskjer elevar med familie og føresette hjarteleg velkommen til skulen. Me gledar oss til å ta imot deg, gi deg nøkkel og visa deg rommet ditt.

Etter at du har fått plassert ting på rommet og kanskje fått helst på din nye roomie, er de velkommen til å ete frå buffeten i matsalen vår.   

Program for dagen

10:00 – 15.30
Innsjekk i resepsjonen

11.30 – 14.30
Lunsj i matsalen

Forsyn dykk av buffeten som dei dyktige kjøkkenmedarbeidarane våre har sett fram!

16.00 – 17.00
Kort informasjonssamling for føresette i «Vikjo»

Du som elev møter med linja di og linjelærar medan føresette er på samling.

18.00 – 19.00
Fellessamling for alle elevane i «Vikjo» Her får de ein del informasjon om skulen, de får møta alle lærarane og de får sjølvsagt og høve til å stilla spørsmål.

20.00 – 20.30
Kveldsmat i matsalen

20.30à

Aktivitetar på skulen i regi av dei kjekke stippane våre😊 Les gjerne presentasjonen dei har lagt ut i facebookgruppa 😊

Parkering

Me anbefalar at de nyttar korttidsparkeringa like utanfor til avlossing av bagasje, og at de parkerar på Amfisenteret som ligg like ved skulen etterpå.

Råskap sport og spenning idrett friluftsliv trening
69 / 100